Ei drone som fyk over tett skog

Leitar frå lufta

Ein bær-plukkar er sakna i skogen nedanfor Ryssdalshorn ved Sandane. Heldigvis finnast eit hjelpemiddel som kan få fortgang i leitinga. Vi er på øving med Drone-gruppa i Gloppen Røde Kors Hjelpekorps.

Den varme haustdagen byrjar å gå mot kveld, temperaturen synk og det byrjar å skumre. To små søkelag er samla, eit lag til fots og eit lag med drone, samt ein ATV med sjåfør, som hjelper laget som søker til fots. 

- Bærplukkarar er ikkje alltid så gode å finne, dei er i stadig rørsle, men det kan jo vere at bærplukkaren har sett igjen nokon spor. Vi får sjå kven som finn ho først, informerer Ola Apalset, leiar for dronegruppa i Gloppen.

To hjelpekorpsarar i oransje vest som styrer drone
Det skal alltid vere to pilotar når ein flyg. Co-piloten skal halde auga på drona og følge med på omgjevnadane. Terje Ryssdal er pilot og Øystein Torheim er co-pilot.

Øver på søkemetodar

Det er første gong dronegruppa i Gloppen øver på søk etter levande menneske. Dagens dronepilot Terje Ryssdal har flydd ein del tidlegare, men har fram til no øvd mest ved å søke etter kviger.

- No har vi hatt drona sopass lenge at vi kjenner den litt, så no er det meir søkemetodar vi øver på, fortel Terje Ryssdal. 

Ein skal alltid vere to når ein gjer søk med drone. Øystein Torheim frå Eid Røde Kors Hjelpekorps er co-pilot, og den viktigaste oppgåva er å halde eit blikk på drona. 

- Akkurat her som vi flyg no er ikkje den største faren, men høyr veldig godt etter, spesielt etter helikopter, dei kan komme fort, og dei har eg ikkje lyst å vere i nærleiken av, seier Terje til co-pilot Øystein. 

Ein av metodane ein nyttar er varmesøkande kamera. Når ein søker med termisk kamera kan ein bli lurt av steinar og berg som held på varmen. Ein må øve på å klare å skilje dei frå menneske. 

Kontroll og skjerm som syner det termiske kameraet til drona
Det termiske kameraet er nyttig når ein gjer søk. Her kan ein sjå dronepilotane og fotografen.

- Ganske lenge etter sola har gått ned, kan berg og stein gje forvirrande utslag, fortel Terje.

Og ikkje lenge etterpå kan vi sjå fem kvite kviger på det termiske kamera. 

- Då veit eg at dei har det godt, seier Terje, som er bonde i området og eig kvigene.

Nyttig verktøy

Dronegruppa i Gloppen Røde Kors hjelpekorps er den einaste operative drone-gruppa mellom Trondheim og Bergen. Det første offisielle oppdraget for dronegruppa var å søke der det gjekk skred i Kjenndalen ved Loen i sommar. 

- Det var nyttig å bruke drona for å sjå og søke der det var utrygt å sende inn folk. Då slepp ein å sette folk i fare, fortel Ola Apalset, som i tillegg til å vere leiar for dronegruppa også er medlem i ressursgruppe drone, på nasjonalt nivå.

Dronepilot i kveldslys
Ola Apalset er leiar for Dronegruppa i Gloppen Røde Kors Hjelpekorps og er ein del av Ressursgruppe drone.

Eit søk i opne landskap og i fjellet kan gå fort, medan søk i skog kan vere meir utfordrande og krevjande. 

- Søker nokon ly under eit tre, så ser vi ikkje igjennom bladverket, seier Terje, men legg til at dei forhåpentlegvis flyttar seg til meir opne områder om dei høyrer drona.

Kveldens sakna person og bærplukkar ynskjer truleg ikkje å bli funnen med ein gong og har gøymd seg godt inne i skogen. Likevel klarer dronepilot Terje å finne den sakna, med god hjelp frå det termiske kamera. 

- Utan å ha sett varmesignala først, så er ho ikkje god å sjå, seier Terje medan han zoomar tett inn på bærplukkaren. 

Like etter funnet er gjort byrjar drona å pipe og gjer signal om at batteriet byrjar å tømmast. Den stressande pipelyden gjer at Terje gløymer noko før han flyg drona tilbake for å byte batteri.

Tre hjelpekorpsarar som er dronepilotar
Dei tre drone-pilotane i Dronegruppa. Øystein Torheim (t.v) er frå Eid Røde Kors Hjelpekorps og manglar eit kurs for å bli godkjent dronepilot. Ola Apalset og Terje Ryssdal (t.h) er frå Gloppen Røde Kors Hjelpekorps. For å bli dronepilot i Røde Kors treng ein grunnopplæring for å bli hjelpekorpsar, LSOR (Lagleiing søk og redning) og kurs med Ressursgruppe drone.

Les meir om Hjelpekorpset her!

Viktig lærdom

Søkarane på bakken søker vidare i området, og får dermed eit lite forsprang. Dronepilotane prøver å finne attende til den sakna, men strevar med å finne tilbake til den riktige lokasjonen. 

På sambandet får dronepilotane inn melding om funn, først funn av ei bøtte med plomme og vidare kjem ei melding om funn av sakna person. Eit snev av irritasjon kan merkast hjå dronepilotane, som tross alt var på sporet av den sakna først. 

Kven som var først med å finne den sakna kan diskuterast, men hjelpa frå drona var uansett nyttig. Richard Rusdal, ein av hjelpekorpsarane som søkte til fots uttrykker i etterkant at det var veldig nyttig å få råd frå drone-pilotane om kvar ein skulle søke.

Bærplukkar med ei bøtte plomme i ein ATV-hengar
Kveldens markør og bærplukkar, Hege Tjønneland er fornøgd med å ha blitt funnen og byr på plommer, som ho på finurleg vis har plukka på bærtur i skogen.

Terje sender drona for å sjå kvar den sakna er funnen då han kjem på kva han burde gjort då han såg den sakna første gang. Han burde merka av kvar drona var, slik at han lett kunne finne tilbake. 

- Då har vi lært noko. Den kjem eg til å hugse lenge, seier Terje. 

Det er tross alt det viktigaste med ei øving, å lære noko.

Eg vil bli bli med i hjelpekorpset!