Ei gruppe menneske står i ring saman med ein hund

Søker tryggare og meir effektivt saman

Å kunne samarbeide, bli meir effektive og å jobbe tryggare i lag er målet når redningshundane og elveredningsgruppa øvar saman.

Ein mann er sakna i Våtedalen i Gloppen. To grupper er på plass for å leite, elveredningsgruppa frå Røde Kors Sogn og Fjordane Hjelpekorps og Norske Redningshunder Sogn og Fjordane. Vi er på samvirkeøving med dei to redningsorganisasjonane, eit scenario er presentert og redningshunden Nitro skal søke etter markøren som har gøymd seg i elva.

Rett på nullpunktet

Hunden si første oppgåve er å snuse seg fram til der den sakna har hamna på elva. Nitro går med ein gang i riktig retning og etter få minutt stoppar han opp ved elva. Hundeføraren, Helene Sæterdal tolkar det som at det truleg er her personen har hamna på elva, og at dette kan vere det såkalla nullpunktet.

- Vi har opplevd gjennom mange år at det er ein tydeleg tendens til at redningshundane kan gje oss verdifull informasjon når vi ikkje veit kvar den sakna i elva er, og når vi ikkje har eit spesifisert nullpunkt å gå ut ifrå, seier Sølve Kiviranta, som er fagleiar for elveredning i Eid Røde Kors.

Nitro har på kort tid funne nullpunktet. Hundeførar og elveredningsgruppa kikar på kvarandre, og det vert fort teke ei vurdering for vidare søk. Det vert iverksatt søk medstraums elv, høgre. Nitro og hundeførar går i front og elveredningsgruppa i bakhand for å ikkje forvirre luktesansen til hunden.

Redningspersonell og hund kledd i redningsvest
Hundeførar Helene Sæterdal frå Norske redningshunder Sogn og Fjordane og hunden Nitro skal søke etter markøren som ligg gøymd i elva.

Få minutt etter iverksatt søk

Hunden går målretta langs elva og snuten sniffar ivrig. Berre fem minutt seinare vert det tydeleg at hunden har snust seg fram til noko av interesse, og han vil ut på elva.

Elveredningsmannskapet føl nøye med og gjer seg klar til å bistå, dersom hunden skulle hamne i stri straum eller bli tatt av elva. Hunden går på og kastar seg i det kvite, brusande vatnet og sym til nærmaste stein. Han dreg seg opp, ristar på pelsen, hoppar og snusar seg vidare frå stein til stein.

Nokre sekund seinare høyrast applaus og gledesrop frå publikum, Nitro har funne markøren!

Hund i elv, redningspersonell følger med
Hundeførar Helene Sæterdal ville ikkje sendt Nitro i elva, om ho ikkje visste at elveredningspersonell sto klar til å hjelpe han.

Ein må stole på signala

Det er ikkje første gong elveredningsgruppa har vore vitne til korleis redningshundane jobbar og fått sjå og erfare kor godt hjelpemiddel hundane kan vere.

- Vi har mange døme på at hund har gjeve tydelege signal på at her er det eit kvart, og så er det der vedkommande har blitt funne. Det har også vore aksjonar tidlegare der vi har erfart at hund har hoppa ut i elva der vedkommande vart funnen, seier Kiviranta.

Eit av måla for samvirkeøvinga er å verte betre kjent og å få større forståing for korleis dei ulike organisasjonane jobbar.

- Det var ein liten aha-opplevelse for oss i elveredningsgruppa og vi såg tydeleg at dette er eit godt verktøy, som vi sannsynlegvis må stole enno meir på og ta signala i frå, og bruke som rettesnorer for vårt arbeid, seier Kiviranta.

Ei gruppe på fire personar og ein hund. Nokon i elveredningsutstyr, alle med vest.
Fagleiar for elveredning i Eid Røde Kors, Sølve Kiviranta diskuterar med øvingslaget. Hunden sine signal er eit nyttig tilleggsverktøy og kan bidra til å understøtte redningspersonellet sine vurderingar.

Sikkert-nøyaktig-effektivt

Ut i frå denne erfaringa kan ein ved neste aksjon kunne arbeide meir sikkert, meir nøyaktig og meir effektivt, som er eit av prinsippa innan søk og redning, som ein forkorta kallar SNE.

- Vi har samarbeida mange gongar og har hatt god dialog når vi har vore på oppdrag, men sånne samøvingar som dette gjer jo berre at vi kan samarbeide enno betre for framtida, seier Sølve.

For hundane og hundeførarane sin del er det tryggleik i å ha elveredningsmannskap i nærleiken. I etterkant av øvinga er Helene Sæterdal tydeleg på at ho ikkje hadde slept ut hunden, slik som ho gjorde i dette tilfellet, utan å ha elveredningsgruppa der. 

- At vi kan samarbeide, bli meir effektive og jobbe tryggare i lag, det vil vere viktig for leitemannskap, den sakna og pårørande. seier Kiviranta.

Mann kledd i elveredningsutstyr
Fagleiar for elveredning i Eid Røde Kors, Sølve Kiviranta kledd i tørrdrakt og elveredningsutstyr.

Tre elveredningsgrupper i distriktet

Å ha kompetanse på elveredning er svært viktig i vårt distrikt då det er mange elver og mykje vatn. Vi har tre aktive elveredningsgrupper i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps, i Eid, Stryn og Sogndal. På øvinga i Våtedalen var det deltakarar frå alle gruppene, samt deltakarar frå Sunnfjord.

Elveredningsgruppene har bygd seg opp stor kompetanse. Eid Røde Kors er einaste elvegruppe i landet som har direktevarsling frå ein operasjonssentral. Elveredningsgruppa vert sendt på oppdrag rundt omkring både i og utanfor fylket.

Redning i elv er så krevjande og risikabelt at det er for spesialistar. For å bli med i ei av våre elveredningsgrupper, eller å bli kompetent på redningsaksjonar knytt til elv, finnast det ei rekke kurs ein må ta, i tillegg til kursa for å bli hjelpekorpsar. Elveredning er for dei som likar ei utfordring. Ein må ha interesse, evne og fysikk for å kunne vere med.

Les meir om Elveredning her.