Gruppebilete av deltakarar på kurs i kvalifisert sjøredning i Askvoll.

Askvoll Hjelpekorps kvalifisert til sjøredning

16 hjelpekorpsarar har bestått kurs i kvalifisert sjøredning i Askvoll. Flesteparten av deltakarane var frå Askvoll Hjelpekorps, og dermed har kystbygda fått auka beredskapen betrakteleg.

Askvoll Røde Kors har på rekordtid stabla eit hjelpekorps på beina. Etter ei tragisk hending på sjøen i 2020 fekk innbyggarane i den vesle bygda forståing for kvifor det er viktig å ha eit operativt hjelpekorps i lokalsamfunnet. Mange meldte seg, har gjennomgått ei rekke kurs og i november 2021, vel eit år seinare, var eit hjelpekorps i Askvoll operativt med 17 godkjente hjelpekorpsarar. No er dei også kvalifisert til å gjere søk på sjøen. 

- Dette betyr mykje for Askvoll. Vi har ikkje hatt aktive korps mellom Florø og Hyllestad på ganske mange år. Å få eit korps her er gull verdt, seier Espen A. Rysjedal, som er fagleiar for sjøredning i Sogn og Fjordane og ansvarleg for kurset denne helga.

220515_LSN_KSJØ_små-21
Fagleiar for sjøredning i distriktet, Espen A. Rysjedal er nøgd med kursdeltakarane sin innsats.

Strand- og flomålsøk

Deltakarane har kledd seg i utstyr og blitt delt inn i søkelag. Dei har fått utdelt eit tenkt scenario og skal søke etter ein sakna person. Dei skal gjennomføre eit flomålssøk frå båt i samarbeid med eit strandsøkelag. God kommunikasjon med søkekjeden på land er viktig og det skal ikkje gå fort.

220515_LSN_KSJØ_2-1
Samarbeid og kommunikasjon er viktig ved søk.

Ei gruppe har fått i oppgåve å søke i Askvika. Båten putrar avgårde medan deltakarane speidar fokusert i kvar sin retning.

Britt Nilsen er ein av deltakarane på kurset. Ho vart ferdig utdanna hjelpekorpsar i mars og er glad for å lære meir om sjøredning. Ho tykkjer det er viktig å øve på sannsynlege scenario og er oppteken av den mentale forbredinga.

- Eg forbredar meg på kva eg kan finne om eg ser noko. Å sjå for seg korleis det kan verte på ekte er del av sjølve øvinga, seier Britt Nilsen.

220515_LSN_KSJØ_små-13
Britt Nilsen frå Askvoll Røde Kors speidar langs strandlinja.

Tidlegare på kurset har deltakarane fått prøvd seg i sjøen og dei har mellom anna fått øve på å snu ein velta båt og på det å komme seg opp på brygga aleine.

- Dei er ein motivert gjeng. Dei spør lite spørsmål, men dei spørsmåla dei spør er så gode at ein byrjar å tenke sjølv, og det er gjerne fordi dei har forstått det meste og lurer på meir avanserte ting, seier Espen A. Rysjedal.

220515_LSN_KSJØ_små-17
Tryggleiken for dei som søker er viktig. Her nyttar strandsøkelaget tau når dei søker på glatte svaberg.

Behov for båt og anna utstyr

Leiar for Askvoll Røde Kors, Vigdis Løberg er nøgd med å ha fått auka kompetansen til hjelpekorpset i Askvoll. Ho er imponert over kurshaldarane og deltakarane, men gjev også skryt til dei som har stått for rammene rundt.

- Vi i styret og i Omsorg var med å la til rette rammene rundt kurset, som til dømes leige av lokale, leige av hytter og å lage mat. Vi kan hjelpe dei, og så kan dei konsentrere seg om det faglege. Det har fungert veldig bra, seier Vigdis Løberg.

220515_LSN_KSJØ_små-2
Leiar i Askvoll Røde Kors, Vigdis Løberg er nøgd med det Espen A. Rysjedal og dei andre ansvarlege for kurset har fått til.

Hjelpekorpset i Askvoll er no klare for å bistå dersom det skulle vere trong for dei, men det er mykje utstyr som trengs når ein skal drive med leiteaksjonar. Korpset treng overlevingsdrakter og dei ynskjer seg båt og gjerne vannscooter for å få opp beredskapen.

- Vi treng enormt med pengar for å kunne kjøpe inn det som trengs. Vi har starta med førstehjelps-dukker, men det er mykje som går til Hjelpekorps som vi treng pengar til, fortel Vigdis.

220515_LSN_KSJØ-4
Hjelpekorpset i Askvoll har fått låne seg ein båt som dei kan øve med framover.

Samarbeid med redningshelikopteret

Vi er komne til finalen i kurshelga og seks av deltakarane har fått på seg overingsdrakt. Dei har meldt seg frivillig til å bli henta opp frå sjøen av redningshelikopteret og er spente. Helikopteret kan høyrast i det fjerne, men det kjem ikkje nærmare.

Ei slik øving er viktig for å få innblikk i korleis redningshelikopteret jobbar, samstundes som det kan vere nyttig å få kjenne på korleis det er å bli redda, slik at ein kan trygge den som skal reddast i ein eventuell reell redningsaksjon.

Tett før Britt og dei andre deltakarane gjer seg klar til å hoppe i havet kjem ei melding på sambandet, aksjonen er avbroten. Skodda er tjukk og helikopteret klarer ikkje komme seg inn til Askvoll. Dei spente deltakarane er skuffa, men kursleiar Espen forsikrar dei om at redningshelikopteret kan komme attende ved eit seinare høve, om dei klarer å skaffe eller låne overlevingsdrakter.  

Vil du bidra til å gjere ditt lokalsamfunn tryggare? Bli medlem her.