Utdeling av varmeputer og posar med hygieneartiklar Vis bildetekst
Askvoll Røde Kors overrekker ti varmeposar og ti posar med hygieneartiklar til pårørande som må overnatte uplanlagt.

Varme gåver frå Askvoll Røde Kors

Denne veka fekk bebuarane på Askvoll omsorgssenter gåver som skal varme litt ekstra.

– Eit ivrig styre har målt, klypt, sett i knappenåler, nytta strykejern og sydd. Det har blitt flotte varmeposar med logo: «Askvoll Røde Kors – laga med omtanke og varme», seier leiar Vigdis Løberg i Askvoll Røde Kors.

Pose med varmeflaske

Det kan aldri bli for mykje varme og omsorg, var tanken, då styret vart tromma sama til sy-dugnaden på fellesstova. Ho takkar initiativtakar, alle hjelparar og heiagjengen. Dei hadde kjøpt inn ti varmeflasker og raudt, mjukt stoff. Så fekk dei med seg ein lokal sy-ekspert, Laila S. Kristiansen, som hjelpe til med å designe og sy logoen.

Støtt Røde Kors sitt arbeid der du bur - bli medlem!

Røde Kors tenkte også på dei pårørande under sy-økta si. Av og til må ein må dei dra inn i hui og hast for å følge eller støtte sine kjære. Og i Askvoll er det lange avstandar, øyer og fergjer, slik at det skjer at dei må overnatte. Dei som ikkje har rekt å pakke, kan no få ein Røde Kors-pose med hygieneartiklar.

Dugnadsgjengen

Løberg rosar spesielt gjengen i Askvoll Røde Kors Omsorg og samarbeidspartnarane Nærmiljøsentralen og Folkeakademiet, som bidreg til mykje god, sosial aktivitet for dei eldste i kommunen.