Dame i Røde Kors-jakke leikar med barn

Lokale familiedagar

Lokale familiedagar er integreringsarrangement der fleirkulturelle barn og barnefamiliar har det kjekt saman med andre i lokalsamfunna sine.

Tilbodet skal vere til immigrantar i lokalmiljø, det vil seie både asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar med fleire. Det er og ynsjeleg at ein inviterar med norske barn og barnefamiliar for å skape godt mangfold.

Trekkspel og dans.
Underhaldning og dans bidreg til glede.

Lokalforeiningane arrangerer

Innhaldet i familiedagen kan variere frå stad til stad og frå år til år. Ein kan invitere til leikar og grilling, eller ein kan legge til rette for natursti eller førstehjelpsundervisning. Sogn og Fjordane Røde Kors oppmodar lokalforeiningar til å arrangere lokal aktivitetsdag for barn og barnefamiliar

Les artikkel frå Familiedag i Balestrand.

Søk om midlar

Kvar lokalforeining som ynskjer å gjennomføre ein aktivitetsdag for minimum 20 deltakarar kan søkje om å få ei grunnstøtte på kr 5000. Dersom omfanget vert større kan ein søkje om ytterlegare stønad.

Kvinner i Røde Kors klede serverar kake.
Anita Hjønnevåg i Balestrand Røde Kors byr på sjokoladekake. Servering er ein viktig del av familiedagane.

Arrangementet skal gjennomførast i tidsrommet april–desember, innanfor gjeldande smittevernreglar. Det er lokalforeiningar som kan søke om støtte. Frist for å melde interesse og søkje er 1. oktober. Dette gjer du ved å sende ein e-post til jon.langeland.thomsen@redcross.no med følgjande informasjon:

Søknad skal innehalde:

  • Namn på kontaktperson
  • Grovskissert plan for arrangementet
  • Grovbudsjett
  • Mål for tal deltakarar

Døme på innhald kan vere:

  • Grilling/annan mat
  • Fiske
  • Spel og leik
  • Tur i skog/fjell
  • Natursti/orientering
  • Kulturinnslag

Lokale ledd er ansvarlege for planlegging og gjennomføring av aktivitetsdagane. Sogn og Fjordane Røde Kors støtter opp om arrangementa gjennom hjelp til tilrettelegging og økonomisk stønad.