Tone Helen Kvalen i Hafslo Røde Kors Hjelpekorps er ein av fleire hundre frivillige hjelpekorpsarar som har beredskapsvakt i påska. Vis bildetekst
Tone Helen Kvalen i Hafslo Røde Kors Hjelpekorps er ein av fleire hundre frivillige hjelpekorpsarar som har beredskapsvakt i påska. Her er ho saman med Kenneth Kalhagen på Korpsbu ved Sogn skisenter tidlegare i vinter.

Påskeberedskap i Sogn og Fjordane 2021

Røde Kors Hjelpekorps har normal påskeberedskap i år, men vil i mindre grad vere til stades på hyttene sine, grunna smittevernrestriksjonar.

– Alle hjelpekorpsa i Sogn og Fjordane kjem til å ha heimevakter i påska, så redningsberedskapen vert normalt god, seier Geir Ove Optun i Sogn og Fjordane Røde kors Hjelpekorps.

Det betyr at fleire hundre hjelpekorpsarar rundt i kommunane er klare til å rykke ut på kort varsel og hjelpe viss det skulle vere behov for det.

I tillegg kjem enkelte av Røde Kors-hyttene til å vere noko bemanna. Smittevernreglane gjer at det i dei fleste tilfelle vil vere sporadisk. Hjelpekorps som har meldt at dei kjem til å vere noko til stades i utfartsområde, er Luster på Turtagrø, Sogndal i Hodlekve, Stryn på Spjelkebu, Lærdal på korpshytta på Filefjell.

Råd for turplanlegging

Dei viktigaste råda Optun har å gje til folk som skal til fjells i påska, er å planlegge turen godt:

  • Nytt den nye planleggingsappen Varsom regobs. Her finn du all informasjon om snø og skredfare i tillegg til rettleiing om trygg og god turplanlegging.
  • Sjekk vêrmeldinga.
  • Ta utgangspunkt i eigne ferdigheiter.

I tillegg oppmodar Optun om å ta koronaen inn som ein ekstra dimensjon i planlegginga. Smittefare og smittevernreglar kompliserer redningsarbeidet. Ta difor det med i vurderinga di, ver omtenksam, og tenk nøye igjennom kva ein kan risikere å utsetje seg sjølv og andre for på tur.

– Vi ønskjer alle god tur til fjells. Hugs å ta med godt med drikke, og solkrem om det blir fint vêr, seier Optun.

Hjelpekorpsa er ein del av den frivillige redningstenesta i Norge. I Sogn og Fjordane er vi representert i dei fleste kommunane. Dei frivillige har fått grundig opplæring og har tatt kvalifiseringsprøve.