To menn drar en pulk med en av de 16 som forulykket påsken 1967. Det blåser og sikten er svært dårlig Vis bildetekst
Leitemannskap i Jotunheimen påska 1967. Foto: Henrik Laurvik / NTB scanpix

50 år sidan ulukkespåska: Erling henta fire døde ungdommar ned frå fjellet

– Det var forferdeleg trist. Den tidlegare hjelpekorpsaren Erling Resvoll (82) gløymer aldri synet som møtte han i høgfjellet påska 1967. Dei dramatiske dagane sette fjellvett på dagsorden i Norge.

Tekst og foto: Sara Kornberg

- Det er noko heilt anna å gå i høgfjellet enn i Nordmarka. Kjem du over 1000 m.o.h. er vinden mykje sterkare. Ungdommane ante heller ikkje korleis dei skulle kle seg.

Erling Resvoll (82), tidlegare redningsmann

Mars 1967. Allereie før påskeferien startar, blir vêret dårleg. Likevel dreg om lag ein halv million påsketuristar til fjells denne påska.

Trossa åtvaringane

– Eg trur mange byungdommar drog til fjells denne påska fordi vêret var så fint året før. Ingen tenkte på at denne påska var ein månad tidlegare og difor prega av meir kulde og eit tøffare vêr, seier tidlegare hjelpekorpsar Erling Resvoll (82).

Påska 1967 er Erling frivillig i Lom og Bøverdalen Røde Kors. Han blir sendt ut for å prøve å redde fire ungdommar i fjellet, to kvinner og to menn. Trass i åtvaringar om dårleg vêr har dei lagt ut på tur frå Krossbu mot Leirvassbu. Turen går over Smørstabbreen, som ligg 2000 m.o.h. Også i godt vêr er det ein krevjande tur som tek sju timar.

- Det er noko heilt anna å gå i høgfjellet enn i Nordmarka. Kjem du over 1000 m.o.h. er vinden mykje sterkare. Ungdommane ante heller ikkje korleis dei skulle kle seg, fortel Erling. 

Resultatet blir dramatisk.  Vêret er så dårlig at hjelpekorpsarane når fram altfor seint. På første forsøk må dei gi tapt for snøstormen og snu. Andre gong dei forsøker, er det framleis sterk vind og snøfokk som det tek tid å kjempe seg gjennom. 

- Vi gjorde så godt vi kunne, sukkar Erling.

1
Erling har samla mange utklipp frå den skjebnesvangre påska. «Påskefjellet har hittil kostet 13 mennesker livet» står det på eitt av dei.

Stivfrosne ungdommar

Det er vanskeleg å gå, og dei ser ingenting, så dei må følgje telefonstolpane innover i fjellet. Då dei endeleg kjem fram,  er det dette som møter Erling på ein bre i Jotunheimen:

 – Dei låg to og to. Ikkje heilt i hop, men ganske nær kvarandre. Der inne på breen hadde dei ikkje ein sjanse mot kulda og vinden. Kroppane var stive som stokkar.

Litt lenger borte ligg nokre forlatne sekkar. Erling ser aldri i dei, men om dei inneheldt kart og kompass, ville det vore umulig å navigere. I så sterk vind får ein heller ikkje på seg ekstra tøy, sjølv om ein har hugsa å pakke det.

- Dei hadde ikkje kledd seg godt nok då dei gjekk ut, og då var det eigentleg allereie for seint, konstaterer Erling. - Eg hugsar framleis beina til ei av kvinnene. Sokkane var dratt ned og nikkersen opp, slik at leggane var heilt bare.

Erling og dei andre brukar åtte timar på å dra dei frosne kroppane på kjelkar til ei hjelpekorpshytte i nærleiken. Dei omkomne er Oslo-kameratane Helge Wickstrøm og Trond Syvertsen (17) og venninnene Gunvor Torum (27) og Ranveig Tønder (30). Før turen kjente dei ikkje kvarandre, men denne påska døyr dei saman på ein bre i Jotunheimen.

Og dei er ikkje dei einaste. Dødsbodskapa kjem også frå Hemsedal, Sognefjellet, Hardangervidda, Saltfjellet og Engerdal ved svenskegrensa. Til saman mistar 18 menneske livet denne påska, dei fleste som følge av nedkjøling.

Større respekt for fjellet i dag

Erling er den siste attlevande av hjelpekorsarane som var i aksjon det skjebnesvangre døgnet påska 1967. 50 år etter er det mange ting som har endra seg. Beredskapen er betre. Det same er kleda våre og utstyret. Med mobilen kan vi sjekke vêrmeldinga og gi beskjed om noko skulle skje oss. Folk flest kan Fjellvettreglane og har også ein mykje større respekt for fjellet, meiner Erling.

- Men det er klart at turistar som ikkje har tileigna seg den same kunnskapen er meir i faresona enn nordmenn. Det har vi sett fleire eksempel på det siste året.

Han legg vekt på at sjansen for at nye alvorlege ulukker i høgfjellet er der, om vêret er dårleg nok og påsketuristane uførebudde.

- Kjem du høgt nok til fjells i dårleg vêr kan det bli farleg for kven som helst. I sterk vind er det ingen redningshelikopter som kan lette for å redde deg. Men eg håper sjølvsagt at vi aldri får ei ny ulukkespåske igjen.

Fjellvettreglane blir til

"At tenåringene for alvor synes å ha oppdaget høyfjellet og drar ut på langturer, har i høy grad skapt behov for opplysninger om at fjellet kan være farlig", skreiv VG 22. mars 1967.

Etter ulukkespåska tek Norges Røde Kors og Den Norske Turistforening (DNT) initiativ til å jobbe med førebyggande tiltak mot ulukker i fjellet. Ordet “fjellsikring” blir ikkje lenger brukt – det gir mykje meir meining å appellere til folk sin ansvarsfølelse.

Grunnleggaren av Norges Høgfjellsskole, Nils Faarlund, tek til orde for å få folk til å velje «tur etter evne», og hausten 1967 blir kampanjen «Aksjon fjellvett» lansert. Som ein del av kampanjen blir "Dei ni fjellvettreglane", som har eksistert sidan 1952, revidert og relansert. Hjelpekorpsarane reiser rundt på skular i heile landet, viser ein nylig innspelt film om redningsarbeid og held foredrag om fjellvett. I fleire år etter ulukkespåska er Norge skåna for liknande ulukker.

Brosjyre normal
Brosjyre frå kampanjen.

Fjellvettreglane frå 1967 stod seg fram til 2016. Då såg Røde Kors og DNT igjen behovet for ei oppdatering for å sikre at dei i innhald og språk er relevante også for dagens generasjon turfolk. Ei oppdatering i tråd med endringane i norsk turkultur, kor fleire dreg på toppturar og enkelte undervurderer eller ikkje planlegg turen godt nok.

Reglane blir fornya av ei ekspertgruppe med medlemmar frå begge organisasjonane. Det viktige bodskapet frå ’67 er likevel framleis med: «Velkommen til fjells, men ta ansvaret selv.» 

Lær deg Fjellvettreglane

Andre kjelder: Aftenposten, VG, Kroglund og Valmot: Ute en vinternatt – Røde Kors Hjelpekorps i aksjon gjennom 75 år