Kriseleiinga i Sogndal Vis bildetekst
Røde Kors deltek i kriseleiinga i Sogndal kommune

Tilbyr 134 frivillige til Sogndal kommune

Leikanger, Balestrand og Sogndal Røde Kors meldte mandag kveld inn til kommunen si kriseleiing at dei har 134 tilgjengelege frivillige i dugnaden mot korona.

Sogndal kommune har oppmoda Røde Kors i kommunen om å registrere tilgjengelege ressursar for eventuell hjelp og støtte. I møte med kriseleiinga måndag, vart dette svara ut.  

– Røde Kors i Sogndal, Leikanger og Balestrand har som mål å vere klar til innsats på ei rekke område, innanfor laga sine ressursar og kompetanse, og stille opp til på dei oppgåver kommunen definerer. Samla har vi meldt inn 134 personar som vi kan sette i ulike rollar, seier leiar i Leikanger Røde Kors, Knut Henning Grepstad. Han representerer Røde Kors i kriseleiinga i kommunen.

Konkrete bestillingar er enno ikkje komne, men kan vere mange. Det kan til dømes vere å bringe mat, handle, servere, enkel matlaging, enkel vask- og omsorg, rettleiing og vakthald. Men også andre      oppgåver kan kome etter kvart som  kommunen får oversyn over kva som trengst. 

Når Røde Kors i 12 av 17 kommunar i Sogn og Fjordane har talt tilgjengelege frivillige, er talet 462. Talet kjem til å stige så snart alle er ferdige med kartlegginga og har rapportert inn til staben i Sogn og Fjordane Røde Kors. 

Vil du støtte Røde Kors sin evne til å hjelpe i tida som kjem, kan du bli støttemedlem.

Eg vil bli støttemedlem!

Frivillige i Røde Kors har teieplikt og opplæring, og følgjer Røde Kors sine internasjonale prinsipp og retningslinjer for humanitær innsats.