Dukka Henry vinkar

Henry-turnéen - Førstehjelp for barn

No kan barnehagar og skular få besøk av Henry for å lære om førstehjelp.

Henry-turnéen - Førstehjelp for barn er eit pedagogisk læringsopplegg for barn i barnehage og småskulen (1.-3. kl.)

Trykk her for å besøk av Henry! 

Sjølv små barn kan redde liv! Læringsopplegget og dukka Henry har som mål å bidra til å auke barn si kjennskap til og interesse for førstehjelp. Vi ynskjer at barn skal vere forberedt på ein situasjon ved at vi skapar ein trygg og kontrollert plass å lære førstehjelp.

Idéen om at dei yngste barna kan ta ansvar, syne omsorg og hente hjelp er ein viktig del av Henry-opplegget. Det skal kjennast trygt å hjelpe andre. Gjennom dukka Henry og dei 10 uhella han utsettast for, lærer barn korleis dei kan hjelpe gjennom 3 enkle steg:

  1. Spørje kva som har skjedd
  2. Hente ein vaksen/Ringe 1-1-3
  3. Hjelpe (Saman med ein vaksen)

Les meir om Henry sitt opplegg for førstehjelpsopplæring.

Henry er på turné i veke 50, 51, 1, 2, 4, 5, 6 og 7. 

Henry-turnéen er eit samarbeid med sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Førde. Saman med Henry kjem to studentar som gjennomfører sin studentpraksis.

Lengda på opplegget er fleksibelt og de kan avtale med studentane korleis de ynskjer å gjennomføre besøket.

For spørsmål kontakt Margrethe Skåden.

220304_LSN_Margrethe Skåden
Margrethe Skåden
Tiletteleggar for opplæring og oppfølging av frivillige
E-post
margrethe.skaden@redcross.no
Mobil
48120586

 

Trykk her for å få besøk av Henry!