Kvar veke inviterer Aurland Røde Kors til Internasjonal møteplass med sosialt fellesskap, mat og aktivitetar. Marah Al Dandashi tykkjer dette er ein god måte å bli kjent med nordmenn på.   Vis bildetekst
Kvar veke inviterer Aurland Røde Kors til Internasjonal møteplass med sosialt fellesskap, mat og aktivitetar. Marah Al Dandashi tykkjer dette er ein god måte å bli kjent med nordmenn på.

Betydinga av ein invitasjon

Då Marah Al Dandashi og familien kom til Aurland som flyktningar frå Syria, vart dei overvelda av spørsmål og usikkerheit om sitt nye liv. Invitasjonar frå naboar og Røde Kors fekk livet i gong att.

Dei hadde alt budd i ein flyktningleir i Libanon i fem år, då dei fekk eit brev frå FN. Familien fekk tilbod om å bli vurdert til få ein ny heim i eit anna land. Etter fleire rundar med intervju og helseundersøkingar, sat dei på eit fly med alt dei eigde i bagasjen. Det var blitt november 2016. Etter ei lang reise steig dei ut av bussen der norske styresmakter hadde bestemt at dei skulle bu. Mellom bratte fjell, inst i ein fjord, 1764 innbyggarar, Aurland.

Overraska

– Det var… Marah Al Dandashi må tenkje seg om. Korleis var det å stige ut i fjordlufta den novemberkvelden for to og eit halvt år sidan?

– Det var overraskande, smiler ho, og minnast ei smilande Turid, flyktningkonsulenten. Ho var velkomstkomite, bau på velkomsmåltid og låste opp døra til deira nye heim.

Det hadde vore umogeleg å sjå det føre seg, kva som kom til å møte dei. Dei første to vekene opplevde Marah at spørsmåla hagla konstant. Korleis skulle dei gjere denne staden til sin heim? Kva skulle dei leve av? Kva lover, reglar og system gjaldt? Kva med kulturen? Korleis skulle dei ta kontakt med dei norske?

– Det var vanskeleg. Du føler at du er trygg, men ikkje heilt. Det var så mykje vi ikkje visste og forstod, minnest ho.

Invitasjon skaper tryggleik

No, to og eit halvt år seinare, snakkar ho glimrande aurlandsk, og let seg intervjue på Røde Kors sin internasjonale møteplass i bygda. Ho har spesielt eitt minne frå den første tida.

20190502-1910-int_møteplass_Aurland-2
Fast på Internasjonal møteplass er det aurlendingane kallar korgfest, at deltakarane tek med eigen mat. I dag er det mellom anna horn, pannekaker, salat og vinbladrulettar i yoghurt. Det er Gerd Stave (t.v) som er flyktningguidekoordinator for Aurland Røde Kors, og har ansvaret for å organisere samlingane. Dei fleste deltakarane er syriske flyktningar, men innvandrarar som jobbar i turistnæringa deltek også.

Det var etter eit par veker. Ein av naboane banka på døra og inviterte heile familien på julefest. "Velkomen!", hadde dei sagt. Der vart det servert risgraut med mandel – som Marah sin bror fekk. Med sjokolade i premie.

Når folk kjem til deg og seier velkomen, inviterer deg til å bli kjent med dei, då byrjar du å bli tryggare. Du byrjar å bli klar til å leve, seier ho.

Samtidig byrja Aurland Røde Kors å sjå at dei nye som hadde kome til kommunen, hadde eit behov for å bli kjent med bygdefolk og integrere seg. Dei trengde å møte norsk kultur og omvendt, og dei trengde eit nettverk i bygda.

20190502-1839-int_møteplass_Aurland-2
Internasjonal møteplass er ein viktig døropnar. Her spør Gry Ohnstad om Marah Al Dandashi skal ha sommarjobb. – Eg kjenner ein på butikken som eg kan anbefale deg til. Send han ein søknad, så kan eg vere med og snakke for deg, seier Ohnstad. – Eg likar ideen, eg vil gjerne jobbe, seier Marah.

Møtte heile bygda

– Vi prøvde oss litt fram, og landa på å treffe dei på Røde Kors-huset. Første gongen vi inviterte til Internasjonal møteplass, møtte heile bygda opp. Det var eit sterkt møte, og flyktningane fekk introdusert seg sjølv. Alt då var dei opptatt av å syne si takksemd for å få komme hit, seier flyktningguidekoordinator i Aurland Røde Kors, Gerd Stave, då vi treff ho på ein av møtekveldane saman med Marah og andre deltakarar.

Eg vil bli frivilleg i Røde Kors!

Sidan denne første invitasjonen i 2017, har Røde Kors hatt ope hus ein gong i månaden. Dei lagar mat saman, driv handarbeid, dei dreg på turar saman. Først og fremst lærer dei kvarandre å kjenne.

– Når dei snakkar om Røde Kors-huset, verrt dei glade. Eg trur dei kjenner seg trygge her. Dei har fått seg nettverk, ja, vore heime hjå nokon. Eg har inntrykk av at dei syrarane som har komt til Aurland, klarar seg bra. Vi er stolt over dei, og føler at mange av dei vil vere her og bli aurlendingar. Det tykkjer eg er veldig kjekt, seier Stave.

20190502-1827-int_møteplass_Aurland
– Eg likar å komme hit og vere med forskjellige menneske. Av og til syr vi, seier Farquan (til høgre). Her spelar ho Yatzy med Jorill Raaen i Røde Kors.

Kjenner seg heime no

– Røde Kors her i Aurland jobbar veldig godt for at vi skal bli kjent med andre. Her lærer vi norsk og norsk kultur og vi får møtt folk, seier Marah.

Ho har sjølv blitt invitert med for å organisere tilbodet, og står på for at så mange som mogeleg skal delta. Etter snart tre år i bygda, kjennest det som heime.

– Eg trivst veldig, veldig godt, og kjenner nesten alle som bur i Aurland. Eg veit korleis været er, korleis eg kan kontakte nordmenn, klarar språket, forstår systemet og kulturen. Når du skjønar desse tinga, klarar du å vere som dei. Eg føler det som heimlandet mitt no, seier ho entusiastisk.