Gruppearbeid om mobbing

Stopp valden

Stopp volden er eit program i Røde Kors mot vald og mobbing.

Hovudmålsettinga til Stopp valden er å utvikle gode tiltak og løysingar som set lokalforeiningane i stand til å drive haldningsskapande arbeid og å utføre aktivitetar som få folk til å ta avstand frå vald og mobbing

Les reportasje frå eit skulebesøk!

Forpliktande logo

Kvart år får russ og anna undom eit informasjonsprogram saman med ei t-skjorte, buff, armband eller liknande med Stopp volden-logo. Logoen er eit symbol på at ein tek avstand frå val, mobbing og rasisme. 

Historikk

Stopp volden-idéen blei til etter at 17 år gamle Andreas Stavseth blei skoten på gata i Oslo 4. mars 1995. Venene til guten arrangerte eit fakkeltog for å markere avsky. Samstundes sette media fokus på vald og valdsoffer. Stopp Vald logoen er ei opa handflate (i motsetnad til ein knytt neve), og er etter kvart eit kraftfullt symbol for Norges Røde Kors sitt arbeid mot vald, mobbing, rasisme og framandfryk.