Ingvard Hornnes i Bekkerhuset på Haugland i høve RKNUWC sitt 20-års-jubileum i 2015. Vis bildetekst
Ingvard Hornnes i Bekkerhuset på Haugland i høve RKNUWC sitt 20-års-jubileum i 2015.

Røde Kors-Ingvard til minne

I takksemd minnest vi Ingvard Hornnes for sin enorme innsats for å bygge Førde Røde Kors, Sogn og Fjordane Røde Kors, ambulansetenesta i fylket og etableringa av vår aktivitet på Haugland.

Ingvard Hornnes kom inn i Røde Kors si teneste alt i konfirmasjonsalderen. I alle år etterpå, heilt fram til det siste, var han oppteken av kva som gjekk føre seg i Røde Kors, anten det var lokalt i Førde, på distriktsnivå i Sogn og Fjordane, nasjonalt i ‘Norges’, og ikkje minst på Haugland i Flekke.

Ingvard sitt første møte i Røde Kors var 24. november i 1941, då han som 14-åring var tilstades på stiftingsmøtet til Førde Røde Kors Hjelpekorps. Han fekk delta på kurs fram til han i 1944, som 17-åring, vart aktivt medlem i hjelpekorpset.

Byrja som førstehjelpar

Det er sagt at førstehjelpsinteressa kom av målet hans om å bli lege. Krigsåra førte til at skulegongen vart forstyrra og at den utdanninga måtte leggast bort, til fordel for frisørlæra. Kanskje bidrog dette til at interessa Ingvard hadde for førstehjelp og hjelpekorpset vart enda sterkare i tida etterpå?

Det går mange historiar om hjelpekorpsa sin innsats i åra etter krigen og fram til i dag. Tilsvarande om deira engasjement i oppbygginga av ambulansetenesta rundt om i Sogn og Fjordane. Dei rådde ikkje over hjelpemiddel som vi i dag ser sjølvsagte. Likevel stod dei på som frivillige for å finne sakna og redde liv, og transportere dei til doktar eller sjukehus. Ingvard Hornnes var ein sterkt engasjert frivillig på denne tida. Etter å ha jobba som frisør på dagtid i salongen han og kona dreiv i Førde, køyrde han ambulanse på kvelds- og nattestid, og i helgene. Og han var med i søk og aksjonar.

Ingvard har sagt at han fekk stor inspirasjon av andre frivillige i hjelpekorpset, men spesielt av dei som var leiarar i Røde Kors i Førde i tida etter at han kom inn i rørsla. Dette var ressursterke og idealistiske personar med ambisjonar på vegne av Røde Kors. Dei sette seg mål og arbeidde planmessig for å nå dei. Også då var Førde Røde Kors ei aktiv foreining med mange medlemmer.

Røde Kors-bygget

Ingvard gjekk gradene, engasjerte seg på fleire område lokalt i Førde, fekk meir tillit og tillitsverv. Verva førte til at han fekk kontakt med leiarar i hjelpekorps i andre delar av Sogn og Fjordane. Han har òg framheva dei som inspirasjonskjelde for å stå på i det omfanget han etter kvart gjorde. Hjelpekorpsa stod sterkt i fleire delar av fylket på den tida, mange etter å ha starta under krigen.

Ingvard vart òg leiar av lokalstyret i Førde Røde Kors, og var det i mange år. Han tok mange og djerve initiativ i den rolla, og var mellom anna sentral i arbeidet som førte fram til at Røde Kors-bygget vart reist i Førde i 1977.

Ingvard Hornnes var leiar av Førde Røde Kors då han i 1977 vart tilsett i Sogn og Fjordane Røde Kors. Då han pensjonerte seg etter 17 år, gjekk han nok ein gong på som vald leiar av Førde Røde Kors.

Første heiltids fylkes-sekretær

Første august 1977 starta Ingvard Hornnes som den første heiltids tilsette distriktssekretæren i Sogn og Fjordane Røde Kors. Dette var ei særs aktiv og utfordrande tid for Røde Kors i fylket. Besøks-tenesta og hjelpekorpsa stod sterkt, og ny aktivitet kom til. Men både fysisk og teknologisk kommunikasjon var annleis enn i dag. Gulstripa midt i asfaltert veg var sjeldan syn på den tida, og fasttelefonen rådde enno grunnen.

Distriktssekretær Ingvard Hornnes reiste rundt i fylket sommars- og vinterstid, for møter på kvelds- og dagtid for å bygge og utvikle Røde Kors-organisasjonen i små og store bygdesamfunn. For å få det til måtte han møte og snakke med folk, gje dei inspirasjon, lære dei opp og trygge dei i korleis dei skulle opptre i ulike samanhengar. Dette var i seg sjølv ei omfattande og utfordrande oppgåve.

I tillegg fekk Ingvard ein del store enkeltsaker i fanget då han starta som tilsett distriktssekretær. Ambulansetenesta var ei av desse. Ambulansane starta som lokale initiativ etter krigen, og var drivne av frivillige. Aktiviteten vart etter kvart profesjonalisert og samordna på distriktsnivå, men det var store utfordringar i forhandlingane med det offentlege om kva som skulle leverast. Ingvard var sentral i desse avklaringane og ved etableringa av Sogn og Fjordane Røde Kors Ambulanseteneste AS.

Arva etter Bekker

Få dagar etter at Ingvard Hornnes starta som distriktssekretær vart han invitert til å møte 100-åringen Christian Bekker på sjukeheimen i Fjaler. Bekker hadde då nett underteikna testamentet der han donerte eigedomen Haugland i Flekke til Sogn og Fjordane Røde Kors.

I januar 1980 døyr Christian Bekker. I åra før han døydde hadde det vore dialog om kva som kunne etablerast på eigedomen etter han. Det var kjent i Røde Kors at Bekker i testamentet hadde bedt om at arva etter han vart brukt ‘til gavn for mer eller mindre hjelpesløse børn, og til oppmuntring, glede og inspirasjon for andre unge med trang og evne til senere selv å yde noget av verdi’. Og så la han seinare til at -‘er det ikke nødvendig at de er norske’. Arbeidet med klargjere eigedommen og legge til rette for utvikling av aktivitet på Haugland, kom såleis fort i gang.

I denne fasen var det mange som gjorde ein stor innsats, men som tilsett distriktssekretær vart Ingvard Hornnes naturleg nok involvert i det meste. Han var styrar av buet etter Bekker, men var òg engasjert i formelle posisjonar og prosessar i det omfattande og samansette arbeidet fram mot etableringa av det som i dag er Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, og den internasjonale skulen i nabobygga til rehabiliteringssenteret, Røde Kors Nordisk United World College.

Det er ikkje rom for å gå i detaljar om dei mange utfordringane Ingvard stod i som sentral drivkraft i arbeidet med å få etablert desse institusjonane. Men det var til tider særs tøffe tak.

Humanitære initiativ

Ingvard miste likevel ikkje synet av dei som trengte det mest i denne tida. Før lokalitetane var klare på Haugland tok han initiativ til og var sjølv med og gjennomførte Røde Kors sine sommarleirar for funksjonshemma. Han var òg med på fleire turar med eldre og funksjonhemma med Røde Kors-bussen til land i Europa.

I åra etter at Ingvard gjekk av som distriktssekretær har han halde kontakten med fleire av dei som var tillitsvalde og tilsette på distriktskontoret i hans tid. Fleire av dei seier at oppdatering om status for Røde Kors lokalt og på Haugland var eit tema som alltid kom i løpet av samtalen. Ingvard var opptatt av mykje, men Haugland stod hans hjarte nært og var nok blant det han var mest opptatt av.

Dette er til å forstå. Ingvard la ned ein eineståande innsats som både tillistvald og tilsett i Røde Kors, men det kosta. I åra han var distriktssekretær hadde Ingvard heile fem hjarteinfarkt. Det er sagt at mykje av helsa hans ligg att i torvene på Haugland og langs vegane i Sogn og Fjordane, på vegne av hjartebarnet hans, Røde Kors.

Ingvard var på Haugland i samband med 20-årsjubileet til Røde Kors Nordisk United World College i 2015. Han vart vist rundt i nye bygg både på skulen og på rehabiliteringssenteret, og fekk ein god prat med Dronning Sonja om det ein hadde fått til der ute.

Etterpå oppsummerte han med at han var nøgd med det han hadde sett. Han meinte det måtte samsvare godt med det Bekker la til grunn i testamentet sitt. Då vart han spurt om han sjølv kunne ta litt av æra for at det vart slik. Med eit smil måtte han innrømme at jau, han hadde bidrege litt sjølv. Men det tok ikkje lange tida før han la til at vi som hadde ansvar no ikkje måtte vere nøgde med det som er, men stå på for å utvikle det vidare. Her viste den alltid interesserte, engasjert og framsynte Ingvard seg, nok ein gong.

Ingvard Hornnes vart tildelt Norges Røde Kors Hjelpekorps fortenestemedalje alt i 1972. Seinare vart han tildelt både Norges Røde Kors Fortenestemedalje og Norges Røde Kors Heidersteikn. Ingvard vart òg heidra med æresmedlemskap i Røde Kors. Det er ikkje vanleg at tilsette i Røde Kors får slik heider.

Ingvard Hornes døydde 21. juni i år, 92 år gamal. Vi minnes han i takksemd.

for Sogn og Fjordane Røde Kors, Dag Hovland