rka18-1 vikane klatre klatrar_1600x637_IMG_0716

– Du kan meir enn du trur

Styrken og meistringskjensla kvar enkelt opplever i veggen, får dei med seg ut att i kvardagen. Og det er heilt gratis - med Vikane Røde Kors kvar søndag kveld.

Karin Kleppe i Vikane Røde Kors Hjelpekorps har tredd på seg ein klatresele. Ho står på golvet i Styrkhallen i Innvik og held eit godt tak i eit klatretau og ei tauklemme. Ho konsentrerer seg om den som er i den andre enden, ein ungdom ti meter oppe i ein klatrevegg.

– Det er dette vi gjer: Klatrar, sikrar kvarandre, pushar kvarandre.Du flyttar grenser, og kjem lenger enn du trudde var mogeleg. Det gjev ei veldig meistringskjensle når ein har framgang her, seier ho. 

Klatringa er gratis og ope for alle frå 15 år og oppover. Det er ein fritidsaktivitet for dei som ikkje likar så godt ballspel. Kvar søndag kveld stiller nokon frå Hjelpekorpset opp for å vere med å sikre. Av og til dreg dei til andre klatreveggar i regionen, og om sommaren hender det dei klatrar utandørs. Men like mykje som det handlar om klatring, handlar det om fellesskap. 

– Eg vart med fordi det var nokon vener som også byrja. Eg klarte meir og meir, det vart kjekkare og kjekkare. Så er det veldig sosialt. No kjenner eg så mange her, og det gjer meg trygg. Viss eg gjer ein feil, er det berre å gå opp igjen og prøve på nytt. Det er ingen som dømmer deg på nokon måte, og det er deilig, seier Magdalena Hilde, som byrja for eit par år sidan.    

rka18-1 vikane klatre fugleperspektiv_P1280058
Sikrar veggen: Magdalena Hilde, Steinar Frøholm Marthe Skåden Aarreberg sikrar klatrarar. Steffen Reme, Vegard Drageset, Elisabeth Andersson Hilde ser på

Då ho i fjor måtte gjennomføre ein stor ryggoperasjon, var det vanskeleg å halde seg i aktivitet. Men tanken på å klatringa og fellesskapet med venene, var noko som fekk ho til å jobbe hardt med å få seg ut av sjukesenga.  

– Klatringa gav meg ekstra motivasjon til å komme tilbake, seier ho.   

Denne søndagen er det 10-12 stykke som prøver seg på dei ulike klatretaka som er skrudd fast i veggen. Dei har forskjellige storleikar og er mala med ulike fargar, som kvar viser løyper med ulik vanskegrad. Sjølv etter eit par år med klatring, er det nye ting å få til.  

rka18-1 vikane klatre sikrar_IMG_0720
Marthe Skåden Aarreberg sikrar klatrar i veggen.

– Eg var veldig nøgd med meg sjølv første gong eg klarde overhenget. Då går veggen utover, så ein må bruke ein annan styrke for å halde seg inn til veggen. Då opplevde eg skikkeleg meistring, seier Hilde, som føler at sigrane i veggen også gjer ho tryggare andre stader, som på skulen.   

Karin Kleppe har sett

det hjå mange. Dei kjem inn og trur dei ikkje klarar, men så fer dei opp over veggen. Ein ser plutseleg at ein får til ting ein ikkje trudde var mogeleg.  

rka18-1 vikane klatre to_1000x1200_P1280078
Tonje Kleppe Skåden og Andreas Strand i overhenget.

– Dette er lærdom ein kan ha med seg frå klatreveggen og ut i livet. Du kan meir enn du eigentleg trur, det er berre å stå på og ikkje gje opp, seier Kleppe.  

Extrastiftelsenhar gitt 30.000 kroner til meir og betre utstyr, slik at dei har fått høve til å utvikle aktiviteten.Hjelpekorpset nyttar også klatringa som rekrutteringsarena – men det er ikkje obligatorisk. Fleirtalet av dei som er med å klatrar, har i vinter valt å bli med vidare, og deltok på kurset Kvalifisert førstehjelp.

treivegg
Marthe Skåden Aarreberg (t.v.) Steinar Frøholm (midten) Gøran Yri (nederst)