140601 Øyvind i Nepal-1600 Vis bildetekst
I april 2015 blir Nepal ramma av eit kraftig jordskjelv med styrke på 7,8. Over 7000 menneske mistar livet, og meir enn det dobbelte blir skadd. Øyvind (til høgre) blir sendt dit som del av eit feltsjukehus. Her saman med delegat Vincent Lifes. Foto: privat.

Delegat Øyvind Lyså: – Gjer ein forskjell også utanfor Noreg

Med vaffeljern i bagasjen og sommarfuglar i magen reiser hjelpekorpsar Øyvind Lyså ut som delegat for første gong. No oppfordrar han fleire i hjelpekorpset til å gjere det same.

– Det å starte i hjelpekorpset blei ein livsstil for meg. Til slutt var det altoppslukande, og Røde Kors har blitt min andre familie.  

Året er 2006, vi er i Trondheim, og Øyvind Lyså har akkurat gjennomført grunnkurset til hjelpekorpset. Av utdanning er han elektrikar, som hjelpekorpsar er han etter kvart med på det meste:

– Alt i frå sanitetsvakt på Lerkendal til beredskap ved lyngbrann på Frøya og mottak av evakuerte frå cruisebåten Viking Sky, fortel Øyvind.

Men no vil han vil bidra utover det han allereie gjer som frivillig i hjelpekorpset.

– Kombinasjonen av utdanninga mi som elektriker og erfaringa mi som hjelpekorpser gjorde meg attraktiv som delegat, fortel Øyvind.

Grønne aggregat
Øyvind er elektrikar av yrke. Som delegat i Nepal sørga han for at aggregata til feltsjukehuset leverte straum døgnet rundt og at telta var operative. Foto: Øyvind Lyså.

Mista veslesystera

I likskap med mange andre, har han opplevd ting i livet som har sett spor. Han meiner at det er ein fellesnemnar for mange frivillige han kjenner i Røde Kors:  

– Som 20-åring opplevde eg at systera mi på 15 år døydde brått og uventa av epilepsi. Det er ei livserfaring som gjer at eg har fått eit stort fokus på å hjelpe andre – eg får ikkje henne tilbake, men korleis kan eg gjere ein forskjell for andre? Slik trur eg det er for mange som er frivillige.

Øyvind Lyså, hjelpekorpser og delegat

I 2012 tek han kontakt med delegatkontoret til Røde Kors i Oslo. I 2014 får han tilbakemelding om at dei har behov for nokon med hans kompetanse som elektrikar.  

Etter å ha gjennomført eit teoretisk og praktisk delegatkurs, er han klar for å gjere ein forskjell også utanfor Norge. 

Rugekasser i Nepal 

I april 2015 blir Nepal ramma av eit kraftig jordskjelv med styrke på 7,8. Over 7000 menneske mistar livet, og meir enn det dobbelte blir skadd. Øyvind blir sendt dit som del av eit feltsjukehus.  

Portrett av mann
På sitt første oppdrag som delegat blir Øyvind sendt til Chautara i Nepal. Foto: privat.

– Eg var ein “førstereisegutt” og drog til Nepal med skrekkblanda fryd. Alt var nytt, framand og spanande. Det var så mange nye inntrykk at den første natta sov eg nesten ikkje og vakna tidleg neste morgon, lenge før fuglane, noko som er uvanleg for ei nattugle som meg, fortel Øyvind.  

Som del av eit team på 20-30 personar, får han føle på den gode kollegiale stemninga blant delegatane frå Norges Røde Kors.  

– Vi var verkeleg eit lag, og det var ein for alle, alle for ein. For eksempel då toalettsystemet gjekk tett, då deltok personell med alle profesjonar, både legar, vann- og sanitærteknikarar og sjukepleiarar.  

Hvite telt i Nepal
Feltsjukehuset i jordskjelramma Chautara i Nepal hadde 60 sengeplassar. Foto: Øyvind Lyså.

Sjølv om hans primæroppgåve som elektrikar er å sørge for at aggregata til feltsjukehuset leverer straum døgnet rundt og at telta er operative, må delegatane vere med på å handtere fleire ting. Det kan vere å bære bårer, tilpasse senger, hjelpe til med tekniske ting eller som nemnt å handtere kloakk.  

– Du må også vere ein god læremeister. Målet er jo at dei lokale skal kunne ta over drifta når vi trekker oss ut.  

I tillegg er det viktig å kunne improvisere.  

– I Nepal hadde vi ingen tilgang på kuvøser. Vi løyste det ved å lage våre eigne “rugekasser”. Vi brukte gamle isoporkasser som det blei sendt medisinar med. Vi kappa dei til og isolerte dei innvendig, og monterte ei lampe over så babyane skulle halde seg varme. 

Baby sover i kasse av isopor med lampe over
I mangel av kuvøser tok Øyvind i bruk lampar og gamle medisinkasser i isopor. Foto: Øyvind Lyså.

Han minnest at dersom det blei født barn i løpet av natta, var det ei ekstra god stemning på morgonmøtet til delegatane.

– Den godfølelsen hugsar eg den dag i dag.

Å leve med usikkerheit 

Øyvind er tydeleg på at det er mange sterke inntrykk når du reiser ut som delegat: 

– Og dei er eg absolutt ikkje upåverka av. Det kan vere å møte menneske som har sprunge til føtene blei øydelagt for å redde livet. Eller det å høyre gråten og fortvilinga til pårørande som har mista ein av sine i løpet av natta. Då handlar det om å prøve å takle det best mogleg, reint emosjonelt.

Mann fikser bein til barn på operasjonsstue
Øyvind reiser også til Bangladesh som delegat. Eit lite barn har blitt trampa på av ein elefant, og får hjelp med å korrigere delvis feilgrodde bein. Barnet fekk ingen varige plager etter behandlinga på feltsjukehuset. Foto: Øyvind Lyså.

I tillegg er det er også alltid ein viss risiko ved å reise, uforutsette ting kan skje. Når du er ute som delegat må du alltid vere klar til å evakuere, og ha ein bag som alltid er pakka.  

– Sånn sett kan det vere mest utfordrande for dei som sitter igjen heime og den usikkerheita dei må leve med.  

Han fortel at fordi mor hans allereie har mista to barn, og berre har han igjen, har han valt å ikkje reise på høgrisiko-oppdrag per i dag.  

– Alle oppdrag vil innebere ein viss risiko som du må ta ei vurdering på, gjerne i samråd med nærmaste familie. Uansett er det vanskeleg å vite kva som ventar rundt neste sving, om du er ute eller heime. Og har du ein god dialog med familien og dei nærmaste, så er det meste mogleg.  

Les også: Øyvind sin blogg frå Nepal 

– Ingenting å lure på 

Han understrekar at sjølv om du er godkjent som delegat, har du lov å takke nei til oppdrag. Når behovet melder seg, vil det gå ut ei melding frå CIM-systemet til alle aktuelle delegatar, kor du kan melde tilbake om du ønsker og har moglegheit til å dra ut.  

For eksempel har Øyvind også vore i Bangladesh, men bestemte seg for å takke nei til Sierra Leone. Reint praktisk er det viktig å førebu arbeidsgivar og få klarsignal derfrå til å reise.  

– Det kan kanskje vere lettare dersom du jobbar i helsevesenet enn i det private, trur Øyvind.  

Caps og navneskilt
Capsen og namneskiltet til Øyvind - eller Erwin. Foto: Øyvind Lyså.

Øyvind meiner at det ikkje er noko å lure på dersom du er interessert i å reise ut og har den kompetansen som trengst.  

– Spesielt med bakgrunn frå helsevesenet er du gjerne veldig attraktiv som delegat. Men det er krav om at du må ha tre års arbeidserfaring etter fullført utdanning før du kan reise.  

Les også: Slik jobber vi med nødhjelp og katastrofer

– Eg skal ut igjen 

For Øyvind har det vore veldig givande å vere delegat. Ein ting er det å gjere ein innsats for andre. I tillegg kjem det sosiale; nye kollegaer og vener for livet.  

– Når den offisielle arbeidsdagen er over, har vi gjerne eit måltid saman. Nokon har kanskje med seg ein gitar. Eit av dei beste minna mine, er då bursdagen min blei feira i Nepal med bursdagssong på åtte-ti forskjellige språk, smiler Øyvind.  

– I tillegg elskar eg vaflar, så eg har alltid med eige vaffeljern og steiker vaflar til dei andre.  

Kvinne og mann foran telt
Øyvind saman med kollega Kjersti Aass, som var vann- og sanitærdelegat i Nepal. Foto: privat.

Hausten 2021 flyttar Øyvind heimover til Harstad og blir med i Kvæfjord Røde Kors Hjelpekorps. Men han kjem til å reise ut igjen som delegat. For Øyvind er det faktisk ingen tvil:  

– Eg skal ut igjen. Spørsmålet er ikkje om, men når!