Vis bildetekst
40 år med besøksteneste i Samnanger
I år feirer Samnanger Røde Kors Omsorg 40 år. Bærebjelken desse åra har vore besøkstenesta, og det var besøkstenesta som stod i sentrum då frivillige samla seg til jubileumsmiddag.
I dag er det 11 frivillige aktive i Samnanger Røde Kors si besøksteneste. For dei 2600 innbyggjarane i Samnanger har dette vore ei trygg og viktig omsorgsteneste. Frå starten på 1980-talet var det aldersheimen som fekk mest besøk. Aktivitetane vart finansierte gjennom basarar, og to gonger i året vart det arrangert kakefest med spelemann og dans.
-Og dei som ikkje kunne dansa, gjorde det litt likevel, ler dei.
Nye behov – nye aktivitetar
I dag er det fleire heimebesøk, og dei som får besøk er ofte sjukare og meir demensramma. På dagsenteret får 10–11 pasientar besøk av rundt seks frivillige. Festar på dagsenteret samlar både pasientar og pårørande.
-Tidlegare var handlevogna ein del av besøka, men no er det musikk og fellesskap som står i fokus, fortel Svanhild Eikedal Lauvås, som er leiar for besøkstenesta i Samnanger.
På dei årelege bussturane kan 11 frivillige følgje med 40 eldre. Samnanger Røde Kors har ikkje berre hatt aktivitetar for eldre. Då kommunen starta busetjing av flyktningar frå Syria, stod frivillige klare med språktrening og turar. Dei unge mennene kallar framleis dei frivillige «Bestemor» når dei møtest. Då ukrainarar kom til bygda, vart det starta mat og prat kvar tysdag.
- Me har alltid hatt Røde Kors-mottoet i høgsetet, og har blitt flinke på både integrering og arbeid mot einsamheit. Me har følgt med i tida, seier Svanhild.
Livsglede for både frivillige og deltakarar
Ina-Bell, den yngste i gruppa, er ikkje i tvil om at det er verdt å bruke fritida på besøkstenesta.
-Eg jobbar i heimesjukepleia og såg at ikkje alle hadde familie rundt seg. Det er så fint å sjå kor glade dei blir, spesielt når det kjem musikk. Du spreier livsglede for andre og får sjølv livsglede og energi ut av det. Ein er glad når ein går heim etter eit besøk – ein har hatt det kjekt.