Marita Berg på veg ned bratt bakke med ATV. Vis bildetekst
Marita Berg får utvida komfortsona si på ATV-kurs. Alle foto: Henning A. Hellebust.

På kant med ATV-en

ATV er eit viktig verktøy for å komme seg raskt ut til pasient i skog og mark. Men då må det øvast.

Ho står øverst på toppen av ein tjue meter lang skråning full av tuer, bregnar og blåbærlyng. Under salen buldrar eit femtitals hestekrefter. Fire grove knastedekk skal ta ho trygt ned. Ho trykker forsiktig inn gassen med høgre tommel. Venstrehanda slepper clutchen, forsiktig. Ho lirkar seg utfor.

– Når du sit på toppen før du set utfor, så kjenner du at pumpa slår. Du er i live, det er du. Så ser du at instruktørane gjer det, så kvifor i alle dagar skal ikkje eg gjere det? Så går det fint, du får ein klapp på skulda, så gjev du deg sjølv ein klapp på skuldra, og så gjev det ein kjempe-meistringskjensle og er dritgøy, seier Marita Berg frå Gaular Røde Kors Hjelpekorps.

Vi er på kvalifisert ATV-kurs i Stryn. Tolv deltakarar frå Sogn og Fjordane får lært, øvd og utfordra seg med fire- eller sekshjulingar i terrenget. Det er teori, om plassering av kroppen, fart, om å ha kontroll, om å velgje løype, rygge, køyre trygt. Men det er først og fremst øving i terrenget, gjerne gjennom å utfordre komfortsona, dei driv med denne helga.

Komfortsona til for å brytast

– Eg har knust komfortsona mi. Den gjekk eg ut av første halvtimen. Og det hjelper jo, eg torer meir, eg er allereie blitt betre, og eg har berre eit par timar i hendene på ein ATV, seier ho.

Mottek instruksjon
Det er tolv deltakarar på kvalifisert ATV-kurs i Stryn. Her følgjer dei med når instruktør gjev tilbakemeldingar.

Instruktørane kjem frå Snøfartsverket A/S, eit kompetansesenter for snø- og terrengkøyretøy med base på Voss. Dei heng tett på ute i terrenget, og følger opp den enkelte. Slik som når Berg slit med å klare å svinge oppover, når ho høyrer sidelengs i hellande terreng. Instruktør Arild Himle følgjer med, og kjem stadig med råd og tips om korleis ho ved hjelp av kroppen kan få doningen til å svinge.

– Vi har ein veldig god instruktør. Han såg at eg var usikker, men sa at «eg ser at eg du kan klare det, så det er berre å gjere det», seier ho.

Marita Berg.
Marita Berg kjenner seg tryggar som hjelpekorpsar med denne kompetansen.

Å køyre ATV handlar like mykje om plassering av tyngdepunkt på kroppen, korleis du står eller heng over køyretøyet, som styring, gass og brems. Du må bruke kroppen til å hjelpe køyretøyet dit du vil ha det. Du kjem ikkje langt om du vert sittande planta i salen. Og på grunn av tryggleik, skal kroppen alltid vere i overkant av køyretøyet. Dette må ein øve på, utfordre seg sjølv og komfortsona.

Eit støttande lagarbeid

– Vi er to jenter på kurs med lite erfaring. Dei andre er karar som har erfaring med ATV. Det har vore gull. Dei hjelper, støttar, kjem med gode ord, tips og råd om kva som er lurt å gjere. Vi bygger kvarandre gode. Det er jo Røde Kors – vi er eit team, seier ho.

Marita Berg og Kristian Steinseth.
Korpskollega Kristian B. Steinseth heng på for å stabilisere ATV-en.

Korpset til Berg har to deltakarar på kurset, noko som betyr at dei no vil kunne gjere betre nytte av køyretøyet som dei kjøpte i fjor. Den vil vere nyttig i redningsaksjonar, til dømes ved at dei kan komme seg fortare fram til pasient. Og den kan vere ein effektiv måte å transportere fleire ut i terrenget på, ved å køyre skytteltrafikk med mannskap. Det er klart dei kan bære sekkar på 30 kilo, men ein sparer mykje krefter om ATV-en kan ta med det tyngste utstyret.

Blir tryggare hjelpekorpsar

– Denne kompetansen gjer meg heilt klart til ein tryggare hjelpekorpsar. Ein føler at ein har meir å bidra med. Eg kan sette meg på ATV-en og køyre til og frå. Det er ein kjemperessurs for vårt korps, at vi er fleire som kan gjere det, seier ho.

ATV i buskaset
ATV betyr all terrain vehicle, og det er sant. Det kan ta seg fram i svært ulendt terreng.

Berg er trygg på at dette er viktig. At dei kan komme seg raskare ut til skadde personar, kan vere avgjerande. Spesielt om vinteren, når ATV-en er skodd med belte.

– Om vinteren kan det vere snakk om minuttar. I tung snø flyttar du deg ikkje fort uansett kor godt trena du er, men det gjer ATV-en. Så dette køyretøyet er kjemperessurs, avsluttar ho.