Ei gruppe frivillige frå Georgia og Sogn og Fjordane Røde Kors Vis bildetekst
Internasjonalt utval på besøk hos hos Røde Kors si lokalforeining i Kutaisi. Foto: Jostein Vedvik

Samarbeid med Georgia Røde Kors

Sogn og Fjordane Røde Kors har eit samarbeid med seks lokalforeiningar i Røde Kors i Georgia.

Føremålet med samarbeidet, eller twinning-prosjektet, som det heiter på Røde Kors-språket, er å styrke Røde Kors lokalt, støtte konkret aktivitet og styrke internasjonal forståing og kunnskap hjå medlemmene - for begge partar.

Reisebrev frå tur til Georgia i 2024

Les reportasje frå reise til Georgia i 2019

Store sosiale behov

Georgia ligg i Europa, på grensa til Asia, 3000 kilometer søraust for oss. Du finn landet mellom Tyrkia og Russland ved austkysten av Svartehavet. I Nord ligg fjellkjeda Kaukasus, og landet grenser også til Azerbajdjan og Armenia. Landet har fem millionar innbyggarar, ein million bur i hovudstaden Tbilisi. Georgia sin natur har ein del fellestrekk med Norge, med mykje ville fjell og elver.

Der er sosiale utfordringar knytt til arbeidsløyse og fattigdom i Georgia. I følgje FN lever 21 prosent av befolkninga under den nasjonale fattigdomsgrensa

Kartet syner kvar i Georgia samarbeidslokalforeiningane våre ligg.
Vi samarbeidar med lokalforeiningane Kutaisi, Borjomi, Khulo, Batumi, Ozurgeti og Chokhatauri.

Satsar på Ungdommen

Frivillige og tilsette i Sogn og Fjordane Røde Kors har ved fleire høve besøkt Georgia for å lære om og av lokalforeiningane som vi samarbeider med der. Det har vore lagt opp til workshoppar der ein deler kunnskap om mellom anna førstehjelp og beredskap. Dei reisande har kom attende med ny innsikt. Einar Målsnes i Internasjonalt utval er ein av dei som har reist til Georgia med Sogn og Fjordane Røde Kors.

- Dei dreiv så veldig godt med ungdom og vi såg korleis dei jobba med besøksteneste. Ungdom som besøkte dei gamle, til stor glede for dei yngre og dei eldre. Det tok vi med oss heimatt og Førde tok tak i det og har drive med Besøksteneste Ung no i nokon år. Så der hadde vi noko å lære av dei, og det er det som er meininga med twinning-samarbeid, at vi skal lære av kvarandre, sa Einar Målsnes.

Tre flotte ungdommar spelar på instrument
Møter mellom ungdom i Georgia. Hege og Jostein er ungdomsrepresentantane frå Sogn og Fjordane. Foto: Jostein Vedvik

 

Frå Georgia til Lyngmo

Representantar frå Røde Kors i Sogn og Fjordane har besøkt Georgia fleire gongar, og hausten 2023 var det endeleg tid for at ungdommar frå seks ulike lokalforeiningar i Georgia Røde Kors fekk besøke Sogn og Fjordane. 

Ungdommane fekk delta på fylkestreff for unge på Lyngmo, der dei fekk møte fleire av dei ulike redningsaktørane i Noreg. Ungdommane fekk innblikk i korleis redningstenesta i Noreg fungerer, samstudens som dei fekk bli kjent med norske ungdommar. Les meir om besøket her. 

Hald deg oppdatert om samarbeidet i vår Facebook-gruppe!

Fakta om Georgia 

Geografi

Området Sogn og Fjordane Røde Kors vil samarbeide med, ligg sentralt i vestlege deler av landet. Naturen er kledd med bøk, eik og kastanje, og det veks bjørk i høgda. Det lever rådyr, hjort, bjørn og ulv i skogane.

Historie og politikk

Georgia var eit kongedøme frå år 327. Landet kom under Russland i 1801, men sa seg sjølvstendig i 1918. Sovjet tok kontroll i 1921, og landet sa seg på nytt sjølvstendig i 1991, og oppretta ein demokratisk republikk. Edvard Sjeverdnadse var første president. Han vart avsett i 2003, Mikheil Saakasjvili innsett som resultat av Roserevolusjonen. 

Landet har eit uttalt ønskje om EU- og Nato-medlemsskap. Det klatrar stadig på demokratiindeksen rangert av britiske Economist Intelligence unit, ei utvikling stadfesta av amerikanske Freedomhouse.org 

Befolkning

Det bur 80 prosent georgiarar i landet, 40 prosent bur på bygda, 60 prosent i by. Forventa levealder for menn er 72 år, for kvinner 81 år. Hovudreligionen er georgisk ortodoks kristen.

Økonomi

Landbruk står for 50 prosent av brutto nasjonalprodukt. Ein fjerdedel av arbeidsstyrken jobbar der. Store produksjonar er te, sitrus, vindruer, sukkerbete, tobakk. Vinmonopolet har fleire vinar frå Georgia på si liste. Innan industri er kol, petroleum, utvinning av mangan og vannkraft viktig.  Valutaen er lari (GEL). Ein lari er om lag 3,2 norske kroner (desember 2018).

Kultur

Mange vil kjenne Georgia frå deltaking i Eurovision Song Contest, til dømes med denne songen frå 2018.

BBC har laga ei oversikt over Georgia, med lenkjer til mellom anna engelskspråklege medier i landet.  

Her kan du lese tips om nyare georgiske forfattarar, og få eit innblikk i georgisk litteratur, slik ein forlagssjef i landet ser det.