Røde Kors, kommunar og næringsliv i Stad og Stryn kommune går saman om matkassar til jul til husstandar som slit. Vis bildetekst
Røde Kors, kommunar og næringsliv i Stad og Stryn kommune går saman om matkassar til jul til husstandar som slit.

Går saman om julekasse

Røde Kors, næringsliv og kommunane i Stad og Stryn går saman om å hjelpe husstandar som slit, med ekstra mat i jula. Så langt skal 75 husstandar få ein julekasse.

Ein sjokoladenisse, fiken, julebrus, eit utval daglegvarer og julemiddag. Ein fyldig kasse med mat til jul, Julekassen. Ut til dei som elles ville slitt med å skaffe det sjølv.

– Det å ha lite pengar å rutte med, er ekstra krevjande i jula. Med koronaen er det også mange andre utfordringar med på lasset i år. Eg håpar Julekassen kan lyse opp jula litt for både familiar og einslege, seier Dag Magne Sætren, leiar i Eid Røde Kors.

Ville gjere meir

Han gjekk rundt med ei murrande kjensle av at dei burde gjere meir for familiar som slit økonomisk. Statistikken var eintydig, det vert fleire familiar med svak økonomi i Nordfjord. Etter å ha drøfta det i styret, tok han kontakt med Eid frivilligsentral.

Dag Magne Sætren held opp julekassen.
Dag Magne Sætren med julekassen, har med seg (f.v.) Arne Helge Seljen, Selje Røde Kors, Inger Johanne Brekke, Eid Røde Kors Omsorg, Astrid Grete Torheim, Eid frivilligsentral og Maria Helgesen, Selje frivilligsentral.

– Dag ringde og spurde om vi kunne gjere noko. Etter ei stund landa vi på at ein matkasse til jul kunne vere eit viktig bidrag, seier leiar Astrid Grete Torheim i Eid frivilligsentral.

Det har vore nokre hektiske dagar frå ideen vart landa, til Røde Kors, kommunar og næringsliv står klare til å levere 75 kassar med mat til husstandar i heile Stad og Stryn kommune. Det er mykje som skal på plass. Kven ein skal samarbeide med, organisering, sikker behovsvurdering, finansiering og distribusjon.

Fekk "alle" med

– Dette var veldig interessant. Vi har også sett eit stigande behov i Stryn. Eit slikt tiltak vil kunne gje ei litt greiare jul for dei som slit mest. Så vi bestemte oss for å vere med, då Sætren kontakta oss, seier Per Eilert Ommedal, leiar i Stryn Røde Kors.

Julekassen og Røde Kors framfor julegrana i Stryn.
Ingunn Skarstein, Sigurd Strand og Oddfrid Vangberg frå Olden Raude Kross. Astrid Kyrkjeeide, Per Eilert Ommedal og Per Kristian Storevik frå Stryn Røde Kors. Vikane Røde Kors hadde ikkje høve til å møte til fotografering.

Snart var både Selje, Olden, Vikane, Stryn og Eid Røde Kors med i prosjektet.

Men korleis skulle dei betale for maten? For mange er tradisjonell julemiddag viktig, så det var naturleg å ta kontakt med Nordfjord kjøtt. Verksemda sa seg villig til å sponse alt kjøtet til Julekassen. Rema 1000 bidreg også med ei god avtale på matvarene, men framleis var det behov for midlar.

Snart kom både Sparebankstiftinga, Sogn og Fjordane Røde Kors og Stårheim bilverkstad inn med midlar. I tillegg bidreg lokalforeiningane med kvart sitt beløp.

Unngå stigmatisering

– For oss var det viktig at tilbodet når dei med størst behov, og at det vert distribuert på ein måte som gjer at mottakar ikkje kjenner seg stigmatisert som trengande. Det er ikkje kjekt i vår tid, seier Per Kristian Storevik i Stryn Røde kors.

Hjelp oss å hjelpe - bli støttemedlem!

Løysinga var at ulike kommunale tenester fekk ansvar for å kartlegge kven i sin kommune som har størst behov. Dei same tenestene skulle også syte for distribusjon. Difor er det ingen i prosjektet som får vite kven som er mottakar, dette av omsyn til teieplikta i det offentlege tenestene.

I tillegg følgjer det ein bonus med Julekassen. Frivilligsentralen i Eid har eit samarbeid med handlesenteret Alti om å samle inn gåver frå innbyggarane til menneske som treng det. Liknande ordning finst i Selje. Desse gåvene vil bli med der ein ser at det kan passe til mottakar.

Viktig å sjå og anerkjenne

– Eg tykkjer det er ei stor glede å gjere noko for andre. Eg håpar dei får ei litt betre jul, seier Arne Helge Seljen i Selje Røde Kors.

– Vi håpar dette vil gjere ein forskjell for dei med behov. At jula vert litt greiare, seier leiar Sigurd Strand i Olden Raude Kors.

– Den største straffa du gir nokon, er å oversjå dei. Vi håpar at mottakarane kjenner seg sett, at dei opplever at det er nokon som anerkjenner behovet deira og forstår at det kan vere tungt og trasig, seier Astrid Kyrkjeeide i Stryn Røde Kors.