
Samarbeid med Georgia
Viss du er av dei som drøymer om å gjere ein innsats for Røde Kors ute i verda, kan det by seg eit høve med Røde Kors. Sogn og Fjordane Røde Kors har eit samarbeid med Røde Kors i Georgia.
Våren 2018 avslutta vi samarbeidet med Brčko Røde Kors i Bosnia Herzegovina, og no er Sogn og Fjordane Røde Kors i gong med eit samarbeid eit nytt land: Georgia.
– Det vert eit veldig spennande og heilt nytt samarbeid, seier Anne Brit Sande, som er leiar i Internasjonalt utval, som har ansvaret for å få eit nytt prosjekt på plass.

Hausten 2018 vurderte utvalet fleire land ut frå sosiale behov som arbeidsløyse og fattigdom, demografi og geografi. Like viktig har det vore å vurdere mogelegheit for gjensidigheit, altså at begge partar får noko att for samarbeidet. Landet er også anbefalt å samarbeide med av Norges Røde Kors si internasjonale avdeling.
Etter å ha landa på Georgia, drog ein delegasjon på åtte personar frå Sogn og Fjordane Røde Kors på ei rundreise til seks lokalforeiningar for å sjå kva ein konkret kan samarbeide om. Den 31. mars 2019 vedtok årsmøtet i Sogn og Fjordane Røde Kors å gå vidare med Georgia.
Les reportasje frå reisa til Georgia!

Hald deg oppdatert om samarbeidet i vår Facebook-gruppe!
Georgia ligg i Europa, på grensa til Asia, 3000 kilometer søraust for oss. Du finn landet mellom Tyrkia og Russland ved austkysten av Svartehavet. I Nord ligg fjellkjeda Kaukasus, og landet grenser også til Azerbajdjan og Armenia. Landet har fem millionar innbyggarar, ein million bur i hovudstaden Tbilisi.
Store sosiale behov
Georgia har ein del fellestrekk med Norge, med mykje ville fjell og elver, noko som er relevant for hjelpekorpsarbeid. På det sosiale området er det andre utfordringar. Ifølgje FN, er til dømes arbeidsløysa hjå unge på rundt 30 prosent og fire prosent av innbyggarane lever i ekstrem fattigdom. Sju prosent er underernærte.

Føremålet med samarbeidet, eller twinning-prosjektet, som det heiter på Røde Kors-språket, er å styrke Røde Kors lokalt, støtte konkret aktivitet og styrke internasjonal forståing og kunnskap hjå medlemmene - for begge partar.
For deg som vil vere til nytte
– Som Røde Korsar ønskjer ein å vere til nytte, gjere ein innsats. Ein er med på dette fordi ein ser behov, og har gjerne ferdigheiter og kompetanse som kan vere bidrag til arbeidet. Mi oppmoding er at andre som har eit slikt ønske, som tenkjer at internasjonalt arbeid er spennande, no har høve til å stå fram og melde seg til innsats, seier Sande.
Oppgåvene i eit slikt prosjekt kan til dømes vere å reise til Georgia som instruktør, eller for å lære av Georgisk Røde Kors. Det kan vere å ta imot besøk frå Georgia her, og syne dei korleis vi løyser våre utfordringar. Du kan halde deg oppdatert i denne facebook-gruppa og eventuelt melde di interesse gjennom din lokalforeining.
Litt meir fakta om Georgia
Geografi
Området Sogn og Fjordane Røde Kors vil samarbeide med, ligg sentralt i vestlege deler av landet. Naturen er kledd med bøk, eik og kastanje, og det veks bjørk i høgda. Det lever rådyr, hjort, bjørn og ulv i skogane.
Historie og politikk
Georgia var eit kongedøme frå år 327. Landet kom under Russland i 1801, men sa seg sjølvstendig i 1918. Sovjet tok kontroll i 1921, og landet sa seg på nytt sjølvstendig i 1991, og oppretta ein demokratisk republikk. Edvard Sjeverdnadse var første president. Han vart avsett i 2003, Mikheil Saakasjvili innsett som resultat av Roserevolusjonen.
Landet har eit uttalt ønskje om EU- og Nato-medlemsskap. Det klatrar stadig på demokratiindeksen rangert av britiske Economist Intelligence unit, ei utvikling stadfesta av amerikanske Freedomhouse.org.
Befolkning
Det bur 80 prosent georgiarar i landet, 40 prosent bur på bygda, 60 prosent i by. Forventa levealder for menn er 72 år, for kvinner 81 år. Hovudreligionen er georgisk ortodoks kristen.
Ifølge FN si oversikt over migrasjon, er bur om lag 838.000 georgiarar utanfor Georgia, halvparten av desse i Russland, 338 i Norge og fire i Sogn og Fjordane ifølgje Imdi.
Økonomi
Landbruk står for 50 prosent av brutto nasjonalprodukt. Ein fjerdedel av arbeidsstyrken jobbar der. Store produksjonar er te, sitrus, vindruer, sukkerbete, tobakk. Vinmonopolet har fleire vinar frå Georgia på si liste. Innan industri er kol, petroleum, utvinning av mangan og vannkraft viktig. Valutaen er lari (GEL). Ein lari er om lag 3,2 norske kroner (desember 2018).
Kultur
Mange vil kjenne Georgia frå deltaking i Eurovision Song Contest, til dømes med denne songen frå 2018.
BBC har laga ei oversikt over Georgia, med lenkjer til mellom anna engelskspråklege medier i landet.
Her kan du lese tips om nyare georgiske forfattarar, og få eit innblikk i georgisk litteratur, slik ein forlagssjef i landet ser det.