Sigurd Strand med fortenestemedalje. Vis bildetekst
Sigurd Strand med Norges Røde Kors fortenestemedalje. Foto: Henning A. Hellebust

Medalje til Mister Olden Raude Kross

Det er ikkje så ofte Sigurd Strand vert mållaus, men då presidenten i Røde Kors las opp grunngjevinga for at han er tildelt Norges Røde Kors Fortenestemedalje, vart det stille.

Det verkar som ei eviglang merittliste president Thor Inge Sveinsvoll les opp. Eigentleg er det Sogn og Fjordane Røde Kors sin 75-års jubileumsfest. Over 115 rødekorsarar sit festpynta og musestille og lyttar. Det er ikkje berre distriktet som skal feirast. Det skal også ein tillitsvald og frivillig som har utmerka seg sidan han vart lokalforeiningsleiar i Olden Raude Kross i 2006.

Stor jubel

– Norges Røde Kors komité for ærevising deler ut Norges Røde Kors Fortenestmedalje til Sigurd Strand for det engasjerte og langvarige arbeidet hans for Røde Kors og dei Røde Kors er til for, særleg innan beredskap, seier Sveinsvoll.

Thor Inge Sveinsvoll i Norges Røde Kors overrekker medalen til Sigurd Strand.
Thor Inge Sveinsvoll i Norges Røde Kors overrekker medalen til Sigurd Strand.

Før Sveinsvoll er ferdig å framføre bodskapen sin, reiser heile salen seg i jubel og applauderer energisk. Alle veit at dette er ærefullt, dei som kjenner han, vil sei vel fortent. Strand vert sittande nokre sekund, før han reiser seg og går sakte fram mellom borda og smilande andlet. Til presidenten. Han tek imot ein blå boks med ein raud og kvit medalje i sølv og emalje, eit innramma diplom og ein bukett med blomar. Bukkar djupt og pustar ut.

Synøve Sande fester medaljen på Sigurd strand.

Leiaren i Sogn og Fjordane Røde Kors, Synøve Sande, festar medaljen på jakkeslaget til Strand, som no er på lista over nokre hundre personar som over tid har lagt ned ein særskilt innsats i Røde Kors.

– Tusen takk! Det er ikkje ofte eg blir mållause, seier Sigurd inn i mikrofonen med skjelvande stemme. Men no… No tok de innversvingen på meg. Tusen takk, seier han igjen, før han går og set seg med ristande hovud.

Sigurd Strand låner ut samband til isolerte innbyggarar.
Sigurd Strand har tatt båten inn i isolerte Oldedalen etter Dagmar, og deler ut ein sambandsradio til hjelpekorpsar Janne Helen Gjerde. Radioen og båten er kommunikasjonen inn og ut av grenda i sju dagar. Arkivfoto Røde Kors-avisa 1-2012, Margunn Masdal.

Orkan sette spor

Vi spolar tilbake til 2. juledag 2011. Ekstremværet Dagmar høvlar over Vestlandet, stenger vegar, riv av hustak og kappar straum og telefonlinjer. I Stryn kommune stiller Røde Kors seg til disposisjon, og Sigurd Strand i Olden Raude Kross er ein av dei som reiser bygda rundt med handskrivne notat til innbyggarane om situasjonen og planlagde tiltak. Røde Kors stiler også opp med sitt radiosamband og aggregat for å hjelpe. Eldre einslege er ei av gruppene som får særskild oppfølging.

– Eg kjem inn i eit hus der ein eldre mann sit midt på golvet og ventar på andre døgnet på at straumen skal komme tilbake. Han har ikkje mogelegheit til å be om hjelp, og er sterkt nedkjølt. Det var heilt forferdeleg. Eg sette meg i bilen og køyrde heim og henta ved, og fekk fyrt opp for han. Då ordna det seg, seier Strand.

Sigurd Strand står ved knekt granskog.
Granskogen fekk unngjelde under Dagmar. Det førtte til stengde vegar og kutta telefon- og strumlinjer. Arkivfoto Røde Kors-avisa 1-2012, Margunn Masdal.

Då statsminister Jens Stoltenberg kjem på synfaring til Sogn og Fjordane kort tid etter, er det frå Sigurd Strand han får høyre det. Då er han ikkje mållaus.

– Momskompensasjon er svært viktig for dei frivillige organisasjonane. Skal Røde Kors vere ein støtteaktøren for dei lokale styresmaktene, må Røde Kors ha dei resursane som krevst i ein krisesituasjon. Røde Kors er ein stor kjøpar av sambandsradioar og -utstyr, aggregat og transportutstyr. Ein fullverdig kompensasjon for MVA ville lette byrden for Røde Kors og auke den lokale beredskapen, sa Strand til statsministeren.

Taktskifte i beredskapen

Hendinga vart eit skifte i korleis vi i Røde Kors i Sogn og Fjordane handterer kriser. Strand var då medlem i distriktsstyret og var nyleg utpeikt til å leie Sogn og Fjordane Røde Kors sitt beredskapsutval. Utvalet fekk mellom anna sett i gong arbeid med å oppdatere eigen beredskapsplan og lage nytt beredskapskurs for frivillige, som seinare vart utgangspunkt for eit kurs nasjonalt i Røde Kors. Det vart også bygd eit kriseleiingsrom på distriktskontoret i Førde, der fylkesleiinga skal kunne samlast og kommunisere med resten av fylket, sjølv om både straum og telekommunikasjon fell ut.

Sigurd Strand på stand.
Det har blitt mange timar på stand for Sigurd Strand. Her frå Røde Kors sitt 150-års-jubileum i 2015.

Strand er jo langt frå berre opptatt av beredskap. Etter å ha blitt introdusert for Barnas Røde Kors (Bark) på ei samling, fekk han gjennomslag for å starte med Bark i Olden Raude Kross. Bark i Olden vart fort eit døme til etterfølging, der aktivitetsleiaren Winnie Strand (Sigurd si kone) sin perm vart kopiert opp av nasjonalkontoret for å spreiast som eit godt døme til alle andre som ville drive aktiviteten. Strand held også kurs for andre frivillige, mellom anna om korleis gje psykososial støtte.

Forfærda over naturkreftene

Som aktiv hjelpekorpsar har han delteke i felt under fleire tilfelle av ekstremvær. Først Dagmar, så styrtregn med evakuering på Blakset i Stryn, styrtregn med evakuering i Utvik og sist i Olden. Her fortel han frå Utvik, ei hending der naturkreftene sette ein djup støkk i han.

Redningsbåtar frå hjelpekorpsa på Eid (nærast), Stryn bak til venstre og Olden til høgre. Personane er Øystein Torheim, Ove Haugen, Ole Morten Vik, Terje Mundal, Jonny Rustøen, Sigurd Strand og Anne Loen Skåre. Foto: Stian Takle Sjursen
Utvik: Redningsbåtar frå hjelpekorpsa på Eid (nærast), Stryn bak til venstre og Olden til høgre. Øystein Torheim, Ove Haugen, Ole Morten Vik, Terje Mundal, Jonny Rustøen, Sigurd Strand (grøne regnklede) og Anne Loen Skåre i innsats. Foto: Stian Sjursen Takle, NRK.

– Fleire virka å vere fortvila. Det var ei skremmande og sjokkerande oppleving. Utvik var ikkje likt seg lenger. Det tok ein god time frå vi fekk varselet til vi var på sjøen, klare til å evakuere. Det er dette vi er til for, det er dette vi øver på og har hundre timar opplæring for å vere med på. Etter kvart ligg det under skjorta, sa Sigurd Strand, etter å ha ført båt under evakuering i Utvik sommaren 2017.

Vil gjere ein forskjel

I desse dagar er det Olden Raude Kross sitt 100-års jubileum som har fokus hjå Strand. Feiringa skulle eigentleg vore i fjor, men det sette korona-pandemien ein stoppar for. No ventar Strand fullt hus når store deler av bygda og Røde Kors er invitert til markering i Olden Raude Kross sitt eige forsamlingslokale i Olden.

Historiske gjenstandar.
Då Olden Raude Kross feira 95 år, stilte dei ut utrangert utstyr. Vegard Tonning (t.v.) Anne Loen Skåre, Hildegunn Mykløen og Sigurd Strand. Arkivfoto Røde Kors-avisa 1-2015. Henning A. Helllebust.

Kva er det som driv deg?

– Eg slit med å setje ord på det. Det har no berre blitt slik. Det å bruke fritida til noko kreativt så eg kan hjelpe andre, det tykkjer eg er kjekt. Det gir meg inspirasjon å lære nye ting, møte andre i Røde Kors og utvikle organisasjonen. Denne utmerkinga gjev meg gnist til å halde på, seier han.

Kva betyr mest for deg?

– Det er beredskapsarbeidet, å tilretteleggje for god beredskap, slik at vi kan vere klare til neste hending, når resten av slekta til Dagmar kjem. At vi då veit kva vi skal gjere, at vi har forbetra oss, at vi har utstyr som er dugande. Målet vårt er å prøve å hjelpe til å avgrense skadane og hjelpe dei som treng hjelp i slike situasjonar. Har vi ikkje god beredskap, får vi ikkje hjelpt når krisa verkeleg råkar, avsluttar han.

Protokoll fra æresbevisningskomiteen: Sogn og Fjordane Røde Kors, med helhjertet støtte fra Olden Raude Kross har søkt om æresbevisning til Sigurd Strand, som har vært særs aktiv i Røde Kors siden han tok på seg ledervervet i lokalforeningen i 2006, en forening som har et aktivt hjelpekorps, besøkstjeneste og Barnas Røde Kors, med en medlemsoppslutning på over ti prosent i bygda.

Han har vært styremedlem Sogn og Fjordane Røde Kors fra 2010, Leder for Sogn og Fjordane Røde Kors beredskapsutvalg, fra 2011. I søknaden fremheves det at Strand har særlig utmerket seg i beredskapsarbeidet.

Ansvarsområdet til Olden Raude Kross har historisk vært utsett for store naturskapte ulykker. Dei to rasa med påfølgende flodbølger i Lodalen tok mange liv. Olden er ei stor cruisehavn i Nordfjord med mange 10-tusen tilreisende kvart år. Strand har vært pådriver for at hjelpekorpset skal ha utstyr som gjør at de kan svare på utfordringene de blir stilt overfor. En hurtiggående redningsbåt, mannskapsbil, beredskaps henger og gode lokale, er noe av det han har bidratt til gjennom sitt engasjement.

Da ekstremværet Dagmar herja i 2011, representerte han Røde Kors i fremste rekke, tok et humanitært initiativ og stilte opp for kommuneledelsen og innbyggerne over flere dager. Han var i ettertid talsperson for lokal beredskapsevne og Olden Raude Kross har et svært aktivt samarbeid med kommunen om beredskap, og etablerte også aktiviteten Beredskapsvakt.

Senere har han stilt opp som hjelpekorps-mannskap under evakuering etter styrtregn på Blakset i Stryn, Utvik og Olden. Sigurd Strand jobba også tidlig for å få på plass et lavterskel tilbud for barn i bygda, og bidrog sterkt til at Olden Raude Kross fikk etablert Bark i 2009. Strand har videre vært en pådriver for å bygge omdømmet til Røde Kors kombinert med å tjene penger gjennom bl annet å være sanitetsvakt på det internasjonalt kjente motbakkeløpet Skåla Opp, og Skarsteinsætra opp.

Strand beskrives videre som en pådriver for at lokalforeningen skal engasjere seg i store spørsmål og organisasjonsdemokratiet, og sørger for deltagelse på landsmøte, distriktsårsmøte og på organisatoriske høringer. Han er opptatt av at de som har skoa på, må fortelle hvor det trykker. Sigurd Strand omtales lokalt med hederstittelen «Mister Olden Raude Kross».

Distriktet fremhever at Sigurd Strand har vært et aktivt medlem i distriktsstyret siden han ble innvalgt i 2010, og går inn i alle saker med et sterkt engasjement. Han har i tillegg tatt ekstra ansvar og er medlem av distriktsstyret sitt arbeidsutvalg. Distriktet fremhever også hans sterke engasjement og viktige bidrag for Sogn og Fjordane innenfor beredskapsarbeidet, også på nasjonale nivå. Eksempelvis ble erfaringene fra Dagmar direkte overført og tilpasset til relevant innhold i planverk og nytt grunnkurs beredskap, som senere ble grunnlag for Norges Røde Kors’ utvikling av tilsvarende opplæring.

Vedtak: Norges Røde Kors komite for æresbevisninger tildeler Norges Røde Kors Fortjenstmedalje til Sigurd Strand for hans engasjerte og langvarige arbeid for Røde Kors og de Røde Kors er til for særlig innenfor beredskap, både i Olden Raude Kross, og i Sogn og Fjordane Røde Kors.