United World College i Fjaler

Nye Røde Kors-ambassadørar

I mai gjekk 100 elevar ved Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler ut verda som Røde Kors-ambassadørar.

Graduation ceremony, heiter det. Avgangsseremoni etter to intense skuleår. Stappfullt auditorium. Elevar, foreldre og lærarar frå 95 land. Ein liten bit av heile verda samla under eitt tak på Haugland i Fjaler. Røde Kors Nordisk United World College.
Nasjonaldrakter. Dress. Silkebånd. Fargar. Store smil. Glitter. Stas. Taler. Jubel. Alvor. Torer.

- Vi håpar at de vil gå ut i verda som etiske leiarar og Røde Kors-ambassadørar.

Det er så nødvendig i dagens verden. Konsekvensane av krig er så store at vi treng endringsagentar som dykk, seier styremedlem i UWC, Liv Rongland frå Norges Røde Kors i sin tale til elevane.

I løpet av dei to åra i Fjaler, har deler av fordjupinga til elevane vore Røde Kors, organisasjonen sine verdiar og prinsipp. Dei har lært om rørsla, internasjonal humanitær rett, menneskerettar, kryss-kulturell kommunikasjon, konfliktløysing, arbeid med flyktningar, og dei har lært førstehjelp og gjort ulike former for humanitært frivillig arbeid.

Halve avgangsseremonien består i at alle dei 100 avgangselevane kjem fram for å ta imot vitnemål, Røde Kors-diplom og eit skriv frå Fjaler kommune. Kvar einaste av elevane vert tatt imot av salen som var dei popstjerner. Og mange nytte høvet til å ta eit bilde av seg sjølv saman med rektor Richard Lamont.

Lamont samanlikna oppholdet på skulen med Nikolai Astrup sin målarkunst, der "Vårnatt og seljekallen" kan minne elevane om alle utfordringane dei har møtt, som å vere vekke frå sine kjære i to år, lange vintrar og krevjane oppgåver.

graduation uwc 2016_synøve_470
Mange gjestar deltok under seremonien, her distriktsleiar Synøve Sande i Sogn og Fjordane Røde Kors, saman med ordførar i Hyllestad og Askvoll. Bakover i salen foreldre som har møtt opp for å ære sine born ved utdelinga av vitnemål.