Mange motorsykler, en atv og noen skilt inne i en skog. Sola skinner gjennom trærne Vis bildetekst
I blendande solskinn og blant festglade motorsyklistar har hjelpekorpset ulike oppgåver. Her fraktar Ole Dag bagasje til følgjebilane.

Med bikarane i skogen

Når 1124 motorsyklistar samlar seg til Trollrally i ei vakker furulund i Fyresdal, blir 12 medlemer frå fire hjelpekorps i Telemark også gladeleg med som sanitetsvaktar.

Det rusar i motorar og latteren ljomar ut over Fyresvatnet. I eit telt ligg ein mann med beinet høgt. Han har tråkka over og har ein hoven fot, men venegjengen tar godt vare på han. Hjelpekorpsarane Merethe og Anita er på veg inn i teltet hans att. Dei har vore her inne allereie, men må berre sjekke korleis det står til med hevinga og justera litt på bandasjen.

- Dette ser jo bra ut, seier Merethe idet ho kjenner på det hovne området ved ankelen.

Så bandasjerer dei beinet igjen og seier at dei kjem innom han seinare på kvelden. Han får ein pils frå ein kompis og blir liggande og sjå seriar på mobilen. Utanfor teltet fortset festen.

220827 trollrally sanitetsvakt benskade 5 liten
Merethe og Anita sjekkar ein pasient som har vore uheldig og tråkka over

Glade bikarar

Trollrally blir arrangert den siste helga i august kvart år, og det er ein tradisjon med ei nesten 60 år gamal historie. Røde Kors har vore med som sanitetsvakt i rundt 20 år. Etter to år med pandemi, er festivalen endeleg i gong att og furulunden i Stykjavika i Fyresdal er full av telt, motorsyklar og glade bikarar.

Oppgåvene på ei sanitetsvakt varierer, men Røde Kors har stand ved inngangen til campområdet. Her brenn bålet heile døgnet og det er alltid nokon som er på standen. Mannskapet rullerer på vakt og det er ein sosial plass for gjengen i hjelpekorpset.

Denne gongen er det medlemer frå Fyresdal, Nissedal, Notodden og Tokke som er med på vakt og det er mange spanande historier som blir fortalt rundt bålet. Stadig kjem det nokon bortom for å slå av ein prat. Nokre treng eit plaster, andre vil kjøpe ved eller treng hjelp til å frakta bagasje til og frå campområdet med ATV’en.

Kvar time patruljerer korpsmedlemer området. Nokon har kanskje falle i fylla, andre finn ikkje vegen heim til teltet, medan andre berre vil ha ein liten prat.

En ATV kjører på en strand
Når ei ulykke skjer, er det viktig å halde hovudet kaldt og vere raskt på plass.

Ein betre versjon

Plutseleg er det ein som har skada seg på stranda og korpsmedlemene iler til for å hjelpe. Han har gjort nokre akrobatiske krumspring i sanda og falle feil. Ambulanse blir kalla på og den skada må ein tur på sjukehus i Arendal for å sjekke for brot. Hjelpekorpsmedlemane går til sceneområdet.

Snorre, ein ung hjelpekorpsar frå Nissedal, står allereie på sidan av scenen der Trollrally-bandet rockar til gamle og nye låtar.

- Eg blir ein betre versjon av meg sjølv når eg har på denne uniforma og eg får så mange hyggelege møte på Trollrally. Det er moro.

Etter nokre timar tonar musikken ut over Fyresvatn og mørkeret senkar seg. Litt etter litt blir det roleg i campen. Rundt bålet sit korpsmedlemane Jonas og Merethe og pratar lågmælt saman. Dei skal snart bytte vakt med Borgny og Hanne som har fått seg nokre timar på auget tidlegare på kvelden. Alle dei andre søv og om nokre timar startar ei ny dag. Da skal dei til med alkotesting før bikarane køyrer heimover.

Ein dame og ein man sit ved eit leirbål og smiler mot kamera
Kameratskap og godt samhald er berre nokre av grunnane til at Merethe og Jonas trivst i hjelpekorpset.

Fakta om hjelpekorpset

Telemark har 14 aktive hjelpekorps. Røde Kors Hjelpekorps er frivillig samfunnsberedskap i praksis. Korpsa er klare til å rykke ut med både redningsmateriell og personell viss ei større ulykke, krise eller katastrofe inntreff.
Primæroppgåvene til hjelpekorpset er å bistå nødetatane ved søk og redningsaksjonar i distrikta, men korpset deltek også på sanitetsvakter.

Bamble, Drangedal, Fyresdal, Bø og Sauherad, Hjartdal, Nissedal, Nome, Notodden, Porsgrunn, Rjukan og Tinn, Seljord, Skien, Tokke og Vinje og Haukeli har alle aktive hjelpekorps. I tillegg har Kragerø beredskapsgruppe, Bø og Sauherad og Skien har eigen Branngruppe og Bamble og Skien har eigen redningsdykkargruppe.

Så langt i år har hjelpekorpsa i vårt distrikt brukt over 9000 timer på sanitetsvakter på ulike arrangement i sitt lokaldistrikt.