Omsorgssamling i Sogn og Fjordane Røde Kors

Omsorgssamling

Shabana Rehman, Bente Nilsen, Patricia S. Lægreid, Ludvik Slettehaug og Berit Arntsen har det til felles at dei kjem på Røde Kors omsorgssamling. Kjem du?

Fredag 27. og 28. januar 2017 samlast omsorgsfrivillige frå Røde Kors i heile fylket for å lære, utveksle erfaringar og knyte kontaktar på Skei hotell. Vi har følgjande høgdepunkt:

Torunn Lucassen 2015

Det aller mest gjevande vi har å by på, er deltakarane sjølve. Det å bli kjent med folk med same interesser, dele erfaringar og diskutere løysingar gjev vi inspirasjonsgaranti på. Ovanfor Torunn Lucassen under omsorgssamlinga i 2015.

Besøkstenesten

Besøkstenesta
Bente Nilsen (hovedbildet til venstre) er leiar for Røde Kors omsorg i Flora, og har bak seg fleire år som tilsett i Sogn og Fjordane Røde Kors. Ho skal snakke mest om framtidas behov for besøkstjenesten, og fortelle kva dei over 70 har svart på spørsmål om dei deltek i frivillig arbeid eller nyttar seg av aktivitetar og kulturtilbod, eller kva som hindrar dei som ikkje er aktive.Bente vil også ta føre seg samarbeidet med dei kommunale tenestene, og korleis ein når dei med størst behov.

Også Patricia Seglem Lægreid (øvste bildet i midten) frå Årdal Røde Kors kjem for å snakke om besøkstenesta. I Årdal har dei eit godt samarbeid med kommunen, og får stadig til nye arrangement og aktivitetar.  

DSC02009 (2)

Migrasjon
Ludvik Slettehaug er eit oppkome av idear. I Haust var han med å sette i gang ein aktivitet der flyktningar fekk komme saman med lokale kokkar og bakstefolk i Naustdal. Saman arrangerte dei eit test-etegilde, og ein festmiddag. Høyr korleis han og Naustdal har fått det til.

shabana

Shabana Rehman er kjent for humor og engasjement i norsk offentlegheit sidan 1990-talet. Anten det er som standup-komikar, spaltist, artist eller debattant, har Rehman eit bodskap og ei form det er verdt å lytte til. På omsorgssamlinga vil ho snakke om "Hjartets migrasjon".

Henning A. Hellebust 12-2016-II
Henning A. Hellebust er kurshaldar i ettersamtale. Han har mange år bak seg som tilsett på distriktskontoret, mellom anna som kommunikasjonsrådgjevar.

Synlegheit
Det å gjere seg synleg og tilgjengeleg for nye frivillige, nye brukarar eller nye samarbeidspartar er ein kunst i seg sjølv. Henning Hellebust (bildet), tilretteleggar for kommunikasjon på Distriktskontoret, vil lufte nokon idear og syne nokon døme som de kan ha nytte av i eige arbeid.

Etikk mm
Det er distriktsråd for Omsorg ved Berit Flæthe Arntsen (nummer to frå venstre i øvste bildet) i spissen som skal lose dykkk gjennom desse to dagane, i samarbeid med Anne Marit S. Rygg og Henriette Solheim på distriktskontoret. Etikk er noko av det dei vil ta opp.