Rørande sommarfest

Når gamle vener og kjente møtest, heile familien dukkar opp, orkesteret spelar til dans og Røde Kors serverer grillmat, kan ein bli reint rørt.

Det er ein stor dag på Askvollheimen, denne knallblå forsommardagen. I sansehagen driv Marit Clausen og Askvoll Røde Kors Omsorg og set ut stolar og benkar. Dei dreg ut bord, ein grill. Tre musikarar frå Fjaler, som kallar seg RamSkogÅs, kjem bærande med instrumentkassar. Fele, trekkspel, gitar. Riggar notestativa på plass i le for ein litt kjølsleg bris frå nord.  

– Eg håpar på 100 menneske. Eg har kjøpt inn 360 pølser vi skal grille, ler Marit, som veit at ho siktar høgt.  

IMG_3727-2
Marit Clausen (t.h.), leiar i Askvoll Røde Kors Omsorg og Linda Karin Solheim, leiar i Askvoll Røde Kors er gler seg over oppmøtet på sommarfesten.



– Kan du ta deg av loddsalet? spør ho Anja Grov Johnsen. leiar i Folkeakademiet Askvoll og viktig samarbeidspart.

Marit fyller eit bord med gevinstar, mellom anna eit lengstreisande skjal frå Roma. Klart dei må ha loddsal. Det er litt spenning, og det gjev inntekter til arrangementet, som elles er gratis. Men mest av alt skal gjestene få høve til å treffe andre, ete god mat, nyte vêret, høyre på musikk, nokon vil kanskje ta seg ein svingom.

– Når kvelden kjem, har dei nokre gode minner frå dagen, seier Marit.

IMG_3758-2
Borgny Heggøy og Else Ringstad er gamle vener. Det er kjekt å møtast og slå av ein prat på Røde Kors sin sommarfest.


Ein treng ikkje oppleve einsemd for å delta på festen, men Røde Kors veit at einsemda er til stades i Askvoll. Både på heimen og spesielt hjå dei eldste som framleis bur ute på øyane og i utkantane i kommunen. Difor legg dei mykje i å få til gode arrangement - kvar månad - heile året. Ved å samarbeide med Folkeakademiet, får dei ofte besøk av profesjonelle utøvarar frå turnetilboda deira.  Også Nærmiljøsentralen er avgjerande samarbeidspart for gode arrangement. Men sommarfesten er kanskje høgdepunktet.

Eg vil bli frivillig!

– Eg var med på festen i fjor også. Ein kan ikkje sitte på rommet når vi får eit slikt tilbod - der sit vi nok, seier Borgny Heggøy, ein bebuar på Askvollheimen som takkar ja til å slå av ein prat med oss.   

IMG_3673-2
Det vart etter kvart ganske folksomt i Sansehagen.


Ganske fort fyllest hagen opp. Mange av ei eldste frå bygda og frå heimen, i rullestol, med rulator, stokk, krykkjer, ei støttande hand. Svært mange er rørslehemma. Nokon får samtidig besøk av barn og barnebarn. Ein god del av bebuarane som dei tilsette hjelper ut, forstår nok ikkje heilt kva dei går til, men rødekorsarane veit at dei kjem til å lyse opp når musikken set i gong. Dei veit at slike arrangement bidreg til deira livskvalitet også. Det stadfestar seksjonsleiar Marit Erikstad ved Askvollheimen:

– Musikk er viktig, og når det skjer noko, vil ein gjerne vere med. Festen gjev stimulans til å helse på folk, snakke med nokon, eit positivt avbrekk. Det påverkar både den mentale og den fysiske helsa når dei kjem seg i sving, når ein må komme seg ut av stolen. Det har også positive ringverknader for personalet, dessutan betyr det mykje at pårørande kjem.  

IMG_3735
Tilsett Turid Håland Ølmheim og Arve Kaland (pårørande) tok seg like godt ein svingom.


Då er det på tide å ta mikrofonen for Marit og opne festen.  

– Velkomen, velkomen, seier Marit ho, og introduserer musikarane.  

IMG_3688-3
Aud Helle og Vigdis Follevåg går rundt med pølse i brød til gjestene. I bakgrunnen ser vi Jakob Øyren. Han er ein av dei som ofte stiller med trekkspel og dreg i gang allsong på Askvollheimen.


RamSkogÅs dreg i gong ein vals som straks løyser på fleire nye smileband. Som tergar ein del skotuppar til å gå opp og ned i takt med musikken. Samtidig jobbar grillgutane Gunnar Sølvberg og Arne Klausen på spreng for å få klar serveringa. Snart har dei fylt opp fleire brett med pølse i brød. Besøksvenene går rundt og serverer, passar på at alle får forsynt seg.

– Hallo Alfred! Her kjem eldste barnebarnet mitt! Eg visste ikkje at dei kom. Det er aldeles oppmuntrande og kjekt, seier Borgny.

Det nesten som eit familiesamankome, med søner, dotter og barnebarn til stades. Dei benkar seg rundt ho på denne strålande dagen.  

– Det er veldig hyggeleg. Det er nesten som tårene kjem. Dessutan er eg no så glad i slik musikk, det gjev meg noko når dei kjem og spelar.  

IMG_3669-2
Orkesteret RamSkogÅs som består av Gunnar Skoghei, Andreas Ramstad og Atle Åsnes spelar gamle slagerar, og fortel historier om Ivar Medaas og gamle prestar.


Sjølv har ho spelt mykje trekkspel, jamvel i bryllaup saman med bror sin. No er det ikkje så ofte ho spelar lenger. Det er litt for tungt.   

– Men, eg har masse minner i den musikken, seier kvinna, som har levd mesteparten av sitt vaksne liv som del av ein fiskarfamilie på Atløy.  

Ho tykkjer det er spesielt å ha kome i denne livsfasen, å bu på ein sjukeheim. Det er mykje ein lyt høyre og ta imot og sjå, forklarar ho.  

– Men, det har gått bra. Dei er flinke og gjev godt stell og pleie her. Og slike samlingar, det gir meg noko, det er ei glede i det. Det må de halde fram med,  avsluttar ho. 

IMG_3716-2
Arne Klausen song ein sang om Klara. Atle Åsnes på gitar.