Viktig med håndhygiene!

Røde Kors tilbyr støtte til kommunane

Våre lokalforeiningar jobbar no med å kartlegge eigne ressursar som er tilgjengelege under ein pandemi, og opprette dialog med kommunane om eventuell støtte.

– Dette er ein heilt ny og alvorleg situasjon for alle. Lokalforeiningane i Røde Kors her i distriktet kartlegg difor sine menneskelege ressursar og kva dei kan bidra med, seier dagleg leiar Dag Hovland i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Akkurat kva behov for hjelp kommunane treng av frivilligheita, er ikkje heilt klart, men i første omgang er det mange som sit i karantene. Mange av desse kan ha behov for oppfølging. Norges Røde Kors har laga rutiner for slik innsats.

Dialog med fleire kommunar

– Fleire lokalforeiningar har alt vore i kontakt med sin kommune og stilt seg til disposisjon, men så langt vi veit no, er ikkje nokon i innsats, seier Hovland.

Aktivitet vi har registrert så langt, er til dømes at ein i Leikanger bur seg på å avhjelpe sjukeheimen med frivillige, dersom det vert underskot på pleiepersonell. I Luster deltek Røde Kors i kommunen si kriseleiing. Stryn og Gulen kommune har bedt Røde Kors om informasjon om kva dei har å tilby. Svelgen-Bremanger Røde Kors har tilbudd utlån av sin beredskapsbil til AMK.

Tiltak mot smittespreiing

I dei siste dagane har Røde Kors tatt drastiske steg for å begrense smitte og stå sterkare rusta til å støtte styresmaktene framover. All ordinær humanitær aktivitet i Røde Kors der ein møter andre fysisk, er sett på pause.

Ein jobbar lokalt med måtar å halde kontakt med dei som har behov. Hjelpemiddel er i første rekke telefon, men også ulike digitale plattformer.

Vi gjer også vårt for at våre 2600 frivillige rundt i Sogn og Fjordane skal halde seg friske, og kunne stille opp når det blir behov, ved å begrense intern aktivitet som fysiske møter og arrangement.

Røde Kors oppmodar alle om å gjere sitt for å bremse viruset.