Vis bildetekst
Banebrytande avtale skal sikre beredskapen
Ein ny formell avtale mellom Nordhordland Røde Kors og Alver kommune skal sikre innbyggjarane i Alver at Røde Kors stiller med sine ressursar ved kriser.
Ein ny formell avtale mellom Nordhordland Røde Kors og Alver kommune skal sikre innbyggjarane i Alver at Røde Kors stiller med sine ressursar ved kriser. Tilbake får lokallaget pengar og løfte om betre samhandling med kommunen.
Eit samla kommunestyre i Alver vedtok før jul å inngå samarbeidsavtale med Nordhordland Røde Kors, og i januar vart den underteikna. Avtalen skal sikre at Nordhordland Røde Kors kan stille med mannskap, utstyr, køyretøy og sambandsmateriell når kommunen ber om bistand. Kommunen på si side lovar betre samhandling og vil kvart år gje eit økonomisk bidrag som skal gå til vedlikehald og opplæring i lokallaget.
Lettare samarbeid
Hordaland Røde Kors har allereie samarbeidsavtalar med alle dei 25 kommunane og herada i distriktet. Den nye avtalen med Alver kommune inneber eit tettare og meir reelt samarbeid. Ikkje minst betyr avtalen at kommunen no skal gi eit fast årleg beløp slik at Nordhordland Røde Kors kan ivareta og vidareutvikle kompetansen sin.
– Me tek på alvor det som skjer i verda. Kommunestyret har her teke eit tøft val og ikkje minst er det sett pengar bak vedtaket. Denne avtalen gjev føreseielege rammer og klåre ansvarslinjer. No har alle eit offentleg dokument ein kan gå inn og sjå på, seier ordførar i Alver Nina Bognøy.
Avtalen er den første i sitt slag i Hordaland, og det vil framover bli gjort liknande avtalar med andre frivillige lag i Alver. Fleire nabo-kommunar vurderer liknande avtaler med sine lokale Røde Kors-lag.
– Eg må få skryte av Alver som tek ballen, og håper Austrheim, Modalen og andre nærkommunar kjem etter, seier korpsleiar i Nordhordland Silje Fanebust.
Effektiv samhandling
I 2025 la lokallaget ned 15 000 frivillige timar. Eit slikt aktivitetsnivå klarer ikkje kommunen å matche utan samarbeid med frivillige lag.
- I tillegg kjem alt utstyret Røde Kors har. Berre på utstyr og opplæring får me att ti-gangen av det me brukar på denne avtalen. Me får òg ein god relasjonsberedskap, der ein har nummer og personar lagra på mobilen. For ofte er ressursane avhengige av kven som kjenner kven, Ein skal ikkje undervurdere verdien av å ha eit namn og eit nummer på telefonen, seier Nina Bognøy.
Begge partar understrekar at Røde Kors skal ikkje overta kommunale tenester, men vere eit supplement for å sikre innbyggjarane i Alver ,og kanskje dei rundt. For kommunen ligg tett inntil Bergen og er den kommunen med flest fritidsbustader i Vestland. Dersom noko skjer i landets nest største by, må nabokommunen ha eit apparat som maktar å ta imot både friske og sjuke bergensarar.
– Avtalen med Røde Kors omfattar både Hjelpekorps og Omsorg. Dersom ein til dømes må opprette eit evakueringssenter, trengst det eit stort apparat bak. Det er ikkje alle som ser kor stor baksida av slike tiltak er. Det trengst mange frivillige med ulik kompetanse for å drive eit trygt samfunn, seier Ståle Hauge, ansvarleg for samfunnstryggleik og beredskap i Alver kommune.
Beredskap på alvor
Når kriser kjem, er kommunen spydspissen mot innbyggjarane. Mangel på samarbeidskanalar kan lage unødvendige hinder i pressa situasjonar. Nordhordland Røde Kors har til dømes ei rekkje snøscooterar til oppdrag i fjellet. For nokre år sidan kom det så mykje snø i Alver at heimesjukepleien ikkje kom fram til alle pasientar. Dei ønskte då å bruke Røde Kors og scooterane for å komme fram, men hjelpekorpset hadde ikkje løyve til å køyre snøscooter i det området og måtte sei nei. Slike og liknande løyver lovar ordføraren det ikkje skal ta lang tid å få på plass med samarbeidsavtale og tettare kontakt.
– Avtalen gjer at alle partar kjenner rammevilkåra om noko skjer. No kan me sette i gang tiltak utan å først måtte rekne på kva det vil koste. Avtalen inneheld alle slike ting. Om me må trykke på den store knappen, står ei rekkje Røde Kors- frivillige klare på ein time. Det er me ikkje rigga for å klare åleine. Med Røde Kors veit me kva kompetanse me får, seier ordførar Nina Bognøy