Storkurshelg 2025

Årets Storkurshelg vart arrangert på Voss 5.–9. juni, med hovudbasen på Voss Folkehøgskule, som tidlegare år. Det er no tradisjon at Hjelpekorpsa i Hordaland har si hovudkurshelg på Voss i pinsen.

Årets Storkurshelg vart arrangert på Voss 5.–9. juni, med hovudbasen på Voss Folkehøgskule, som tidlegare år. Det er no tradisjon at Hjelpekorpsa i Hordaland har si hovudkurshelg på Voss i pinsen.

I år vart fire kurs arrangert samtidig: VFØR, SMØR, LSOR og KATV. Dette kan høyrast gresk ut, men er forkortingar for kursa under.

  • Vidaregåande førstehjelp og sminke og markør er to kurs som samarbeider godt. Dei laga gode øvingar slik at deltakarane fekk testa førstehjelpskunnskapane dei nett hadde lært i teorien. Deltakarane på sminke- og markørkurset levde seg inn i rollene og spelte ulike skadar og tilstandar. Her var det mange gode skodespelartalent som fekk opp stressnivået til førstehjelparane, då skadar og tilstandar vart spela så realistisk at ein kunne lura på om det var verkeleg. Deltakarane vart nøye evaluerte av dyktige rettleiarar gjennom heile kurset.
  • LSOR fekk nye lagleiarar påfyll og øving i korleis dei skulle leia laget sitt i aksjon. I år var kurset ekstra spesielt, sidan eit nytt aksjonsstøtteverktøy vart teke i bruk. Laget måtte leiast gjennom ulike scenario på ein sikker og god måte. Det er stort behov for nye lagleiarar rundt om.
  • På det fjerde kurset fekk deltakarane trena på å køyra ATV i krevjande terreng, med og utan pasient i båre. Kursa vart koordinerte mot kvarandre, og under øvingane kunne det vera deltakarar i sving frå fleire kurs samtidig. Dette er ein av fordelane med å arrangera fleire kurs samstundes.

Alle kursa hadde eigen stab og rettleiarar. På vidaregåande førstehjelp bestod rettleiingsteamet av helsepersonell med lang bakgrunn frå Røde Kors.

Hordaland Røde Kors Hjelpekorps har lang tradisjon med Storkurshelg i pinsen, eller «Pinsekursa», som dei òg vert kalla. Eg er usikker på kor lenge Hjelpekorpsa har hatt denne tradisjonen, men eg trur det må vera over 40 år. Kursa har vore arrangert på mange ulike stader, slik som Espeland-leiren, Ulven-leir, Bømlo Folkehøgskule og Bømoen-leir. Dei siste sju åra har kursa vore haldne på Voss Folkehøgskule, der vi trivst godt og har blitt godt tekne imot. Undervisningsromma er passe store, og øvingsområdet er spennande og variert.

På Storkurshelga i år deltok frivillige frå Hordaland, Sogn og Fjordane, Troms, Innlandet og Rogaland. For å kunne gjennomføra gode kurs trengst det mange dyktige og erfarne rettleiarar. Desse er handplukka og kjem frå store delar av landet for å vera med oss på Voss i heile pinsehelga – og vel så det. Rettleiarane på vidaregåande førstehjelp var på plass alt onsdag.

Planlegginga av ei slik helg pågår nesten heile året, med statusmøte på Teams og grundig førebuing. Det er mange ting som må på plass, og vi er glade for å ha ein tilsett ressurs med i staben. På årets kurs var det 50 deltakarar og 35 personar i kurs- og rettleiingsstaben.

Takk til Voss Folkehøgskule for godt samarbeid!

KATV Runar Haugland Nordhordland RKH.jpg   LSOR Info avsluttande øving.jpg  Evakuering brannskadde.jpg   Hypotermiøving, under shelterduk.jpg 

VFØR Brannskade øving2.jpg   VFØR Øving Gressklipperulykke 2.jpg