Røde Kors styrer søket frå Ko-vogna, som står parkert akkurat der raset gjekk for snart to år sidan. Vis bildetekst
Røde Kors styrer søket frå Ko-vogna, som står parkert akkurat der raset gjekk for snart to år sidan.

Gjennomsøker skred med sonar og video

Sommaren 2019 vart ein 55 år gamal mann tatt av eit jord- og steinras i Jølster. Røde Kors har ikkje gitt opp mogelegheita for å finne den sakna, og tek i bruk avansert utstyr i søket.

Den står midt i det opne såret til Jølster. På ei ny utkøyrsle, der raset flerra opp fjellsida på Klauva, står KO-vogna til Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps parkert. Vogna er base for eit nytt søk etter mannen som skredet tok med seg.

Saman med Sandefjord Røde Kors, har dei sett av fire dagar til å søke gjennom raset med noko av det mest avanserte utstyret Røde Kors disponerer.

Are Bødel ser i skjermen.
Are Bødal er rov-pilot og styrer undervass-farkosten med ein joystick, medan han følgjer med på både video- og sonarskjerm.

– No køyrer eg på kompasskurs langs botnen med rov-en, seier Are Bødal, som er rov-pilot i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps.

Fjernstyrer undervassbåt

Bødal sit inne i ko-vogna og stirer konsentrert i to skjermar. På den øvste skjermen ser han live videobilete frå vatnet rett nedanfor. Grusbotn og steinar og bobler glir sakte forbi. På den andre skjermen ser han det same, berre med noko lenger rekkevidde, og i form av ekko frå ein sonar. Bilda kjem frå ein undervass-rov, remotely operated vehicle, eller undervass-drone, om du vil. Den styrer han med ein kontrollspak, via ein kabel som kan ta rov-en 300 meter frå land.

– Eg ser etter objekt som har ei unormal form samanlikna med stein, trestammar og røter. Gjenstandar med ein viss storleik. Sonaren skannar 40 meter breitt, og viss den syner objekt som er av interesse, så kan eg gå bort å sjå nærare med video, seier Bødal.

Det er ikkje godt å vite korleis ein bil kan sjå ut etter å ha vore igjennom eit slikt ras. Den kan ligge oppå raset, ein liten del kan stikke opp. Når det gjeld kroppen, er det Sandefjord Røde Kors Hjelpekorps som har størst sjanse til å finne, dersom den har hamna utanfor bilen. Som truleg einaste hjelpekorps i Norge, har dei ein slepesonar som er spesialbygd til å finne nettopp kroppar.

Sonar som kan sjå kroppar

Mannskap i båt
Frivillige frå Sandefjord Røde Korps Hjelpekorps søker med slepesonar. Den heng bak båten og kan gå ned til 100 meters djupne. Dei følgjer med på sonarbilda på ein skjerm ombord.

– Det er vanskeleg å finne menneske med sonar, fordi ein kropp består av mykje vatn. Det svenske sjøpolitiet har dokumentert at den typen sonar vi nyttar, klarar å finne kroppar, seier Kjell Atle Kjønnø, leiar i Sandefjord Røde Kors og leiar for deira Røde Kors-båt, RC Jotun.

Saman med fem andre frivillige frå Sandefjord, har han nytta tre maidagar på Jølstravatnet, fram og tilbake over skredet, med ein slepesonar bak båten. Om bord har dei ein skjerm, så dei kan følgje med på sonar-bilda live. Dei har også ein rov som dei kan sende ned for å sjå nærare på interessepunkt.

Kjell ATle Kjønna blir intervjua av NRK.
Kjell Atle Kjønnø er leiar i Sandefjord Røde Kors. Her intervjua om søket av NRK.

– Vi ser etter unormalheiter, noko som ikkje er stein. Viss vi ser noko interessant, skannar vi kanskje eit par gongar ekstra frå andre vinklar. Viss vi framleis er usikre, markerer vi staden og sender ned ein rov for å sjekke med video, seier Kjønnø.

Tolkinga av bilda er krevjande. Difor ser andre over opptaka på nytt i etterkant, på betre skjermar innandørs. Raset dei skal dekke er om lag 80 meter breitt, går cirka 700 meter ut i vatnet, og ned til rundt 200 meters djupne. I tillegg søker dei eit godt stykke ut på sidene av raset. Arbeidet er nitidig.

Fløttar søket til båt

Sogn og Fjordane sin rov er no ferdig med å søke skredet nærast land. Bødal og to kollegaer vil halde fram søket i dei ytre og djupare delane av raset frå båt. Omrigginga er gjort på nokre få minutt. Ein transportkasse med skjermar, pc, kontrollspak og anna tilbehøyr blir båre ned i ein båt som er lånt lokalt. Dei sveivar inn den gule kabalen og lempar rov-en om bord i båten.

Roven er på stsørrelse med ein stor banankasse.
Are Bødal sender rov-en ombord til Torgeir Pedersen Hindøy. No skal dei søke frå båten.

– No skal vi ut til bøya som markerer eit interessepunkt som ikkje vart ferdig undersøkt førre gong det det vart leita. Den ligg om lag 600 meter frå land, seier Espen Rysjedal, som er fagleiar for sjøredning i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Han er skipper under søket, og legg kurset mot bøya, midt på Jølstravatnet. I det totale mørke, knappe 200 meter under bøya, ligg det ein uidentifisert gjenstand som dei skal sjå nærare på.

2021-05-16_10-27-39_søk_jølstravatnet
Denne blåsa markerer eit interessepunkt som kan undersøkast betre. Det ligg 600 meter frå land.

– Då har vi blåsa rett i baugen. Vinden kjem frå aust, så eg foreslår at du legg deg på vestsida, seier Torgeir Pedersen Hindøy. I dag er han linemann, det vil sei at han passar på at kabelen til rov-en vert mata ut og dratt inn og ikkje rotar seg til. Til vanleg er han leiar av rov-gruppa til Sogn og Fjordane Røde Kors, og har ansvaret for å lære opp nye pilotar.

Forsiktig lårar han rov-en ned i vatnet. Inne under kalesja på båten, sit Bødal klar med joysticken og tek over kontrollen. Med dei åtte rotorane tiltar han rov-en med fronten nedover, og let han søkke sakte mot botnen. På skjermen står det djupnemeter og kor fort den søkk. 30 cm i sekundet. Skjermbildet mørknar sakte, og på 60 meter fangar ikkje kameraet noko lys.

2021-05-16_10-21-00_søk_jølstravatnet
Torgeir Pedersen Hindøy gjer klar undervassfarkosten til søk. Rov-en blir styrt gjennom den gule liv-lina, og sender video og sonarsignal tilbake.

Skipper, pilot og linemann sender meldingar til kvarandre om status, små kommandoar om å justere det eine eller det andre. Samarbeidet deira er viktig. Dei sit saman i time etter time, og går mest mogeleg systematisk over området som skal søkast. Full konsentrert, for å ikkje oversjå det dei er komne for å finne.

Posisjon via satelitt

– Rov-en har eit posisjoneringssystem, slik at vi til ei kvar tid veit kvar den er, og kva område vi har søkt. Det er svært verdifullt og avgjerande informasjon, forklarar Bødal.

2021-05-16_10-30-57_søk_jølstravatnet
Rov-en er nett låra, bildet på skjermen syner undersida av båten. No må skipper Rysjedal, pilot Bødal og linemann Hindøy jobbe tett saman får å få størst mogeleg utbyte av søket.

Sidan korkje radiobølger eller gps-signal går gjennom vatn, brukar dei ein «pinger» til posisjonering. Det er ein gps-mottakar som er festa til båten, og som tek imot og tolkar klikkelydar som blir sendt frå rov-en gjennom vatnet. Ut frå klikka, kan den berekne og dokumentere kvar rov-en til ei kvar tid er. Posisjonsdata blir registrert på kartet som ligg oppe på skjermen.

Rov-en har nådd 180 meters djupne, og konturane av botnen er synlege på sonarbildet. Det er flatt med enkelte mindre steinar. Etter nokre minutt dukkar eit stort, litt avlangt, objekt opp på sonar-skjermen. Bødal køyrer forbi og nærmar seg frå ein ny vinkel, for å sjå kva form det dek. Han skannar fleire gonger, og no går han tettare på, slik at lampene på rov-en lyser opp objektet. Først ein vag skugge i djupet, meir og meir synleg.

2021-05-16_10-21-37_søk_jølstravatnet
Espen Rysjedal er skipper og navigerer båten under søket. I bakgrunnen ligg raset som eit ope sår i landskapet.

– No ser vi tydeleg objektet, seier Bødal, og peikar på kontorane.

– Her er kanten, den kvite lina er kabelen til rov-en. Ut frå kva eg ser, er objektet på storleik med ein bil, seier Bødal. Men når kameraet byrjar å syne detaljar, så er det ikkje ein bil. Det er ein svær stein, som delvis er dekka av slam og grus.

– Då har vi eliminert den, seier han, og manøvrerer seg vidare.

2021-05-16_10-55-36_søk_jølstravatnet
Det er stort sett røter, tre og stein dei finn på botnen. Dette sonarbildet er ei rot.

No byrjar det å blåse litt meir opp, ei regnbyge er på veg. Batteriet i rov-en nærmar seg tomt etter ein halv time med intensivt søk. Farkosten flyt ikkje av seg sjølv i ferskvatn, så dei må køyre den alle dei 180 høgdemeterane opp til overflata. Hindøy speidar utover. Det er knytt litt spenning til kvar farkosten kjem opp i forhold til båten.

– Der! 40 meter i baugen, ropar Hindøy, då rov’en lagar ein blåselyd som ein liten kval i overflata.

Nett då er det slutt på batteriet, noko som medfører at rov’-en byrjar å søkke. Bødal og Hindøy sveivar inn kabelen det dei er god for, og etter hurtig spoling i striregn, får dei hala den vesle miniubåten om bord.

2021-05-16_11-27-50_søk_jølstravatnet
Batteriet på rov-en er tomt, så no må den dragast inn raskt, før den sekk.

Dei går til land for lunsj, lading og batteribyte. Seinare på dagen, den fjerde på Jølstravatnet, gir dei seg, utan funn. Det aller meste har blitt søkt, og dei kjenner seg trygge på at der dei har søkt, er det ikkje noko å finne. Det blir konkludert med eit godt samarbeid mellom Sandefjord og Sogn og Fjordane, og mykje god læring og erfaring. Men, dei har ikkje gitt seg heilt.

– Vi kom ikkje heilt i mål. Det står att eit område vi ønskjer å søke, før vi kan sei oss ferdige. Det har vi dialog med familien og politiet om. Så vi håpar vi kan komme tilbake og avslutte dette, seier Rysjedal.

sartopo jølstravatnet
Skjermbilde frå sartopo kartsystem, som syner følgjande: 1. Grønt felt er ferdig avsøkt med ROV med sonar. 2. Rosa er område som Sogn og Fjordane ønskjer å søke med ROV med sonar i neste runde. 3. Blått felt er søk med slepesonar av Sandefjord. 3. Objekt midt i fjorden er det som er markert frå tidlegare søk. Dette var ei stor steinblokk som SF har søkt på visuelt. 4. Interessepuntkt 1 og 2 nær land var noko som Sandefjord såg på sin sonar men det vart sjekka ut av SF sin rov og det var stein.