Hjelpekorpsa leitar ofte etter personar der psykisk helse kan vere medverkande til forsvinninga. Bli med Førde på øving.

Søk etter motlaus

Hjelpekorpsa leitar ofte etter personar der psykisk helse kan vere medverkande til forsvinninga. Bli med Førde på øving.

Ein etter ein møter dei opp på Førde Røde Kors Hjelpekorps sitt depot. Smil og små kommentarar delast, men medlemmene set målretta i gang med kveldens oppgåver. Det er øving. Hjelpekorpset er sosialt og kjekt, men det ein skal bli god på, det er alvor.

— Så snart kvar enkelt av oss er klare med personleg utrusting - mat, drikke, varme kle og anna personleg utstyr - byrjar vi å pakke lagsutstyr, seier korpsleiar Pål Dahl til dei frammøtte i Førde Røde Kors Hjelpekorps.

rka16-2_FørdeRKH_pakking

Det er ein kald haustkveld. Det blir snart mørkt. Dei pakkar ein Jervenduk dersom dei finn sakna som er nedkjølt. Mykje lys; Hodelykter og supersterke søkelykter. Dei pakkar radio, stiller inn på rett kanal. GPS. Kart. Kartmapper.

— De må berre ta ansvar for det de treng av utstyr sjølv, gå inn og plukk med det de må ha. De treng ikkje spørje. Eg er ikkje sjef for sjokoladen heller, seier Dahl.

Bli med i Hjelpekorpset

Ut med to søkelag
Snart er to ettersøkingslag klar til å rykke ut. Dei set seg i mannskapsbilane og køyrer til Moskog, der «politiet» i øvinga skal møte dei. Alt materiellet er klart, men dei veit ikkje kva som ventar dei. Er det ein turgåar, er det eit barn, er det nokon som ikkje vil bli funnen, er det ein dement oldefar? Hjelpekorpsarane veit at ettersøkinga vil leggast opp etter kva bakgrunn den sakna har. Og dei veit at det snart vert mørk og kanskje frost. Dei må vere effektive.

rka16-2_FørdeRKH_studere_kart

— Vi har fått inn ei saknamelding om at «Per» ikkje kom heim frå jobb, seier «politiet».

Mannskapet finn fram notatblokker og noterer ned det viktigaste. At ein er engsteleg for «Per» fordi han har vore litt lei seg i det siste, grunna eit brot med ein kjærast. Han har ikkje fått den jobben han hadde jobba for, og har hatt såpass mykje motebakke at han har vore i kontakt med helsevesenet om si psykiske helse.

— Kva er signalementet på han? Spør Torbjørn Ryland Steinholm.

— Han er lys i huda, lyst hår, grilldress. Cirka 170 høg, seier «politiet».

— Dette er eit område han likar godt, han er godt kjent her. Så vi søker i området ned mot elva. Lag ein tek den øvste delen opp mot E39, lag to tek den nedste, seier «politiet», og deler ut ei kartskisse over området.

rka16-2_FørdeRKH_søk_bjørkeskog


Tida tel
Laga vurderer korleis dei raskast råd skal komme seg fram til tildelt søketeig frå gamlekiosken på Moskog. No veit dei at søket er etter ein person som kanskje ikkje ønskjer å bli funnen. Kanskje er suicidal.

— Vi føl stien ned til krysset der, og derifrå kan vi jobbe oss til huset på kartet som avgrensar søket. Vi gjer eit grovsøk med to personar til vi får nærmare instruksar til kvar vedkommande kan vere, seier Marie Nygård.

Dette er første året hennar i Hjelpekorpset. Ho har møtt opp på fleire redningsaksjonar, men kvar gong har det ordna seg før dei fekk sett i gong med eit søk. Difor gjev korpsøvinga verdifull erfaring.

— Førde 9.1., dette er Førde 2.2. Vi er no framme ved søketeigen og startar søket, seier Christine Hjertholm Granberg over radioen.

rka16-2_FørdeRKH_status_ridebane

Mønster hjå sakna
Dei beveger seg langs ein traktorveg ved Mo jordbruksskule. Diskuterer å ta ein avstikkar til ei jakthytte, men bestemmer seg for å ta den på returen. Så kjem det ei melding frå korpsleiar om at dei i hovudsak søker sti og veg med 20 meter flanke på sidene.

Det er ikkje tilfeldig. Redningsstatistikk  syner at 90 prosent av dei suicidale vert funne innanfor 50 meter frå veg eller sti. Det som er typisk for denne gruppa at dei reiser litt vekk, men ikkje ut i øydemarka. Dei vel gjerne ein stad med godt utsyn. Der dei er i fred og ro.

Søkelaget har gått ut i terrenget. Hodelyktene har komt på, det er tussmørke. No skal dei ta seg opp ein åskam som er planta til med tett granskog. Dei passar på at dei held ei slik avstand at dei ikkje går forbi nokon.

— Her er eit lite hus, døra er ulåst, skal vi sjå der, spør Marie Nygård over sambandet.
— Berre gå inn og sjekk.

rka16-2_FørdeRKH_nedoverbakke

Søkelaget bankar hardt på døra, ropar om det er nokon der, opnar døra og lyser inn. Tomt. Så kjem det ei ny melding på radioen, om at alle må flytte seg til ein kartreferanse. 399 156.

— Vi plottar den inn på GPS’en, seier Nygård, før dei hastar vidare til neste mål.  

— Vi har fått ein vitneobservasjon frå bebuarane på andre sida av vegen. Siste sikre observasjon er her på denne vegen. Vi fordeler oss bortover vegen og tek eit grovsøk ned gjennom skogen her, med 20 meter avstand, seier korpsleiar.

Funn!
Så let dei seg sluke av det mørke villniset. Let hovudlyktene sveipe fram og tilbake. Utanom kvistar som knekk, er det heilt stille nokre minutt.

rka16-2_FørdeRKH_funn_590

— Funn! FUNN!! ropar Malene Westervik, før ho melder det inn på radioen.

— Eg ser ein person som sit lent mot eit tre, seier ho. Ho får snart avklart at her er det ikkje noko ho kan gjere. Markørdukka førestiller ein død person.

Hjelpekorpsarane samlar seg rundt dukka. Det er stille, berre ein fjern dur frå E39 høyrest.

— Han her kom vi dessverre for seint til. Når vi leitar etter ein person i kategorien "motlaus", kan dette vere resultatet.

Dei står der i ein sirkel og veit at den evalueringa dei gjer no, kan bidra til at neste gong, når det verkeleg gjeld, kan dei kanskje klare å vere ute i tide.