Alle skal få mogelegheit til å ta nokre dagar fri og ha det kjekt saman med andre. Velkomen til Ferie for alle i 2024!
I sommarferien og vinterferien arrangerer Sogn og Fjordane Røde Kors Ferie for alle. Røde Kors ynskjer at flest mogeleg barn skal oppleve å få den gode feriekjensla. Ferieleiarane er eit gratis tilbod til barnefamiliar som ikkje har ressursar til å reise på ferie eller har anna tilsvarande tilbod om ferie.
Vil du delta?
Familiar som ynskjer å vere med på Ferie for alle, må kontakte NAV, skulehelsetenesta, barnevernstenesta eller andre offentlege hjelpeinnstansar der dei bur.
Les meir om tilboda ved å trykke på plussteikna nedanfor. Meir informasjon til frivillige og til påmeldarar finn du lenger nede.
Tilboda våre:
Ferie er tid for å ha det moro! Om vinteren arrangerar vi ferieleir på Nordfjord Fritidssenter i Stryn. Ein får familierom, og et i felles kantine. Dei frivillige ferievertane våre legg til rette for alle mogelege slags artige utandørs vinteraktivitetar som skileik, aking, grilling og anna moro i snøen.
Årets Vinterferie-leirar er 18.-21. februar og 22.-25. februar
Det både skitur og skileik på Vinterleiren.
Vinterleiren er eit supplement til offentlege tiltak og vert arrangert i vinterferien. Familiane som deltek må ha minst eitt barn i alderen 6-13 år. Tilbodet er gratis - som inneber opphald med aktivitetar og tre overnattingar med heilpensjon.
Frivillig Simen Lysne:
"Å vere frivillig gjev meg også ei oppleving, på same måte som deltakarane. For meg er dette ferie og det er hyggeleg å bli kjent med deltakarane og dei andre frivillige".
Leiren er leia av frivillige frå Røde Kors, men foreldra har sjølv ansvar for borna sine under opphaldet. I tillegg har leirstaden eigne aktivitetsleiarar som sørger for eit variert program med skileik, måltid på bål, skitur og villmarksleir.
Informasjon om påmelding finn du lenger nede på nettsida.
Frist for påmelding til vinterleir er 10. januar.
Overnattinga på Ferie for alle er i internatet på UWC.
Sommarleiren vert arrangert på Hauglandsenteret i Fjaler. Der ligg Røde Kors Nordisk United World College (UWC) og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Her ligg alt til rette for ein aktiv ferie, med aktivitetar både på land og på fjorden.
På idylliske Haugland er det godt tilrettelagt for ulike vassaktivitetar, som padling, bading og fisking.
Aktiv ferie
"Ferie for alle" er ein aktiv leirferie, kor det meste føregår utandørs med varierte aktivitetar som fisking, bogeskyting, klatring, og i båt på fjorden. Fleire dagar er det dessutan innandørs bading i basseng. Målet med ferien er at heile familien skal få gode opplevingar i lag, oppleve meistring og fellesskap, og få nye vener.
Frivillig Hedda Andrine Skår Indrebø:
"Som frivillig får ein mogelegheit til gje noko til andre og bidra til ei god ferieoppleving. Ein ser at alle er glad og då føler ein at ein saman har oppnådd noko bra med denne veka".
Praktisk informasjon
Familiane bur i UWC sine internatbygg på Haugland i rom med opp til fem soveplassar og eige bad. Sengetøy og handklede følgjer med romma. Det er høve til å vaske klede. Frukost, lunsj og middag serverast i kantinebygget, og enkel kveldsmat vert tillaga av dei frivillige i aktivitetshuset.
Røde Kors ordnar med transport for dei som ikkje kan køyre sjølve.
Frivillige frå Røde Kors er med og bidreg til eit godt ferieopphald.
Foreldra har ansvar for barna sine.
Leiren er rusfri og gjestane må rette seg etter reglane på leirstaden.
Tildeling av plass føreset at familien er med alle dagane leiren varer.
Tal plassar avhengig av gjeldande smittevernreglar i juli.
Familien kan ikkje melde på seg sjølv. Ta kontakt med din kontaktperson i det lokale hjelpeapparatet og høyr om din familie fell under kriteria som er satt for å kunne delta. Det kan være til dømes NAV, barnevern, helsestasjon, flyktningetenesta. I så fall kan kontaktpersonen melde dykk på.
Bli frivillig på Ferie for alle
Som frivillig på våre ferietilbod er du engasjert i lag med andre med å legge til rette for ei god og etterlengta oppleving for våre feriefamiliar. Du er med på leik, aktivitetar, utflukter, festlegheiter - ja, det ein god ferie har å by på. Les meir under Informasjon til frivillige eller trykk på knappen under for å melde di interesse.
Frivillig Ireen Pemphere Mbuna:
" Eg trur berre det er i meg, å hjelpe. Eg elskar å hjelpe folk der eg kan. Viss eg gjer noko og ser eit menneske smile på grunn av noko eg har bidratt med, så kjenner eg ei lukke".
For Røde Kors er det viktig at heile familien reiser på ferie saman, for å dele gode opplevingar og å skape felles minner. For å kunne delta må minst eit barn i familien vere i alderen 6 til 13 år. Store delar av ferieleiren foregår utandørs uansett vêr og årstid. Både barn og vaksne er med på mange varierte aktiviteter som kanopadling, tubekøyring, symjing og fisking. På vinterleiren er det ski, aking, grilling og meir.
Frivillig Daniel Andreassen:
"Alle aktivitetane her er ting eg sjølv tykte var gøy å halde på med som barn. Det er kjekt å kunne gjere det same som vaksen, med ei større meining bak. Ein gir noko tilbake til familiane som deltek. Det gir meg noko."
Informasjon og påmelding
Kven kan vere frivillig?
Alle kan vere frivillig på "Ferie for alle". Din viktigaste eigenskap er ditt store hjarte, men vi treng alle typar frivillige med ulik kompetanse. Den aktive, omsorgspersonen, gledesspreiaren, den språkmektige, du som likar deg på sjøen, du som likar å lage mat, spele spel og drive med handarbeid, yngre og eldre. Vi treng ferietanter og ferieonklar, feriebesteforeldre, og ferievener. Du kan bidra med det du kan og trivast best med!
Dei frivillige er med på dei ulike aktivitetane, og hjelper den som er aktivitetsansvarleg og foreldre med det dei har behov for.
Praktisk i leirveka
Vi har 15-20 frivillige på kvar leir på Haugland, og om lag 5 frivillige på vinterleir. Dei frivillige møter på eige tidspunkt før leirstart. Ved oppmøte får dei omsyning på leirstaden, meir detaljert informasjon om leirveka og arbeidsoppgåver, verte betre kjend med dei andre frivillige og får førstehjelpsopplæring.
For kvart leiropphald er det utarbeidd ein beredskapsplan for uventa hendingar, og denne vert gjennomgått søndagen.
Dei frivillige overnattar på eigne rom.
På kvar leir er det ein leirsjef som har hovudansvar for alt som skjer på leiren. Leirsjef er næraste kontaktperson for alle dei frivillige. Elles er det faste møtepunkt, der ein fordeler oppgåver og elles tek føre seg det som har skjedd eller skal skje.
Frivillig Hedda Andrine Skår Indrebø:
"Med ein gong ein kjem inn døra første dagen, vert ein møtt av stor smil og praten går. Som frivillig på "Ferie for alle" er ein med verdas finaste gjeng. Vi er så ulike, men alikevel jobbar vi så ekstremt godt i lag".
Ynskjer til frivillige:
Du er over 18 år, men vi gjer unntak dersom ein er særleg eigna og/eller har god Røde Kors erfaring frå før.
Du er pliktoppfyllande
Du er leiken og trygg.
Du er hjelpsam og støttande.
Du er varm med eit stort hjarte.
Du er glad i å vere med andre og ein lagspelar.
Frivillig Ala Daoud:
"Eg vert så glad av å vere med ungane. Når dei vert glad vert eg glad."
Som frivillig får du:
God og gratis opplæring for å bli trygg i rolla som frivillig
Introduksjon til Røde Kors.
Førstehjelpskurs.
Temakurs oppvekst.
Sogn og Fjordane Røde Kors dekkjer alle utgifter for dei frivillige (reise, kost og losji)
Attest i etterkant av leiropphaldet.
Hjelp og oppfølging i for- og etterkant av leiren.
Jobbar du i hjelpeapparatet og kjenner til familiar som har behov for eit gratis ferietilbod grunna økonomiske utfordringar, kan du sende inn ein søknad på vegne av familien. Frist for påmelding til vinterleir er 10. januar.
For Røde Kors er det viktig å sikre at tilbodet blir gjeve til dei familiane som treng det mest. Det er vår oppfatning at hjelpeapparatet veit kva for familiar som har størst behov og kven som kan ha størst nytte av tilbodet.
Desse familiene kan delta på Ferie for alle
Har hatt økonomiske utfordringar i tre år eller meir
Har minst eit barn i barneskulealder
Har ikkje tilsvarande ferietilbod
Klarer seg sjølv utan behov for tett oppfølging frå våre frivillige
Slik sender du inn søknad
I søknadsskjemaet ber vi deg fylle inn ein del informasjon om familiemedlemmane. Informasjonen som vi spør etter er naudsynt for at vi skal kunne planlegge, gjennomføre og tilby gode ferieopphald.
Ha følgende klart når du skal fylle ut søknaden
Informasjon om familien (namn, alder og kjønn på familiemedlemmane og kontaktinformasjon: adresse, e-postadresse og telefonnummer)
Kva ferieopphold familien ynskjer å delta på
Om familiemedlemmane har behov for tilrettelegging grunna fysiske eller psykiske utfordringar. Dette er viktig for at vi skal kunne legge til rette så godt som mogeleg på opphaldet.
Har familien deltatt tidligare eller søkt og fått avslag
Samtykker familien til at Røde Kors tek kontakt dersom det skulle dukke opp andre relevante tilbod
Dette trenger vi din hjelp til underveis:
Sikre at familien har fått informasjon om tilbod/avslag, og at familiar som har fått plass får informasjon om opphaldet og praktisk informasjon før dei skal på tur
Har dialog med familien om naudsynt utstyr som trengs for å kunne delta på ferieoppholdet
Du kan bli kontakta av Røde Kors i tida før opphaldet dersom det er trong for ytterligare informasjon om familien.