ei hand som holder ei anna Vis bildetekst
Det er om nettene alt det tunge kjem. – Nøytralitet er viktig, men om den me vakar for har ønske om noko særskilt, les me sjølvsagt ei salme eller eit dikt. Foto: Ingeborg Øien Thorsland

– Det handlar om å vere eit medmenneske

Fire gongar dei siste åra har Lillian vore til stades når nokon har tatt sitt siste andedrag.

– Det er spesielt og ærefullt, og alltid ei god oppleving. Etterpå sit eg alltid igjen med ei uforklarleg ro, fortel ho.

For sju år sidan kom Lillian Nygård over ein annonse i lokalavisa. Den lokale Røde Kors-foreininga søkte etter frivillige som ville vere med å starte opp vaketeneste i kommunen. Lillian tok kontakt og meldte seg på vakekurs.

– Eg fekk liksom ikkje ro i meg før eg hadde meldt meg på. Det var noko eg berre måtte gjere, og eg har ikkje angra ein dag.

Lillian, frivillig i Våketjenesta
portrett av Lillian
Lillian Nygård har vært i Vaketjenesta i over 7 år. – Eg blir oppriktig lei meg kvar gong eg må takke nei til ei vakt fordi eg har lagt andre planar.

I dag har vaketenesta på Bømlo rundt 20 aktive vakarar som stiller opp når det er behov for dei. – Me er ganske stolte av at me har klart å stille opp på dei fleste førespurnadane me har fått. Jo mindre me har å gjere, jo betre. Men sjølv på vesle Bømlo er det bruk for oss, seier leiar Sissel T. Larsen.

Viktig å spreie kjennskap

Me møtest for ein prat i kafeen til Omsorgstunet, som oftast nyttar seg av tenesta. Både tilsette og besøkande nikkar og smiler blidt til dei to raudkledde damene i sofaen.

Sissel fortel at første gong Røde Kors stilte til vaketeneste på sjukeheimen fekk dei mange  spørjande blikk. – Dei visste nok ikkje heilt kva me skulle bidra med der, men heldigvis falt det fort på plass, fortel Sissel.

Og nettopp uklarheit rundt kva vaketenesta eigentleg er, er eit tema som ofte blir tatt opp når Sissel held kurs for andre foreiningar. Ho har erfart at det er viktig å spreie kjennskap om kva vaketenesta er for å unngå misforståingar – og ikkje minst ha tydeleg avklaring om konkrete oppgåver. Ei felles forståing er essensielt for eit godt samarbeid.

– Vi er klare på at vi som vakarar er på den pårørande si side – ikkje på personalsida. Vi skal vere til stades i mangel på, i påvente av, eller saman med pårørande.

Sissel T. Larsen, leiar i Våketjenesta til Bømlo Røde Kors
Sidsel
– Det føles ærefullt å vere til stades når nokon ligg på sitt siste, seier Sissel Larsen.

Blir satt stor pris på

Lillian vakte då ein slektning tok sitt siste andedrag. Familien trengte avlastning etter eit lengre sjukeleie. Tilfeldigvis var det Lillian som sat ved sida hans natta han døydde. Ho fortel at kona hans gråt av glede då ho høyrde at Lillian hadde vore til stades. – Det er alltid ei sterk oppleving, men denne natta var ekstra spesiell.

 Det er om nettene at vakarane trengst mest. Sjukepleiar Synnøve Nordtun jobbar som nattevakt og fortel om ein sårbar kommuneøkonomi som ikkje tillét ekstra ressursar. Både ho og dei andre nattevaktene set stor pris på vakarane frå Røde Kors.

– Om natta er færre på jobb og pårørande har kanskje vaka heile dagen og treng litt avlastning. Utan vaketenesta må folk ligge aleine.

Sjukepleiar Synnøve Nordtun
Synnøve
-Utan Vaketjenesta må folk ligge aleine, seier sjukepleier og nattevakt på Bømlo Omsorgstun, Synnøve Nordtun.

Ho roser det gode samarbeidet med Røde Kors. – Vakarane er både medverkande og veit rolla si. Det er magisk, rett og slett!

Å bli tatt imot av eit smilande personell gjer òg at vakarane føler seg verdsett.   – Det er godt å føle seg velkomen. Hadde eg kvidd meg for å gå på vakt hadde eg nok ikkje halde ut lenge, seier Lillian.

Korte vaktskifte

Å vere vaken ei heil natt er ei påkjenning for dei fleste. Vaketenesta har ei skiftordning på tre timar. Kortare skift senkar terskelen for å seie ja til ei vakt, samtidig som fleire slepp til.

Det er vanskeleg å føresjå når neste vakeoppdrag dukkar opp og kor lenge den varer. At det ikkje er faste forpliktingar gjer det enklare for fleire å bli med. Men vaketenesta er ikkje for alle.

– Du må ha ein indre driv. Det stikk djupt. Eg trur eg snakkar på vegne av alle når eg seier at det handlar om å vere eit medmenneske for folk i vanskelege situasjonar.

Sissel T. Larsen, leiar i Våketjenesta til Bømlo Røde Kors
nærbilde av hender som holder