220509_LSN_Scooterkøyring i Rindaboten-19

Snøscooterkøyring med bingogjengen

Etter to år med nedstenging og avlysning vart det endeleg arrangert scooterkøyring i Sogndalsdalen igjen.

Sogndal Røde Kors Omsorg arrangerar bingo for folk med nedsatt funksjonsevne to gangar i månaden. Ein gang i året vert denne bingogjengen teke med på noko ekstra kjekt, nemleg snøscooterkøyring ved skiheisen i Rindabotnen.

Her er det grilling, kake, kaffi og hygge, og for dei som ynskjer det, ei runde med Hjelpekorpset sine snøscootarar. Det gjev GLEDE det!

- Det skal så lite til for å glede dei, og vi vert så glade av å vere med dei, dei er jo hjartebarna våre, seier Inger Johanne Talle, leiar av Bingo Omsorg i Sogndal.

Røde Kors-frivillig og deltakar klemmar
Inger Johanne kallar deltakarane for hjertebarn. - Vi får mange klemmar, seier Inger Johanne.

Sett vekk i frå periodane med nedstenging, så har det vore arrangert bingo for folk med nedsatt funksjonsevne i kantina på sjukeheimen i Sogndal annakvar måndag frå halv seks til sju i snart ti år. Frøydis Skjeldestad er ein av dei som var med å starte opp aktiviteten i 2012.

- Det er så kjekt og dei er så takknemmelege! Vi lagar det til slik at det er tilrettelagt for dei. Vi har billege gevinstar, dei er ikkje så nøye på det. Det var ein gang arbeidshanskar i gevinst og dei slåss nesten om dei, det var jo så stas! fortel Frøydis.

Dame sit ved sidan av ei lita kake med lys
Ingrid Marte har bursdag denne dagen og dei frivillige har laga kake med lys.

Oppmøtet brukar å vere godt. Det er det er litt få frå Sogndal som møter opp, men det kjem tre bilar frå Gaupne og ein gjeng frå Leikangar.

- Vi veit ikkje kvifor det kjem så få frå Sogndal, for vi trur jo at behovet er der, seier Frøydis og legg til at det er forståleg at det ikkje kjem deltakarar når det kræsjar med fotball-kamp.

Det er elleve frivillige frå Røde Kors som delar på å arrangere Bingoen. Det er lagt opp slik at ein er med som frivillig ein kveld i månaden.

Dame i rullestol gjev ein slags high five til kvinneleg Røde Kors frivillig
Det er ein herleg gjeng som deltek på aktiviteten. Dei gjev dei frivillige mykje glede.

- Når ein først har byrja å vere med så blir ein der, seier Inger Johanne.

Og aktiviteten vert verkeleg verdset. Ein pårørande fortel kor mykje dette betyr for sonen. Det å komme seg ut og å ha noko å sjå fram til er veldig viktig. Det vart spesielt tydeleg under pandemien då alt vart stengt.

Dame kledd i Røde Kors vest ser på blid mann
Inger Johanne Talle saman med Lars, ein av deltakarane på aktiviteten.

- Dei var like skuffa kvar gong det vart nedstengt. Kvar jul og sommar brukar vi å ha avslutning med pizza, og det var spesielt ein som vart ekstra lei seg då vi måtte avlyse juleavslutninga. Eg ringte han og sa, eg skal love deg at når vi opnar opp at, då skal de få pizza, fortel Inger Johanne.

Til saman møtte 36 deltakarar, frivillige, pårørande og hjelparar til snøscooterkøyring i Rindabotnen denne mandagen. Det var tydeleg mange som hadde gleda seg til denne dagen.

Mann sit i kassa bak ein snøscooter
John tykte det var så kjekt å køyre scooter at han måtte ha ei ekstrarunde.

Ein av deltakarane, John, hadde bestemt seg på forhand, han skulle køyre to turar med snøscooter. Ei runde der han skulle fotografere og ei runde der han skulle filme. Han fekk sitte både bakpå scooteren ei runde og i kassa den neste. Smilet var like stort begge rundar. 

Sjå videoen under og bli med John på snøscootertur.