2022_tiltopps-00592

Til Topps med "heile verda" i all slags vêr

Olena frå Ukraina var ein av 54 deltakarar og frivillige som vandra gjennom alle årstider mot toppen av Håheimsfjellet i Jølster.

Meistringskjensla er komplett då Olena Pylypenko tek dei siste stega mot toppen på 1075 meter over havet. 

- Eg har ikkje ord, er det einaste Olena klarer å uttrykke, medan ho skuar utover vakker fjell- og fjordutsikt.

Dame på fjell
Olena frå Ukraina er på sin første fjelltur.

I boka der alle som når toppen skriv namnet sitt, skriv Olena "Eg er veldig glad for å vere her", med eit lite smileteikn bak. Sjølv smiler ho frå øyre til øyre.

Truleg er det mange årsaker til at Olena er glad for å vere i Jølsterfjella denne dagen. For tre månadar sidan flykta ho frå bomber og snikskytarar i Kiev. Mannen og sonen var allereie i Førde i samband med jobb, og Olena kom etter. Ho starta etter kvart på norskkurs og det var der ho høyrde om Røde Kors-arrangementet «Til topps» og ho meldte seg på sin første fjelltur.

Topp-boka der Olena har skrive at ho er glad for å vere der,.
Ukrainske Olena nådde toppen og var veldig glad og fornøgd.

Det eigentlege målet

«Til topps» er eit årleg arrangement der immigrantar i Sogn og Fjordane og frivillige frå Røde Kors går saman på ein fjelltur i passande tempo, med sikte på å nå toppen.

Det å nå toppen er topp, men det eigentlege målet er å bli betre kjent og kanskje meir integrert gjennom å oppleve meistring saman i norsk natur.På vegen opp førast samtalar på norsk, og det er plantar og andre vekstar ein kan studere og bli kjent med.

2022_tiltopps-00451
Ein fin gjeng frå Førde går saman mot toppen denne laurdagen.

Alle årstider på ein dag

Halvvegs opp kan vi med sola i nakken skimte toppen. Vêret endrar seg raskt og sommaren vi fekk ein smakebit av vert fort til haust. Skodda driv fram og tilbake og dekkar til tider heile toppen av Håheimsfjellet. Hjelpekorpsar Einar Hansen, som er med som kjentmann, skuar usikkert opp mot skodda og forsøker å førebu deltakarane på at dersom skodda legg seg på toppen, må vi snu før målet er nådd.

Dette hindrar ikkje sletne føter å setje i gang på neste etappe. Når ein er kledd i kortbukse, som nokon er, kan ein ikkje stå for lenge i ro før ein vert kald. Haust vert til vinter i det ei haglebyge kjem inn frå sida. Det nyttar ikkje lenger å gå fort for å unngå bitande kulde.  

Fjellvett skal også lærast

Når ein tek med seg ein gjeng meir eller mindre urøynde fjellvandrarar er tilpassing undervegs ein stor del av dei frivillige og meir fjellkjente sin jobb. Ved den første «narretoppen» er det mange som kjenner på mangel av motivasjon og kalde fingrar og tær.

- Vi må vere gode førebilete og følje fjellvettreglane. Når kroppen er sleten er det like godt å ta ei pause og kjenne etter om det er betre å snu, seier fleireårig frivillig Grete Fisher frå Sogndal.

Mange er einige og vel nøgde med dagens innsats takast fjellvettregel nummer åtte i bruk: Vend i tide, det er ingen skam å snu. Og kanskje er dette noko av det viktigaste deltakarane har lært denne dagen.

2022_tiltopps-00568
Omtenksame frivillige har med varme løysingar for kalde deltakarar. Gerd Kvile til venstre og Grethe Fischer til høgre.

"Narretoppar" er også toppar

Haglebya letta, vinter vert til vår og skodda trekk seg tilbake når ein innbitt gjeng tek fatt på dei siste stega mot det som vi igjen trur er toppen. Flokken samlar seg på toppen, fotograferar og smilar stort. Brått kjem det frå frivillig Svein Rune Myklebust «Dette er ikkje toppen, varden er der borte».

Med frivillig Svein Rune frå Eid i tet, heng ein god gjeng med mot den høgaste toppen. Dei som ikkje heng seg på, har nådd ein topp og er godt nøgde med den. Svein Rune som er med som frivillig 4. året på rad har sjølv bikka 80 år, men sprett lett mot varden.

Frivillig og deltakar framfor vakker skue
Frivillig Svein Rune Myklebust er stolt over deltakarane.

Med godt humør kjem ein langt

Vinden stilnar og ny energi kjem til då varden nærmar seg. Sola tittar fram og vår vert til det nærmaste du kjem vestnorsk fjell-sommar, vertfall i nokon sekund. Toppen er nådd og blide fjes strålar om kapp med sola.

Frivillig Svein Rune er stolt over kva deltakarane har klart å få til, og er imponert over stå på vilja.

- Sjølv om vêret til tider har vore dårleg er det utruleg kor godt humør aller er i, seier Svein Rune.

Nokon har hatt sin første fjelltur, og forhåpentlegvis ikkje sin siste. Nokon nådde toppen og alle nådde målet, å bli litt betre kjent både med norsk natur og med kvarandre, og kanskje også med seg sjølv? For Olena har det å gå på fjelltur gjeve meirsmak, ho gjer det gjerne igjen.

2022_tiltopps-00614
Glad gjeng på toppen av Håheimsfjellet.

 

Sjå ei kort oppsummering av turen her: