Rekordmange hjelpekorpsarar klar til innsats

Å vere frivillig i Røde Kors hjelpekorps blir stadig meir populært. Rekordmange 468 hjelpekorpsarar i Sogn og Fjordane står klare til å rykke ut for å hjelpe andre.

For å delta i redningsaksjonar som hjelpekorpsar, må du ha fullført 60 timar med grunnopplæring og bestått praktisk og teoretisk prøve. Dette er det fleire og fleire som ønskjer å vere med på. Frå 2015 har vi vakse frå 407 godkjende, til 468 ved utgangen av 2019.

– Eg blir kjempeglad når det vi jobbar for gjev resultat. Dette gjer lokalsamfunna tryggare, seier Anita Kristin Vik, som er øvste leiar for hjelpekorpsa i Sogn og Fjordane.

Det er 26 store og små hjelpekorps rundt i fylket, med frivillige som er klare til å stille på oppdrag for politi eller kommune på kort varsel.

– Det er mange eldsjeler som verkeleg jobbar for å ha eit dyktig korps i sin kommune. Samtidig trur eg fylket si satsing på gode kurstilbod har vore ein viktig føresetnad for å få denne utviklinga, seier Vik.

Fylkeslaget arrangerer årleg rundt 15 kurs og samlingar. 60-70 personar gjennomfører årleg grunnopplæringa i søk og redning, samband og førstehjelp. Når ein først er innanfor, er det mange som ønskjer spesialisere kunnskapen sin for å bli best mogeleg.

Eg vil bli med i hjelpekorpset!

– Vi har tung satsing på redning i snøskred, mellom anna med ny skredgruppe i Stryn. Elveredningsgruppene våre er så gode at dei vert henta inn til aksjonar andre stader i landet. På kysten har vi også mange som er svært dyktige innan sjøredning, og vi har spesialistar på krevjande lende. I tillegg har vi vektlagt å utdanne gode leiarar, i tillegg til instruktørar som kan drive opplæring på alle nivå, seier Vik.

Gjennom året deltek hjelpekorpsa her i fylket gjennomsnittleg på rundt 100 aksjonar. Søk etter sakna og pasienttransport utgjer fleirtalet av aksjonar.

– Vi får mange typar oppdrag, men vi jobbar mykje med å hente turistar eller turfolk som har vore uheldige til fjells. Vi får også oppdrag med å finne personar med demens eller personar med auka sjølvmordsrisiko. Vi trenar stadig på søkestrategiar som hjelper oss å komme fort i gong med effektive og trygge søk på rett stad, seier Vik.

Ekstremvêr og andre større hendingar har synt at hjelpekorpsa rundt fylket er viktige for lokal beredskap. Som i Jølster sist sommar, flaumen i Utvik, flaum i Flåm, brann i Lærdal og uvêret Dagmar for nokre år tilbake. I slike situasjonar har lokale frivillige i Røde Kors spelt ei avgjerande rolle med redning, evakuering og drift av evakueringssenter.

– Folk får med seg at hjelpekorpset spelar ei viktig rolle når alvorlege ting skjer, som hendinga med Viking sky. Eg trur mange ønskjer å vere med å hjelpe andre, og då Røde Kors ein fin plass å bidra, seier Vik.

I tillegg finst det knapt eit større idretts- eller kulturarrangement i Norge som ikkje har frivillige sanitetsvakter frå Røde Kors Hjelpekorps. Dei plastrar ungar på fotballturnering, dreg med seg hjartestartarar til topps på motbakke-løp, og hjelper rusa eller dehydrerte tilskodarar på konsert. Denne førstehjelpskunnskapen er eit grunnlag for å delta i redningsoppdrag, og blir brukt til å halde førstehjelpskurs for verksemder rundt omkring.

 

Eg vil bli med i hjelpekorpset!