Galdhøpiggen

Saman til topps

Etter eit par fjellturar i lag, synte det seg at det vi først trudde om kvarandre, var utilstrekkeleg.

Prolog:
Generalprøven reiser seg framfor oss. Hatlesetnipa med sine 538 «ynkelege» høgdemeter er den siste testen før turfølget skal delta på integreringsarrangementet Tiltopps. Då er målet Galdhøpiggen med sine 2469 meter.

— No må vi telle alle før vi går, ropar Siri Laquian Stavang frå Flora frivilligsentral. Alle som blir med opp i fjellet, skal vere med heim att.

Siri tel Perntip og Sutida som vaskar i Florø, Saddam Alfadel som er med eit redaksjonsråd til Firdaposten,   Kenneth Kalsvik, som jobbar for oljeindusitrien på basen i Florø, Abdo «selfieman» Jokeh, som har ein million selfiar på Facebook, Marit Gjerstad, medlem Røde Kors landsråd omsorg, brødrene Dean som bidreg over alt der lokalsamfunnet har aktivitetar for flyktningar og polakken Monika Wachowska, som er kokk på ei kantine i Florø. Nærare 40 i alt.  

Det vesle fellesskapet buktar seg oppover skogsveg, stiar, myr og berg. Gjennom gamal furuskog, blomstrande blåbærlyng, opp i tynn bjørkeskog. Mot vest opnar utsikta seg mot det store blå. Den friske lufta opnar sansane. Tungebanda sit lausare.

— Du skjønar det, han presidenten vår. Det er eit problem, seier Saddam Alfadel frå Sudan.
— Kva tenkjer du på, spør eg, medan lunka myrvatn surklar mellom tærne.
— Omar al-Bashir. Du veit at han er ettersøkt av den Internasjonale straffedomstolen i Haag for massedrap i Darfur?
— Jau, eg har høyrt om det. Han er vel ikkje vald på farsvarleg vis, han Bashir. Kan du sei det du vil i Sudan?
— På ingen måte. 

Litt lenger oppe kjem eg i prat med ein ung irakar og afghanar. Dei lurer på om det er mogeleg å selje bilder til aviser eller tv-stasjonar i Norge. Til dømes bilder dei har tatt frå reisa frå heimlandet og hit, om nokon vil betale for det?
— Ok kvalitet og ein viktig og truverdig historie kan vere interessant for mange, svarar eg.
— Kva kostar kameraet ditt? Spør Yas, som er frå Bagdad.
— Cirka ti tusen kroner. Kva då?

Han fortel at han jobba som tv-fotograf før han flykta, og syner bilder av seg sjølv med eit tv-kamera på skuldra. Han kunne tenke seg å ta jobbe med det same her.
— Kva med media og kommunikasjon på Hafstad vidaregåande?
—Nei, eg må gå på skule i Flora, seier han, via afghanaren, som tolkar heile samtala.

Hatlesetnipa i Flora

Følget når toppen. Vindjakkene kjem på. Saddam passar på å skrive seg i turboka. Turleiar Siri dreg opp ein halvmeter mjølkesjokolade og deler ut. Doktor Fadi Alhaddad frå Syria supplerer rundhanda med Ballerinakjeks. 

— Vi går ikkje på fjelltur i Thailand, seier Sutida Butnak. Vi har berre strand der. Eg likar godt å gå i fjellet, det er fin utsikt, eg får trent og det er kjekt – og det er viktig for å bli kjent med folk, seier Sutida, som jobbar i reinhaldsbransjen.

Kapittel 1. Juvasshytta
Buss etter buss rullar inn på parkeringa framfor Juvasshytta ein larudagsmorgon klokka 0800. Ut sig det folk frå eit ukjent tal nasjonar, busett rundt i Norge. Grove tursko, fjellbukse, gamasjar, fleece/ull og vindjakke, tursekk, vel. Denne rekordvakre dagen er t-skjorte og solbriller like populært. Men kvar er Galdhøpiggen? Er det råd å gå på do? Kvar er lagleiar?

Kanskje 600 personar skal krysse Styggebreen og gå i taulag mot Galdhøpiggen denne dagen. Alle skal gå med ein lagleiar og alle skal registrerast ut i fjellet og inn att gjennom Røde Kors si sluse. Henriette Solheim frå distriktskontoret til Røde Kors i Sogn og Fjordane hastar rundt med lister frå Sogndal, Florø, Førde, Stryn, Fjaler. Ho føl opp lagleiarane som ikkje finn laget sitt, eller laget som ikkje finn lagleiar i folkevrimmelen. Henriette koordinerer alle 150 frå Sogn og Fjordane som har mål om å komme seg til topps denne dagen.  

Kapittel 2. Gutta på tur
No er det lagleiar Kenneth Kalsvik samlar sin vesle gjeng, med representantar frå Syria, Irak og Russland. Kenneth er ein hardtarbeidande slamsugar i sin beste gråstenkte alder. Saman med fem karar i tjueåra skal han forsere 5,5 kilometer stein, ur, røys og snø, juble på toppen og komme seg ned att på seks timar. Og få med alle på laget.
— Vi er dei nådelause, presiserer han, medan alle får på seg brystselar med karabinkrok. Rundt han ropast det «Yalla, kom an! Yalla, kom an!» Ei lang, lang rekke rører seg mot den fjerne piggen. For i dag, sjølve symbolet på integreringsvilje og - evne. 

Gutta på tur

Etter ein halvtimes gange kan vi sjå breen. Snart skal vi knyte oss inn i taulag. Det er behov for væsketilførsel, teknisk pause.
— Doping? Spør Kenneth, og modererer seg til «Vitaminar?» og deler raust ut frå ein sekk med gummisnop.
— De tar rotta på meg, stønnar han og tørkar vekk resultatet av høgt tempo på Norges tak.

Etter at alle har fått tatt selfie og ulike variantar av gruppebilder med Galdhøpiggen i bakgrunnen og klatretau over nakken, held marsjen fram. Ein av karane heng ein høgtalar utanpå sekken og pumpar ut hyperaktiv elektronisk dansemusikk.
— Motivation for the guys, gliser han.

Kapittel 3 Brefallet
— Hallo, no må åkk alle følgja med her! Ropar ein av breførarane, som skal sikre femti personar i eit klatretau og lede dei over Styggebreen. Ingen kan sjå breen, men under snøen sig isen slik at det vert danna sprekker. Desse er usynlege til langt utpå sommaren.

— Alle finn ein åttetalsknute på tauet, hektar den på karabinkroken og festar. Passeleg avstand fram til neste, er slik at tauet akkurat heng over bakken, seier breføraren.

Veronica Hilde, Hjelpekorps

Veronica Hilde frå Vikane Røde Kors Hjelpekorps har ein førstehjelpspost akkurat der. Så langt har ingen meldt inn noko skader.
— I dag er det solkrem og solbriller som gjeld. Folk utan solbriller bør ikkje gå vidare, då det er fare for å bli snøblind i dag, seier ho.

Taulaga beveger seg sakte oppover. Nokon har si fulle hyre med å gå og halde tritt. Andre prøver på ulike måtar å gå framlengs, sidelengs eller baklengs for å ta selfiar med både taulag og topp i bildet.
— Ikkje gå så fort, ropar ein.
— Vi står jo stille, ropar ein anna.
— Slutt å fotografere, tordnar ein tredje.

Kapittel 4 Toppen
Etter Styggebreen er det sjølve piggen som skal forserast. Løypa består stort sett av bratt stein eller berg av gabbro, og til slutt snø. Midt i løypa treffer vi gamle kjente, Sunnfjords kanskje mest aktive syrarar, brødrene Dean som bur på Vassenden. Tidlegare har vi møtt dei med Internasjonalt kor i Oslo, Adam har vi møtt på Hjelpekorpskurs på Nesholmen. Dei har knekt koden, fortel folk rundt dei, og referer til integreringskoden.
— Eg skal lage film frå turen, seier Milad. Både han og Adam ber på kamera og stativ og dokumenterer kva som skjer.

Dei siste meterane mot toppen er ei bratt snøfonn. Med ilter sol og litt for varme klede, blir stega tunge for mange. Men armane går fort i lufta på toppen. Som for Fadi Alhaddad.

— No er eg veldig glad, stønnar han, og får i seg sjokolade og drikke.
— Eg er veldig godt fornøgd med at vi har fått opp 30 frå Florø i dag, seier Siri, som går rundt og passar på at alle har det bra. Kenneth dreg igjen fram solfaktor 50 og insisterar på at alle rundt seg smører eit tjukt lag før nedstigninga byrjar.

På toppen står også Generalsekretær Åsne Havnelid og ønskjer velkomen. Ho signerer ein ny samarbeidsavtale om Tiltopps, som har tiårsjubileum i 2016.

Her midt i Jotunheimen, frå toppen av Kjølen, ser vi Glittertind, Hurrungane og Store Skagastølstind, ja vi ser heilt til Snøhetta i nord. På det vesle platået ruslar eit hundretals smilande og gestikulerande personar i steikande sol og vindstille. Mobilkamera er oppe over alt. Anten det er panoramabilder av Jotunheimen, gruppebilder med flagg frå Turkmenistan eller  selfies; Dette må vere tidenes mest fotograferte og delte Galdhøpiggentur.

Etterord 
Det er reinsande å gå tur. Ikkje berre frisk luft, blodsirkulasjon og utsyn. I denne turgruppa set ein anna reinsande faktor inn. Fordomar vert både trimma og vaska vekk. På tur må ein jo forhalde seg til dei ein går med, mot felles mål. Lytte til dei eller tømme sitt eige hjarte. Fram og tilbake, anten det handlar om gummisnop eller folkemord.

Når ein går saman med ukjende, lærer dei å kjenne som del av eit turfellesskap, blir ofte ikkje forskjellane så uhandgripelege. Når vi lærer om kvarandre, bryt vi ned fordomar, og vi kan fungere betre saman. Det gjeld både for nye naboar og det gjeld oss sjølv. Difor erfarer dei som tek turen til topps, at integrering er eit tovegsprosjekt.