Gerd Stave leier Internasjonal møteplass for Aurland Røde Kors. Aktiviteten er sett på pause – men dei har eit nytt tilbod på mobilen. Arkivfoto frå møteplassen i 2019.  Vis bildetekst
Gerd Stave leier Internasjonal møteplass for Aurland Røde Kors. Aktiviteten er sett på pause – men dei har eit nytt tilbod på mobilen. Arkivfoto frå møteplassen i 2019.

Leksehjelp og møteplass via mobil

Aurland Røde Kors har ein populær internasjonal møteplass i bygda, der flyktningar og andre migrantar får bygge nettverk i bygda. No har dei flytta aktiviteten over på mobil.

– No har vi som er frivillige i aktiviteten fordelt familiane som pleier å delta på møteplassen mellom oss, og så følgjer vi dei opp kvar for oss, seier Gerd Stave, som leier Internasjonal møteplass i Aurland Røde Kors. 

Sidan 2017 har ho opplevd møteplassen som ein viktig arena for deltakarane. Det er mest flyktningar og enkelte arbeidsinnvandrarar. Når no alle aktivitetar i Røde Kors som inkluderer fysiske møter er sett på pause, må dei tenke nytt. Korona-isolasjon gjer det ekstra viktig å ha eit nettverk.

Les reportasje frå besøk på møteplassen i 2019.

– Eg oppretta kontakt med "min" familie på Messenger. Eg trur det kan vere ein god måte, for språk er ikkje like lett for alle. Med Messenger kan vi sende kvarandre bilete av kva vi driv med, vi kan skrive og vi kan snakke, seier Stave. 

Røde Kors i Aurland har også to leksehjelparar, og prøver så langt råd er å vidarefører det også over mobil eller nettbrett.  

– Det er ein krevjande situasjon. På grunn av smittefaren kan vi ikkje ein gong gå tur. Vi veit ikkje heilt korleis det blir, men no prøver vi oss fram. Eg trur det er viktig at vi følgjer opp no, også med tanke på at mange av dei som er med oss har med seg andre utfordringar i bagasjen, seier Stave.

Dersom du vil hjelpe oss å hjelpe, kan du til dømes bli støttemedlem. Som medlem støttar du vårt omsorgsarbeid, innsats for flytktningar og migrantar og Røde Kors Hjelpekorps, som er i kontinuerleg beredskap.

Bli medlem!

Frivillige i Røde Kors har teieplikt og opplæring, og følgjer Røde Kors sine internasjonale prinsipp og retningslinjer for humanitær innsats.