Båt-ulykke på Røde Kors-aktivitet

Ein deltakar og ein frivillig på Sogn og Fjordane Røde Kors sin aktivitet "Ferie for alle" vart skadd under båtulykke i Flekke i dag. Dei to er tekne hand om av Helse, informasjon om deira tilstand er det per no helseføretaket som har.
 
Vi er svært lei oss for at ulykka har skjedd og at ein deltakar og ein frivillig er skadd. Det skal vere trygt for deltakarar og frivillige å vere på ferie med oss.
 
I samarbeid med tilbydar av opphaldet, UWC Connect, jobbar vi no med å avklare bakgrunnen for ulykka, slik at vi kan unngå at noko slikt kan skje igjen.
 
Deltakarane skal etter planen avslutte opphaldet sitt i dag. Det som er viktig for oss no, er å ta vare på alle som var involverte. Vi følgjer tett opp dei som var involvert i ulykka og dei andre deltakarane og frivillige på opphaldet.
 
Ferie for alle er eit tilbod til familiar med varig svak økonomi. Dei får eit gratis opphald på Haugland frå mandag til fredag. Aktivitetane er tilrettelagt med UWC Connect sine aktivitetsleiarar og Røde Kors sine frivillige. På opphaldet var det 100 deltakarar og 24 frivillige.