Olaug Søvde Berg Vis bildetekst
Olaug Søvde Berg i Røde Kors Ungdom blir programleiar på konferansen "Smerta ein ikkje ser".

Står opp for dei som har det tøft

Røde Kors Ungdom vil hjelpe dei som slit psykisk. Neste veke arrangerer dei konferanse om ung psykisk helse i Førde og på Nordfjordeid for å gje håp og innsikt.

– Dette er så viktig. Vi ser at det er alt for mange unge som slit ein del med den psykiske helsa. Difor treng dei at nokon står opp for dei og snakkar om dette temaet, seier Olaug Søvde Berg i Røde Kors Ungdom.

Måndag 11. november og tysdag 12. november skal ho stå på scena og leie konferansen «Smerta ein ikkje ser» i storsalen i Førdehuset og Operahuset på Nordfjordeid.

Program og påmelding

– No driv eg og puggar korta mine, slik at eg kan sjå utover publikum når eg snakkar. Eg pleier ikkje vere særleg nervøs, så viss eg har kontroll på mitt, skal det nok gå bra, seier førdianaren, som for tida går på Øyrane vidaregåande skule.

Trist statistikk

Det er tredje året på rad Røde Kors Ungdom i Sogn og Fjordane arrangerer konferansen. I fjor framfor ein fullsett sal i Sogndal kulturhus, året før i Førdehuset. Grunnlaget er det same (tal frå ungdata.no og fhi.no):

  • 11 prosent av ungdomsskuleelevane i Sogn og Fjordane oppgir at dei er plaga med depressive symptom.
  • 17 prosent seier at dei kjenner seg einsame.
  • 9 prosent seier at dei ikkje har ein ven dei kan stole på.
  • 8 prosent fortel at dei vert plaga aller utfrosne.
  • I Norge er sjølvmordstala i vekst.

Open for alle

Konferansen er open for alle, men spesielt inviterte er ungdom, lærarar, politikarar og andre som arbeider med ungdom og psykisk helse. Føremålet er å gje håp for dei som slit, og innsikt til alle som er rundt og kan hjelpe, anten som ven, familie eller fagperson.

Inge Nordhaug 3
Inge Nordhaug, klinisk sosionom i barne- og ungdomsspsykiatri ved Rvts Vest.

I konferansen vil ein prøve å gjere synleg kva som er bak maska hjå dei som har det tøft. Inge Nordhaug, klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri, vil snakke om kva vi ser og kva gjer vi i møte med unge som slit.

Vi er også så heldige at Forandringsfabrikken blir med oss. Dette er unge som deler erfaringar frå eigne tøffe opplevingar eller periodar i sitt liv, og gjev råd til oss alle om korleis ein kan møte menneske med liknande problemstillingar.

Forandringsfabrikken

– Som konferansier på «Smerta ein ikkje ser» får eg høve til å vise at eg er ei som bryr meg og gjerne vil hjelpe dei som slit. Eg oppmodar alle om å møte opp og få innsikt, og syne at dei vil støtte dei som treng det, seier ho.

Arrangør er Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom sitt distriktsråd, som består av aktiv røde kors-ungdom frå heile fylket.