Det settes opp kurs for nye frivillige i september.

Besøkstjeneste i Bykle

Agder Røde Kors har saman med Brynjeprosjektet i Bykle og Bykle frivilligsentral etablert besøksteneste øvst i dalen hausten 2024.

For mange er einsemd eit stort og alvorleg problem. I Bykle som alle andre stader finst det menneske som ikkje har det nettverket me alle bør ha, og difor ikkje får dekka det sosiale behovet. Einsemd er eit samfunnsproblem, og i Bykle kommune ynskjer ein å gjere det ein kan for å motarbeide dette.

– Det er nettopp det me tar på alvor. Med litt innsats frå engasjerte menneske kan mange oppleve ein ny kvardag og eit meir innhaldsrikt liv, seier leiar i Brynjeprosjektet og inntil videre leder av Besøkstjenesten i Bykle, Vidar Mortensen.

Me har fått frivillige som har starta sitt arbeid, og det er plass for fleire. 

–  Røde Kors kursar og fylgjer opp nye besøksvener. På kurset får ein ei grundig orientering om kva det betyr å vere besøksven, og røynde frivillige fortel om korleis dei opplever oppgåvene, seier Mortensen.

Han er klar på at det skal vere råd å vere besøksven også om ein i utgangspunktet har det travelt i kvardagen.

– Me kan kome opp med ulike løysingar så ein kan få kabalen til å gå opp.  Ein kan gå på ei oppgåve som dette aleine, men også som par eller vener. Det viktigaste er at me får inn folk så me kan kome i gang med det viktige tilbodet, strekar Mortensen under.

Ønskjer fleire frivillige
For den som vil vite meir og melde seg interessert kontakt oss på e-post.