– Kjenner meg som ein vinnar

Rasha Alkhalaf frå Syria var ei av dei mange migrantane frå Sogn og Fjordane som trassa regn, vind og skodde og nådde målet på Til topps i Jølster.

Det plaskar godt i asfalten utanfor Skei hotell i Jølster. Rasha Alkhalaf får på seg deltakararmbandet sitt og skottar opp i fjellsida. Skodda leikar seg rundt det over tusen meter høge turmålet, og småelvene renn kvitt nedover fjellsida.

Det kryr av folk som ho på plassen utanfor, folk som ikkje er så vane med norsk turkultur, som denne dagen skal delta på ein organisert topptur i regi av Sogn og Fjordane Røde Kors, inkluderinsaktiviteten "Til topps".

Eid samlar seg til fotografering før avgang.
Ein del av gjengen som går med Eid Røde Kors samlar seg til fotografering før avgang.

– Vi har litt fråfall, sikkert mest på grunn av vêret, men vi er over 50 frå Stadt, seier ein spent og stolt Dag Magne Sætren, leiar i Eid Røde Kors.

Målet er Kleivafjellet, 1053 luftige meter hover havet, med utsikt mot bre, fjell og fjord. No spørst det, er det trygt å gå på toppen, når skodda slører til sikta?

120 på tur

Dei totalt 120 deltakarane, som kjem frå Kinn, Sunnfjord, Sogndal, Luster, Bremanger og Stadt, skal gå i små grupper med ein erfaren turleiar, ein frivillig i Røde Kors. Frode Øyen frå Nordfjordeid leier gruppa der Rasha er med. Jobben hans er å rettleie og motivere, vere ein trygg og god turkamerat.

2021-06-12_09-52-34_tiltopps

Nokre hundre meter oppi bakkane vert det fort bratt. Og tunge steg. Rasha lurer på korleis dette skal gå.

– No går vi opp til sætra først, så kan du bestemme deg derifrå om vi går til toppen eller ikkje. Dessutan har eg ei stor sjokoladeplate i sekken som du skal få, seier Frode.

Eg vil vite meir om Røde Kors sitt migrasjonsarbeid!

Oppe på Vikastølen skimtar ein Jølstravatnet langt der nede. Det regnar sidelengs, skodda glir raskt over toppane rundt dei. Smilande og oppmuntrande frivillige frå Jølster Røde Kors deler ut saft mellom stølshusa. Rasha er halvvegs, herifrå kan ho sjå toppen. No vaknar motivasjonen. Ho bestemmer ho seg for at dit skal ho. Etter ein liten pause fell dei tilbake i rekka av folk, som buktar seg i sikksakk som ein slange oppover dei bratte og surklande myrene.

2021-06-12_10-47-19_tiltopps
Saftpause på Vikastølen, sånn omlag halvvegs.

– Det er ein kjempefin tur. Det er sosialt, vi vert kjent med forskjellige folk frå forskjellige land, vi snakkar heile vegen til toppen. Og så lærer eg om plantene som veks her. Var det… molte? spør ho.

– Ja, vi har sett på molte, tettegras og soldugg, fullfører Frode.

Stengt på grunn av skodde

Dei får vite at dei siste hundre høgdemeterane får dei ikkje gå. Skodda gjer det for risikabelt. Men opp på kanten, på Litlefjellet 943 meter over havet, dit kan dei gå. Med raske og bestemte steg traskar ho med dei rosa joggeskoa opp dei siste tuene til toppen.

På Litlefjellet blåste det friskt.
På Litlefjellet blåste det friskt.

Liten kuling riv og ruskar i kleda i det dei bikkar kanten. Men smilet, det klarar ho ikkje halde tilbake. Og sjølv om regn og skodde hindrar utsikta, så blir Instagram fora med dokumentasjon. Ho klarte det!

– No kjenner eg meg som ei vinnar, seier ho, og knekk av nokre store ruter av firkløveren som Frode har dratt opp av sekken.

2021-06-12_11-59-52_tiltopps
Rasha og Frode på Litlefjellet. Det eigentlege målet i bakgrunnen, Kleivafjellet, er dekt i skodde.