Barn og Røde Kors-mor leikar med ball

Inkluderande aktivitetsdag

Balestrand Røde Kors samla nærmare 30 barn og vaksne frå sju ulike nasjonar då dei arrangerte lokal familiedag på Kvamsøy.

- Eg syns det er fantastisk! Det har vore ein veldig fin dag og eg hadde angra om eg ikkje hadde vore her. Ungane har kosa seg sånn! fortel Salma som hadde med seg sine tre barn til Kvamsøy denne ettermiddagen.

Salma tykkjer det er fint at Røde Kors lagar til arrangement der barn og vaksne kan halde på med aktivitetar saman. Familiar frå Brasil, Eritrea, Syria, Italia, Tyrkia, Chile og Noreg var samla.

Ei gruppe barn og vaksne på strand
Nokon av dei som kosa seg på Kvamsøy då Balestrand Røde Kors arrangerte lokal familiedag.

Sjølv om himmelen var grå og regnet dryppa innimellom, var både barn og vaksne i full aktivitet. Det var lagt opp til aktivitetar som ball-spel, frisbeekasting og leiting etter krabber i fjøra. Sjølvsagt var det også grilling av pølser, samt servering av kake og kaffi.

Antonella Vidal var med både som mor og som frivillig i Røde Kors. Ho har vore med alle dei tre gongane det har vore arrangert lokale familiedagar på Kvamsøy.

Ei jente sit på ein benk og leikar med ein liten gut
Større og mindre barn leika saman.

- Det er veldig kjekt å vere med! Det er eit veldig bra integrering- og inkluderings-arrangement, seier Antonella.

Balestrand Røde Kors arrangerar lokale familiedagar to gangar i året. Lokale familiedagar er eit arrangement som fleire lokalforeiningar gjennomfører med ulike former for aktivitetar. Målet er å samle fleirkulturelle og norske barn og barnefamiliar for å gjere noko kjekt saman i lokalsamfunna sine.

To barn leikar i sanden
Barna kosa seg med leiking i sanden på Kvamsøy.

Leiar i Balestrand Røde Kors, Anita Hjønnevåg er nøgd med at så mange kom og var med denne ettermiddagen, på tross av dårleg vêr. Ho vart mellom anna glad for å sjå at det var nye deltakarar der som ikkje har vore med før.

Leiar for Balestrand Røde Kors, Anita Hjønnevåg serverer kake
Leiar for Balestrand Røde Kors, Anita Hjønnevåg tykkjer at det å arrangere familiedagar er noko av det kjekkaste ho gjer.

- Det var så mange fine folk der og eg reiste heimatt med ei god kjensle, seier Anita. 

Les meir om lokale familiedagar her: Inkludering - lokale familiedagar - Røde Kors (rodekors.no)

Bli frivillig i Røde Kors