Velkomen til Sommarferie for alle!
Har du fått plass på sommarleiren? Her er nærare informasjon om kva som ventar deg!
På leiren vert du tatt i mot av frivillige kledd i blå vestar og tilsette aktivitetsleiarar som alle har ansvar for programmet og at alle skal trivast og ha det bra under leir-opphaldet. Vi ser fram til fine dagar saman.
Reise til leiren
Leirstaden ligg vakkert til på Haugland ved Flekkefjorden i Sogn og Fjordane. Det er om lag 1 times køyretid frå Førde om Dale og vidare til Flekke. Adressa er Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke.
Familiar som ikkje har høve til å køyre sjølv får tilbod om gratis busstransport frå Førde til leirstaden. Avtal transportbehov med kontakten i kommunen der du bur.
Busetting
De skal bu i eit av internathusa på UWC. Kvart hus har sitt eige namn etter dei nordiske landa. Dei frivillige bur saman med dykk i internathusa og i Thor Heyerdahl House. Bruk dagen til å bli kjent på Haugland.
Program for oppmøtedagen:
13.00 – 14.30: Lunsj i kantina
16.00 – Velkomt og informasjon i Høegh-senteret – Ta med barna!
17.00 – 18.30: Middag i kantina
15.30 – 20.00: Aktivitetar i Høegh-senteret
20.00 – 21.00: Kveldsmat i Høegh-senteret
Alle familiar vert delt inn i grupper med faste frivilligkontakter som følgjer dykk heile opphaldet. Om det er noko du lurer på eller treng hjelp til, så er det berre å spørje dei eller nokon av dei andre frivillige.
Treng du å kome raskt i kontakt kan du ringe leirsjef på telefon 969 24 262.
Wifi/internett
Brukar: UWC-Guest
Passord: Flekke2020
Program og aktivitetar
Det er fleire ulike aktivitetar på dagtid som familiane skal få delta på i løpet av veka. Familiane vert delt inn i grupper og får utdelt farga armband som fortel kva aktivitet ein skal vere med på kvar dag, dette får du meir informasjon om når du kjem. Barna må ha med seg foreldra på aktivitetane. Om det vert vanskeleg, ta kontakt med din frivilligkontakt for å gjere avtale om tilpassing. Nokre ettermiddagar er det bading i basseng i tillegg til eigne aktivitetar for dei eldste barna. På kveldstid er det sosial aktivitet på Høegh-senteret.
Gje beskjed om nokon i familien ikkje kan delta i aktivitet.
Alle som vert hindra i å delta på oppsett program og aktivitet skal gje beskjed til frivillig-kontakten eller leirsjef for å unngå at resten av gruppa må vente på aktivitetsstart utan grunn. Dersom du eller nokon i familien må reise frå staden og vert borte i ein periode, må de varsle frivilligkontakten dykkar eller leirsjefen på førehand og informere om kva tid de skal vere tilbake.
Stilletid på leirstaden
Det skal vere stille på campus kvar kveld innan kl. 22.30, og alle familiar må trekke i hus kl. 22. Det er fleire gjester på området og det er viktig at alle respekterer når det skal vere roleg.
Vask og tørk av kle
Du kan vaske og tørke klede i «Onkel Toms hytte», det raude huset i buområdet. Der er også ekstra sengeklede og handklede.
Utsjekk
Når leiren er slutt, må gjestane rydde rommet og husa, ta av sengeklede og samle saman brukte handklede og legge det att på rommet. Alle gjestar skal vere ferdig utsjekka og levere nøkkel før lunsj fredag kl. 12.15-13.15. Buss heim går kl. 14.00.
Evaluering av opphaldet
Før avreise vil vi at de leverer evalueringsskjema med tilbakemelding på korleis de har hatt det under opphaldet. Evaluering er viktig for at vi kan vidareutvikle tilbodet og gjere leiren best mogleg.
Trygt leiropphald
Foreldra har sjølv ansvar for barna sine under opphaldet. Ver særleg forsiktig ved sjøen.
- Ingen må opphalde seg i eller ved vatn aleine eller utan tilsyn.
- All bading, aktivitet i vatnet og bruk av utstyr i sjø skal skje med badevakt og må avtalast med aktivitetsleiarar frå UWC eller frivillige.
- Ved bruk av båtar eller kanoar, skal aktivitetsleiarar frå UWC vere med.
Brann / brannalarm / evakuering
Gjer deg og familien kjent med området og kvar det er oppmøte ved evakuering. Ved brann/brannalarm eller evakuering må ein forlate romma sine og gå til oppgitt evakueringsmøtepunkt merka på kartet.
Vis varsemd ved lading av elektronisk utstyr og pass på å lade på harde flater og underlag som ikkje lett kan brenne.
NB! Onsdag på dagtid under aktivitetane skal det vere reinhald og brannrunde av alle husa, og det vert personell som får adgang til alle romma.
Rusfri leir
Ferieleiren er rusfri og det er nulltoleranse for bruk av rusmiddel, inklusiv alkohol. Røyking er tillate utandørs kun på tilvist plass.
Reglar for ein god ferie for alle
Vi ber om at alle gjer seg kjent med og fylgjer reglar som gjeld under opphaldet. Brot på reglar kan føre til utestenging frå aktivitet, erstatningsansvar eller heimreise.
- Vi skal behandle alle med respekt og gjere vårt for at opphaldet vert triveleg for alle.
- Vi har nulltoleranse for mobbing, rasisme og all bruk av alkohol og andre rusmiddel.
- Vi tar vare på utstyr og inventar, og hjelper til med å halde orden.
- Vi gjer oss kjent med og fylgjer vertsskapet sine retningslinjer, reglar og sikkerheitsrutinar.
- Vi aksepterer at vi ikkje kan ta bilete og video av andre og publisere på sosiale medium utan løyve.
Foreldre har ansvar for eigne barn under heile opphaldet og at dei også fylgjer reglane.
Program
Fullt program kjem.
Viktige telefonnummer
969 24 262
Skader
Skader og sjukdom skal meldast til dei frivillige.
Alle bygningar har førstehjelpsutstyr.
Fjaler legekontor: 57 73 81 80
Legevakt: 116 117
Brann: 110
Medisinsk naud: 113
I samarbeid med Røde Kors Nordisk UWC og
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter