Stian Antonsen ved talarstolen og Stian Antonsen ved sambandsoradioane Vis bildetekst
Foto t.h: Egil Aardal, Firdaposten

Stian Torvanger Antonsen til minne

Sogn og Fjordane Røde Kors har mista ein bauta. Mannen som i stor grad har bidratt til å bygge opp det hjelpekorpset som vi har i dag, let etter seg eit stort sakn og tomrom.

Stian Torvanger Antonsen var Beredskapsmannen, han var den kunnskapsrike og erfarne som gjerne ville dele med andre. Stian tok med seg det beste av alle erfaringane sine inn i Røde Kors, og med det bidrog han sterkt til å skape det Hjelpekorpset vi har i Sogn og Fjordane i dag.

I heile 50 år var Stian aktiv i Røde Kors. Han kom inn i hjelpekorpset i Flora Røde Kors i ung alder og var aktiv på redningsbil og ambulanse, og elles på vaktarrangement, leiteaksjonar og anna som høyrer med av aktivitet i eit hjelpekorps. I hjelpekorpslinja gjekk han gradene heilt til nasjonalt nivå. Stian starta som korpsleiar i hjelpekorpset i Flora, og var leiar i over 10 år mellom 1990 og 2002. Han kom inn i distriktsråd for hjelpekorps i 2001, først som operativ leiar og frå 2003 som distriktsrådsleiar. Stian var distriktsrådsleiar fram til landsmøtet i oktober 2017, då han vart vald som leiar for region vest, og medlem av landsråd for hjelpekorps. Han ynskja å bidra til at hjelpekorpset framleis skal vere den føretrekte frivillige organisasjonen i redningstenesta, ved å gjere ein innsats på nasjonalt nivå.

Som distriktsrådsleiar i Sogn og Fjordane Hjelpekorps var Stian òg fast medlem av distriktsstyret. Der vart det klart for oss kven Stian var, ein særs kunnskapsrik ressurs. Og det spesielt innan fagområda søk og redning, beredskap, og samband. Med sin yrkesmessige erfaring frå dei aller fleste rednings- og beredskapsetatane, kunne Stian underbygge sine synspunkt med referansar til brei praktisk erfaring og læring. Både i distriktsstyret og i landsråd var det aldri nokon tvil om kva Stian meinte, han la fram sine argument med klar og tydeleg røst. Det var aldri nokon tvil om kvar vi hadde Stian, men den gode løysinga var alltid viktigare enn Stian si personlege meining, og det gjorde han til en god lagspelar.

Å bygge organisasjon – bygge Røde Kors og Røde Kors Hjelpekorps, var det sentrale for Stian. Erfaring frå og kontakt med dei fleste beredskapsorganisasjonane gav han òg eit heilt unikt nettverk å spele på, og fleire som han gjerne trakk med seg inn i Røde Kors. Stian var oppteken av eit tett og godt samarbeid, god rolleforståing, og mykje øving saman med dei andre frivillige organisasjonane i FORF (Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum), samt med dei profesjonelle aktørane. Han var planmessig og langsiktig, og bygde relasjonar internt og med andre aktørar i redningstenesta.

Stian Antonsen
Bildet er frå regionmeisterskap for Hjelpekorps 2019.

Stian var oppteken av å tenke nytt og å finne løysingar. Sogn og Fjordane har mange og aktive, men til dels små hjelpekorps. Stian ville samle grunnutdanninga for å gje frivillige i spesielt dei mindre korpsa eit betre tilbod. Det beste dømet på dette er den årvisse grunnkurshelga på Nesholmen. ‘Vårens vakraste eventyr’, som Stian kalla samlinga av eit hundretals nye, lærevillige frivillige. Han fekk også på plass at distriktet skulle betale grunnutdanninga for nye medlemmer. Det kan andre delar av Røde Kors i distriktet dra nytte av i dag.

Stian har hatt avgjerande innverknad på utbygging av samband i Sogn og Fjordane. For han var det å ha sikker kommunikasjon med eigne mannskap i aksjon ein grunnleggande føresetnad. På den eine sida har Stian vore med på utvikling og bruk av nye løysingar – som naudnett og satellitt og på den andre sida har han vore steil på at det fylkesdekkande VHF-nettet ikkje skal byggast ned, men heller styrkast. Han meinte at dei nye løysingane enno er for sårbare. Det har vist seg ved fleire høve at Stian hadde rett. Denne framoverlente haldninga er kanskje resultat av Stian sitt livslange bruk av ulike sambandsløysingar i jobb og frivillig aktivitet.

Mann snakkar i samband
Stian har bidrege til oppbygging av sambandet i Sogn og Fjordane (Foto: NIna Horn Hynne/Røde Kors)

Stian var ein tydeleg leiar. Det kunne nokon gongar opplevast utfordrande å nå fram med eigne synspunkt i diskusjonar der Stian hadde spesielt god kompetanse. Diskusjonane kunne ofte bli lange og oppheta, men det var engasjementet som dreiv han og eit sterkt ynskje om at andre skulle sjå og lære det han tenkte var rett. Og ikkje minst at vi skulle vere budde på det uventa som kunne skje. Oftast hadde Stian mykje rett og hadde han vore så vidt skarp i formidlinga at det var trong for ei orsaking, kom den rimeleg lett. Det var lett å sjå brumlebassen, den som meinte mykje og stakk seg fram, men bak var den gode og varme bamsen av eit menneske, som ville alt og alle godt, og som heia fram nye leiarspirer.

Stian var ikkje redd for å stille krav til sine eigne. Han venta at dei som tok på seg verv, også tok ansvar og gjekk føre. Svarte eller møtte ikkje ein leiar, involverte og inviterte han dei andre i lokalrådet. Alle skulle med. Og i ei tid der brevpost var mest vanleg, tok Stian i bruk dei nye kommunikasjonskanalane for å informere, inkludere og involvere sine. Ein meir personleg kontakt og oppfølging fekk ringverknadar, det tok ikkje lang tid før aktiviteten auka. Stian la grunnsteinane for å tenke nytt, å vere synleg og å få opp aktivitet.

Gjennom sitt virke i ordens- og redningsetatar fekk han innsyn i sider av samfunnet som ikkje er opne for alle. Vi forstod at dette bidrog til at han vart særs oppteken av gode oppvekstvilkår for barn og unge. Stian støtta difor aktivt ungdomssatsinga vi har hatt i distriktet. Stian kalla også ‘Ferie for alle’, som er eit tilbod spesielt for barnefamiliar med vedvarande dårleg økonomi, som det viktigaste Røde Kors har.

Stian i hjelpekorpsuniform på årsmøtet
Stian under Årsmøtet i Sogndal 2022.

Stian kjente på eit sterkt ansvar for lokalforeininga si, og engasjerte seg deretter. Han sto mellom anna på for at Røde Kors-huset skulle verte det som det er i dag - ein samlingsstad for alle frivillige, med stor garasje. Flora Røde Kors har mista ein som såg heilheita i organisasjonen og i samfunnet elles. Han tenkte på heile samfunnet og hadde nær kontakt med mellom anna grendalag og Santitetskvinnene for å sikre at også dei hadde kunnskap om og tilgang til kommunikasjon, i tilfelle krisesituasjon.

Opp gjennom tida som frivillig, som leiar og i sitt yrke, har Stian hatt mange erfaringar med krisesituasjonar og ulukker. Desse erfaringane tok han med seg, og dei var med å forme den Stian som vi kjente, og det arbeidet han gjorde. Det var trygt å ha Stian der då det storma som verst og i arbeid som kan vere både tungt, vanskeleg og til tider vondt.

For få års sidan tok Stian på seg leiarvervet i Flora Røde Kors då ingen andre hadde høve til det. Litt turbulent vart det. Stian tolte godt å bli konfrontert med dette og han meinte at det var nødvendig å ta grep. Stian var særs nøgd då han tidlegare i år kunne gje frå seg leiarvervet til yngre krefter. ‘Dette har eg god tru på at kjem til å gå veldig bra’, sa han seinare.

Stian såg alle og var oppteken av å løfte fram dei frivillige og anerkjenne dei for jobben dei gjorde. Han var flink til å skryte av hjelpekorpsarane sine og av distriktet sitt. I Landsrådet for Hjelpekorps kunne dei ofte høyre frå Stian ‘I Sogn og Fjordane der...’ etterfølgt av ei historie frå heimdistriktet. Sjølv var han ikkje like flink til å ta imot ros. Han vart brydd når nokon ville framheve han. Vi kunne sjå at tårene pressa seg på og han prøvde å skjule det på sin måte – kanskje med ein noko brysk eller vittig kommentar.

No lyt Stian tole litt skryt. Den gode og varme bamsen av eit menneske, som ville alt godt, spesielt for dei svakaste. Den engasjerte og utolmodige frivillige, som til tider kunne vere litt brå og sterk i forma. Hadde ikkje Stian vore den framoverlente typen som han var, så hadde ikkje Sogn og Fjordane Røde Kors vore det som det er i dag. I 2012 fekk Stian Norges Røde Kors Hjelpekorps si fortenestemedalje for sin innsats. Stian såg fram til fridom og færre verv med det nye tilværet som pensjonist. Det er fornuftig å trappe ned, men dette var i meste laget. Stian let etter seg ein stort tomrom, men kunnskapen han hadde og alt han har lært oss vil vi ta med oss for å vidareføre det fantastiske arbeidet som Stian har gjort.

Stian, du var eit godt menneske!

Ein stor takk frå oss alle.

Torbjørn Ryland Steinholm. Korpsleiar, Flora Røde Kors.

Anita Kristin Vik. Leiar, Distriktsråd Hjelpekorps

Kjersti Løvik. Leiar, Landsråd Hjelpekors

Vebjørn Leite Olsen. Leiar, Flora Røde Kors.

Synøve Sande. Distriksleiar, Sogn og Fjordane Røde Kors

Thor Inge Sveinsvoll, President, Noregs Røde Kors