Pride for menneskeverd

For Røde Kors er det ein sjølvsagt ting å stille opp under den første Pride-markeringa i Sogn og Fjordane. Olaug Søvde Berg i Røde Kors Ungdom skal halde appell.

– For oss i Røde Kors har det alltid vore sjølvsagt at du kan elske den du vil. Organisasjonen vår er styrt etter sju prinsipp, og eitt av dei viktigaste er humanitet. Det betyr at vi skal vere medmenneske, vi skal behandle alle bra og ta godt vare på kvarande. Alle er like mykje verdt, uansett kva seksuell legning ein har, seier Olaug Søvde Berg.

Laurdag representerer ho Røde Kors på Pride i Førde, der ho skal halde appell.

Pride på Facebook

– Det er mange som ikkje blir behandla som eit medmenneske ute i verda. Nokon blir forfølgde og føler frykt uansett kvar dei går. Dette skjer ikkje berre i andre land, men også her heime i Norge, seier Berg.

Hat, tugslar, diskriminering

Minst ein av fem LHBT-personar (lesbiske, homofile, bifile og transpersonar) i Norge, seier dei har vore utsett for hat-ytringar siste året. 15 prosent har vore utsett for konkrete truslar. Det syner ein rapport Institutt for samfunnsforsking publiserte i vinter. I følge Likestillings- og diskrimineringsombodet, vert det stadig rapportert inn diskrimineringssaker av denne gruppa.

Pridebanner for Sogn og Fjordane Røde Kors_lite

Røde Kors feirer Pride for å vise si støtte til LHBT-personar - fordi dei er utsett for hat, truslar og diskriminering på grunn av sin legning eller identitet.

– Pride er her for å vise at du kan vere deg sjølv, at du ikkje skal vere redd for å vise deg fram. Ja, ingen andre kan vere deg, du er unik, seier Berg.

50 år med Pride

I år er det 50 år sidan Pride oppstod. Det skjedde då skeive såg seg leie av å bli trakassert av politiet for si legning, og reiste seg mot ordensmakta som ikkje let dei i fred på utestaden Stonewall Inn i New York. Trass i at det er eit stykke att og gå før LHBT-personar er likestilte og aksepterte både her heime og ute i verda, har det skjedd mykje sidan Stonewall i 1969 og homofili vart lovleg i Norge i 1972.

Bli med i Røde Kors!

– Mange land har gjort det meir akseptabelt å ha ulike seksuelle legningar og kjønnsidentitetar. Denne helga er også til for å feire for alt det som er oppnådd, og for å gje ein liten «boost» for vidare arbeid, seier ho, og legg til:

Menneskerettar, kjærleik og mangfald

– Bli med på Pride Sofjo på Festplassen i Førde og hyll kjærleiken og mangfaldet. Vi har kome langt, men vi kan komme så mykje lenger, og Pride er eit arrangement som tek oss eit steg vidare. Kjærleik er kjærleik!