Seksualopplysarane frå Høgskulen i Vestland Vis bildetekst
Seksualopplysarane våre er sjukepleiestudentar ved Høgskulen på Vestlandet.

Gjev seksualoppysing til 818 elevar

Aldri før har så mange elevar fått seksualundervisning av Røde Kors i Sogn og Fjordane.

– Mange skular har behov for betre seksualundervisning. Tilbodet vårt har fått jamt gode tilbakemeldingar frå både skular og elevar, så i år har rekordmange 18 skular meldt seg på. 818 elevar skal delta, seier Thor Erlend Mehammer, tilretteleggar for ungdom i Sogn og Fjordane Røde Kors.

“Aktivt val”, som tilbodet heiter, er gratis til ungdoms- og vidaregåande skular i fylket. Så lenge det er kapasitet. Undervisinga vert gjennomført to veker i mai-juni. Det er tolv sjukepleiestudentar ved Høgskulen på Vestlandet, som har valt å vere seksualopplysarar i ein praksisperiode. I år er dei fullbooka.

#Metoo

– Metoo har nok hatt mykje å sei for etterspurnaden. Temaet har kome på dagsorden i heile samfunnet. Det vert snakka meir om kontroversielle og tabubelagte tema enn før. Det har gjort tilbodet meir aktuelt, seier Mehammer.

Gå til "Aktivt val"

“Aktivt val” er ein 90 minuttar lang verkstad med både undervising og aktivitet. Det er til dømes innføring i grunnleggande anatomi, elevane får øve på å ta på kondom på dildoar og dei får høve til å stille anonyme spørsmål  – og få svar.

Vil trygge unge

– Vi skal normalisere det å snakke om sex, og vi utfordrar elevane sine eigne tankar om seksualitet, grensesetting og det å vere klar med både kropp og hovud. Vi skal gje ungdom relevant kunnskap, gode haldningar, sunne ideal og betre tryggleik når dei sjølv skal debutere seksuelt, seier Mehammer.

Ei av styrkene til Aktivt val, er at seksualopplysarane kjem utanfrå skulen og er ukjende for elevane – dei kjem ikkje til å sjå dei att i neste norsktime. Då vert terskelen for å ta opp flaue eller vanskelege tema lågare. I tillegg er seksualopplysarane sjølv unge. Forsking har synt at det kan gjere det lettare å snakke om sex og seksualitet ung til ung.

Framtidas helsearbeidarar

– Studentane som vel Røde Kors som praksisplass er svært motivert og engasjert i temaet, og ønskjer å utfordre seg sølv og løfte seksualundervisinga i fylket. Samarbeidet med Høgskulen er essensielt for at vi skal klare å tilby så god undervising til så mange. I praksisperioden sin hjå oss, får studentane fagområdet under huda, noko som styrker framtidas helsefagarbeidarar innanfor temaet, seier Mehammer.