
Volda Røde Kors Loppemarknad
Velkomen til Volda sin stor-hending 2025!
Loppemarknaden er Volda Røde Kors sin årlege stor-dugnad der møblar, ting og tang seljast til inntekt for det viktige arbeidet organisasjonen gjer i samfunnet. Vi takker for bidraget ditt, enten du gjev ting til loppemarknaden og/eller du kjøper noko der.
Vi har innsamling av lopper følgande dagar: Onsdag 20., torsdag 21. og fredag 22. august. Alle dagar mellom kl. 1800-2100. Treng du hjelp til frakt kan du ringe 7007 6949 onsdag og torsdag mellom 1800-2100.
Loppemarknaden opnar laurdag 23. august kl. 1000. Auksjon kl. 1200. Marknaden stenger kl. 1500.
I tillegg til mange fine lopper har vi også ein kafe med kaffi, kaker og mykje anna godt!
Velkomen skal du vere!