Fire av årets seksualopplysarar i Sogn og Fjordane Røde Kors. Vis bildetekst
Fire av årets seksualopplysarar i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Sex på timeplanen

Spørsmåla sit laust når Røde Kors sine seksualopplysarar besøker klasserom i Sogn og Fjordane.

– Mange reagerer sånn «kva er dette klisset?» når dei får prøve å rulle på ein kondom i våre timar. Då får vi stadfesta at dette har dei ikkje erfaring med. Det er jo greitt å ha prøvd før ein skal bruke den på skikkeleg. Då er terskelen lågare, seier Ann Emelie Tveit, seksualopplysar hjå Sogn og Fjordane Røde Kors.

Saman med 11 andre sjukepleiestudentar frå Høgskulen i Vestland har ho turnert ungdoms- og vidaregåande skular i Sogn og Fjordane i to hektiske veker. Der har dei halde to timar seksualundervisning for Røde Kors, inne i klassane, utan lærar til stades.

Øving på å ta på kondom.
For mange av elevane er Røde Kors si seksualundervising første møte med kondomar.


– Seksualitet dreier seg om mykje meir enn berre sjølve handlinga. Det har med identitet og å bli kjent med seg sjølv å gjere, å tore å vere den ein er. Ein tenkjer kanskje at ungdom i dag veit veldig mykje, fordi informasjon er så lett tilgjengeleg, men vår erfaring er at det er mykje dei lurer på og mykje dei ikkje forstår, seier Lena Cecilie A. Kjøde, også ho seksualopplysar.

Utan fasit

Undervisinga er oppdelt i tre hovudbolkar. Seksualitet og legning, sex og kropp, i tillegg til grenser og samtykke. Ei gjennomgåande problemstilling er kva som er «normalt».

– Legning og seksualitet handlar om mange ting, ikkje berre kva kjønnsorgan du er fødd med, men kva du tenkjer og føler om desse spørsmåla, korleis du uttrykker det og kven du tiltrekkast av. Poenget i undervisinga er at det er ingen fasit, seier Kjøde.

2021-06-03_12-11-20_seksualundervising-2
Lena Cecilie A. Kjøde meiner det er viktig å bli trygg på seg sjølv og vere den du er.


I dei to skuletimane dei disponerer, går dei igjennom teorien rundt dette med kjønn, legning og seksualitet, før dei stiller spørsmål og diskuterer problemstillingar saman med elevane. Elevane hadde til dømes spørsmål om korleis ein kan komme «ut av skapet» ovanfor foreldra, korleis jenter har samleie og andre spørsmål om homofili.

Elevar letta av bilde

Innleiinga av temaet kropp og sex går rett på sak. Elevane får sjå bilete av avstøypingar av eit hundretals mannlege og kvinnelege kjønnsorgan. Det syner seg at dei er forskjellige. Svært forskjellige. Og kanskje mykje meir forskjellige enn kva mange av elevane forventa.

– Mange blir letta når dei ser dette bildet, at den store variasjonen er normalen. Dei blir jo fora med eit bilde av korleis ting skal sjå ut frå media og porno, seier Iselinn Folkedal, som fortel at dei også måtte avklare for elevane at jomfruhinna som ei hinne det går hól på ved samleie eller tampongbruk, ikkje finst.

2021-06-03_12-18-06_seksualundervising-2
Iselinn Folkedal er opptatt av at ungdomen skal gjere trygge val.

– Ja, og så var det også spørsmål om debutalder, aldersgrenser, storleik på penis – noko som ofte er fokus hjå gutar. Då er det greitt å syne fram dildoen vi har med, som syner gjennomsnittsstorleiken. Vi snakka om kva som er normalt, at det ikkje er uvanleg å miste ereksjonen under eit samleie, at å komme for fort er heilt vanleg, supplerer Kjøde.

Refleksjonar rundt ja og nei

Samtykke og grensesetting er også eit svært viktig tema, ikkje berre i ung alder, men gjennom heile livet.

– Vi tar for oss situasjonar der ein må tenke igjennom eigne grenser og korleis stille seg til andre sine grenser. Det handlar om bevisstgjering. Eit døme kan ver at ein flørtar ein heil kveld med nokon, endåtil går inn på eit rom med dei, men så trekker deg. Skuldar du nokon sex? Nei, du har rett til å sei nei og syne kvar dine grenser går, du har rett til å ombestemme deg – og du har ansvar for å respektere andre sine grenser, seier Tveit.

– Vi gjer dei merksame på at ei problemstilling om grensesetting kan virke enkel i ein skuletime, men det er noko anna å sette grenser når du er i situasjonen. Difor er det lurt å reflektere på førehand, seier Kjøde.

2021-06-03_12-14-06_seksualundervising-2
Gabriele Krasauskaite er opptatt av å formidle at stort sett alt ved kroppen og kjensler er normalt.

– Det virka som veldig mykje av det vi snakka om under dette temaet, var noko dei reflekterte om for første gong. Det er veldig viktig at dei gjer det, seier Gabrielle Krasauskaite, den fjerde seksualopplysaren i gruppa.

Kjønnsjukdomar og kondombruk

I utgangspunktet er ikkje kjønnssjukdomar, kondom og prevensjon eit stort tema i Røde Kors si seksualundervising – fordi det skal vere dekka av skulane. Denne gruppa hadde ei anna erfaring. Elevane hadde svært mane spørsmål rundt dette.

– Vi fekk mange spørsmål om kjønnssjukdomar, korleis ein vert smitta, kva det mest vanlege er, kva som er symptom, om ein kan bli frisk av dei, seier Krasauskaite.

Det var her seksualopplysarane erfarte at mange elevar trengde meir kunnskap, mellom anna om kondombruk.

– Hjå nokon var det ei oppfatning om at ein ikkje treng å bruke kondom, då jentene brukar p-pille og ikkje blir gravide uansett! Då har nokon gløymt at dette er eit felles ansvar. Dessutan beskyttar ikkje pillen mot kjønnssjukdommar som klamydia – der Norge ligg på verdstoppen. Ein elev spurde kva det verste som kunne skje om ein fekk klamydia var. Svaret «sterilitet» var ikkje så farleg for han. Utfordringa er at ein også kan gjere andre sterile, som har lyst å ha barn, i motsetning til han som ikkje har lyst på det, i ein alder av 15 år, seier Folkedal.

2021-06-03_12-12-15_seksualundervising
Ann Emelie Tveit minner ungdommane om at det er viktig å tore å sei nei, og det er lov å ombestemme seg.

Ta trygge val

Tryggheit rundt dette med sex og seksualitet har mykje å sei for livskvaliteten til alle. Det går på både det fysiske og det psykiske, det handlar om identitet, tankar, kjensler og spørsmål knytt til kva som er normalt og ikkje normalt. Våre fire seksualopplysarar summerer det slik:

Det handlar om å bli trygg på seg sjølv og tore å vere den du er. At det meste er «normalt» når det kjem til kropp og kjensler – verda er mykje meir variert enn stereotypiar og «ideal» tilseier. At ein må ta trygge val, tore å sei nei, og tore å ombestemme seg.

Les meir om skuletilbodet her!

Røde Kors seksualundervising er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Røde Kors og Høgskulen i Vestland. Sjukepleiestudentar i Førde vel dette som praksisperiode, dei får opplæring av Røde Kors, og så reiser dei rundt til dei skulane som har bestillt besøk, vanlegvis to veker i mai-juni.