Jula er ei vanskeleg tid for mange. I år gjev Røde Kors i Sogn og Fjordane julegleder til nærmare 1500 born. Foto: Olav A. Saltbones/Røde Kors Vis bildetekst
Jula er ei vanskeleg tid for mange. I år gjev Røde Kors i Sogn og Fjordane julegleder til nærmare 1500 born. Foto: Olav A. Saltbones/Røde Kors

Julegleder med trist rekord

– Det er ei glede å kunne gje så mange barn ei ekstra juleglede, men det er trist at stadig fleire barn kjem i målgruppa for dette tilbodet, seier styreleiar Synøve Sande i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Dei siste ti åra har Røde Kors, med økonomisk støtte frå Gjensidigestiftelsen, gitt ei juleglede til born som veks opp i familiar med varig svak økonomi. Gleda er i form av ei gåve eller ei familieoppleving. Kvart år har det blitt meldt inn fleire barnefamiliar med behov enn året før. Det byrja på 203 barn i 2010. Hittil i år er det meldt inn 1469 barn frå stort sett heile fylket.

– Det er trist at behovet ser ut til å vekse kvart år. I byrjinga hadde nok veksten samanheng med at tilbodet vart meir og meir kjent, at vi vart flinkare til å organisere oss og samarbeide med offentlege tenester om å avdekke behova. No ser det ut til at det er aukte behov som driv veksten, seier Sande.

Statistikk syner auke

Ho får støtte i den nyaste statistikken frå Barne, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir) over det dei kallar barnefattigdom. Dei siste berekningane syner at tal barn i familiar med varig låg inntekt i fylket, har auka med 40 prosent frå 2013 til 2017. Dei 1689 barna det gjeld, utgjer åtte prosent av ungane i fylket.

Hjelp oss å hjelpe - bli medlem!

 

Familiar som slit

Familiane dette gjeld, har så låg inntekt at mange av dei knapt har nok til det heilt grunnleggande. Dei manglar gjerne ressursar til å delta i aktivitet og har ikkje ein levestandard som er vanleg i samfunnet rundt seg. Negative sosiale og helsemessige konsekvensar er veldokumenterte. Det går ut over framtidsutsiktene til barna det gjeld, i tillegg til alt det vi som fellesskap går glipp av grunna nokre sin vanskelege start.

Gåva, som har ein verdi på 400 kroner per barn, skal gå til dei som treng det mest. Lokalforeiningane får hjelp av med lokale tenestekontor, som Nav, barnevernet eller flyktningkontora til å kartlegge behova ute i kommunane. For ordens skuld kjenner ikkje Røde Kors identiteten til familiane det gjeld, berre alder og kjønn, for målretta gåvehandel.

Henta meir midlar

Dei siste dagane har det blitt meldt inn så mange nye behov, at dei budsjetterte midlane var brukt opp, trass i at det av erfaringa var lagt inn ei auke.

– Distriktsstyret var eintydige på møte i går. Vi sette av opp til 100.000 kroner ekstra av eigne midlar, for å sikre at vi når ut til alle det er meldt inn behov for, seier Sande.

Julegleder er ein av måtane Røde Kors bidreg til at desse ungane kan føle seg litt meir på linje med andre. Røde Kors arrangerer også Ferie for alle, for den same målgruppa.