Velkomen til leir på Nordfjord fritidssenter!

Vinterferie-leiren vert arrangert ved Nordfjord fritidssenter, 23 km frå Stryn i flotte naturomgjevnader 500 moh. IL Veten har sitt klubbhus og idrettsanlegg her så det er mykje å finne på.

Årets Vinterferie-leirar er 19.-22. februar og 23.-26. februar

Vangen-arena_bjørkelibakkane

Aktivitetar desse dagane

Skileik, skiteknikk, aking og bli kjent-leikar
Vinter OL i hoppbakkane - øvelsar med og utan ski
Lunsj på bål
Skitur til Sølvbergstøylen
Tur til Loen Skylift og opp til Hoven 1011moh. Her blir det aking og lunsj

Skiutstyr

Vi har tur-/skiutstyr, akebrett og kjelkar til utlån. Dei som har eige skiutstyr tek med det. Vi oppmodar alle, både foreldre og barn, til å gå på skiturane som er oppsett i programmet.

Ski på Nordfjord Feriesenter
Det er flotte skiløyper rundt Nordfjord Feriesenter

Overnatting

I hovudhuset har vi familierom, opphaldsrom og garderobar. I tillegg har vi eit anneks med enkle rom. Felles dusj og WC. Total overnattingskapasitet rundt 60 sengeplassar.

Rom, handkle og sengetøy:
Alle familiane bur på rom eller hytter og er utstyrt med dyner og puter.
NB!  Husk å ta med laken, putetrekk, dynetrekk eller sovepose og handkle. 

Mat og drikke

Maten vert servert i kantina på senteret. Det vert også servert mat og drikke utandørs på nokre aktivitetane.

Vertskap

Leirleiinga består av frivillige frå Røde Kors og aktivitørar ved Stryn Leirskule.

Anna praktisk info

Foreldra har sjølv ansvar for barna under opphaldet.

Det er nulltoleranse for bruk av rusmiddel, inklusiv alkohol. Det gjeld gjester, følgje og frivillige. Brot på denne regelen kan føre til bortvisning frå leiren.

Deltakarane må sjølv ordne med reiseforsikring. 

Pakkeliste

  • laken, putetrekk og dynetrekk, eller sovepose, laken og putetrekk
  • toalettsaker og handklede
  • inneklede og innesko
  • ullundertøy, ullsokkar
  • ullgensar eller fleecegensar
  • lue og vottar eller hanskar
  • vinterjakke og vinterbukse, eller kjeledress
  • tursekk og sitteunderlag
  • drikkeflaske
  • turski- utstyr (sko, ski, stavar). Røde Kors og Nordfjord Fritidssenter låner ut   skiutstyr til dei som har oppgjeve ynskje om det.

NB: Ta gjerne med ekstra sokkar, lue og vottar. Det er avgrensa mogelegheit for tørk av klede.