Vil du bli frivillig på Ferie for alle?
Røde Kors treng fleire frivillige som vil gje familiar gode ferieopplevingar og minner!
Røde Kors ynskjer at flest mogeleg barn skal oppleve å få den gode feriekjensla. Ferieleiarane er eit gratis tilbod til barnefamiliar som ikkje har økonomi til å reise på ferie eller har anna tilsvarande tilbod om ferie. Ferie for alle vert arrangert i veke 27, 28 og 29.
Som frivillig på Ferie for alle kan du bli eit barns beste ferieminne. Saman med en god gjeng andre frivillige, kan du vere med på å skape innhaldsrike ferieopphald.
Bli frivillig! Meld di interesse her.
For alle
Du må ikkje vere frivillig i Røde Kors frå før. Vi treng fleire på laget, og alle nye frivillige får kurs og opplæring. Du treng ingen forkunnskapar, du vil få nødvendig oppfølging og støtte slik at du kjenner deg trygg i rolla som frivillig.
Meiningfullt
Du vil treffe engasjerte menneske i alle aldrar som nyttar tida si på å hjelpe andre. I tillegg til å bidra til ein god ferie for andre, ligg alt til rette for at du sjølv vil få ei minnerik veke. Saman gjev vi 200 barn ein uforgløymeleg ferie. Kanskje den mest meiningsfulle veka i året?
Dine oppgåver vil vere:
- å vere leirsjefen sin gode hjelpar og del av eit sterkt frivilliglag parat til å bidra
- å assistere instruktørane under organisert dagsprogram på land og til vanns
- å vere hovudkontakt for tildelte familiar
- å bidra med praktiske gjeremål som å hjelpe til med innsjekk, forklare, vise veg, halde orden og ro, ha kjøkkenvakt og organisere sosiale aktivitetar på kveldstid
- å sørge for trivsel og tryggleik, vere tilgjengeleg for ein god samtale, delta i leik og aktivitet, og støtte der det trengst med stort og smått som oppstår
Praktisk informasjon
Det er 15-20 frivillige på kvar leirveke på Haugland. Dei frivillige møter dagen før leirstart. Ved oppmøte vert det omsyning på leirstaden, detaljert informasjon om leirveka og om arbeidsoppgåvene. Ein vert betre kjend med dei andre frivillige og får førstehjelpsopplæring.
Dei frivillige overnattar på eigne rom. Reise, kost og losji er dekka av Røde Kors.
For kvart leiropphald er det utarbeidd ein beredskapsplan for uventa hendingar, og denne vert gjennomgått søndagen. På kvar leir er det ein leirsjef som har hovudansvar for alt som skjer på leiren. Leirsjef er næraste kontaktperson for alle dei frivillige. Elles er det faste møtepunkt, der ein fordeler oppgåver og tek føre seg det som har skjedd eller skal skje.
I 2024 vert det arrangert tre leiropphald. Du vel sjølv kva veke du ynskjer å bidra.
Veke 27: mandag 1.7. - fredag 5.7. 2024. Oppmøte søndag 30. juni
Veke 28: mandag 8.7. - fredag 12.7. 2024. Oppmøte søndag 7. juli
Veke 29: mandag 15.7 - fredag 19.7. 2024. Oppmøte søndag 14. juli
For å bli frivillig må du
- ha fylt 18 år.
- Levere politiattest.
- Gjennomføre opplæring.
- Underteikne og overhalde etikk- og teieplikterklæring.
Ynskjer du å vere frivillig på Ferie for alle? Fyll inn kontaktinformasjon i skjemaet. Du vert kontakta innan eit par veker og vil då få høve til å avgjere om dette er noko for deg.
Bli frivillig! Meld di interesse her.
Les meir om Ferie for alle her.
For spørsmål kontakt ansvarleg for Ferie for alle i Sogn og Fjordane, Siv Merethe Hatlem.
- Siv Merethe Hatlem
- Tilretteleggar for barn og unge. Jobbar med Ferie for alle, Barnas Røde Kors, og distriktsråd ung.
- E-post
- siv.hatlem@redcross.no
- Mobil
- 906 65 433